Statens vegvesen

Slutt på nattarbeid Åsbrekkegjelet-Skromle bru

Del

Vegvesenet er etter planen ferdige med nattarbeid ved E16 Kvarmakløvet i denne omgang.

Det er etter planen slutt på nattarbeid ved E16 Kvarmakløvet i Voss herad i denne omgang. Kart: Statens vegvesen
Det er etter planen slutt på nattarbeid ved E16 Kvarmakløvet i Voss herad i denne omgang. Kart: Statens vegvesen

Frå komande veke vert det i staden stengd 19.00-20.00 mån-, tys- og onsdagar, og 12.45-13.45.  (Unnataket er fyrstkomande måndag, som er 2. pinsedag, og då er det arbeidsfri på prosjektet).

– Stengingane skjer i samband at me sprengjer vekk fjell. Dette er naudsynt for å kunna breiddeutvida vegen før me startar med forsterka midtoppmerking (gul midtstripe og kvit kantstripe), seier byggjeleiar Vegard Klette i Statens vegvesen.

– Kan bli endringar med kort varsel, så fylg med

Som understrekar:

– Dersom dei geologiske forholda tilseier at me treng meir enn den planlagde timen med stenging, for å kunna halda oppe trygg passering, vil me raskt gå over å arbeida natt igjen. Ver derfor merksam på at dette kan skje med relativ kort varsling.

Me oppmodar difor som alltid alle trafikantar før dei skal ut og køyra til å sjekka 175.no eller appen Vegvesen trafikk. Her får ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om tilhøva på riks- og europavegane. Det har aldri vore fleire moglegheiter enn i dag til å halda seg informert om tilhøva på vegane, legg han til.

– Du øydelegg for alle med å køyra på raudt ljos

Det er ingen lokale omkøyringsalternativ når vegen er stengd. Farten på strekninga er redusert til 70 km/t der det ikkje går aktivitet føre seg. I  anleggsområda der det er aktivitet, vil farten vera 50 km/t.

Delar av strekninga vil vera regulert med trafikkstyrte ljos, noko som gjev den mest optimale  avviklinga av trafikken. Utover dette kan det i periodar bli kortare stengingar inntil 15 minutt.

Statens vegvesen har forståing for alle kan verta utolmodige på grunn av venting, men trafikkreguleringa handlar om noko som er mykje større enn det: Nemleg alle sin tryggleik. Og viss du tenkjer på å ta ein aldri så liten snarveg, øydelegg du både for deg sjølv og andre, understrekar Klette til slutt:

– Det er viktig at alle køyrande respekterer trafikkljosa. Viss du køyrer på raudt ljos «for å ta att» bilen framføre, blir det endra intervall for ljosreguleringa, noko som igjen tyder ei mindre smidig  avvikling av trafikken. Vis omsyn, slik at det ikkje blir uhell eller skadar. Det er i alle si interesse at vi unngår det.

Nøkkelord

Kontakter

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye