Slutt på nattarbeid Åsbrekkegjelet-Skromle bru
Vegvesenet er etter planen ferdige med nattarbeid ved E16 Kvarmakløvet i denne omgang.

Frå komande veke vert det i staden stengd 19.00-20.00 mån-, tys- og onsdagar, og 12.45-13.45. (Unnataket er fyrstkomande måndag, som er 2. pinsedag, og då er det arbeidsfri på prosjektet).
– Stengingane skjer i samband at me sprengjer vekk fjell. Dette er naudsynt for å kunna breiddeutvida vegen før me startar med forsterka midtoppmerking (gul midtstripe og kvit kantstripe), seier byggjeleiar Vegard Klette i Statens vegvesen.
– Kan bli endringar med kort varsel, så fylg med
Som understrekar:
– Dersom dei geologiske forholda tilseier at me treng meir enn den planlagde timen med stenging, for å kunna halda oppe trygg passering, vil me raskt gå over å arbeida natt igjen. Ver derfor merksam på at dette kan skje med relativ kort varsling.
Me oppmodar difor som alltid alle trafikantar før dei skal ut og køyra til å sjekka 175.no eller appen Vegvesen trafikk. Her får ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om tilhøva på riks- og europavegane. Det har aldri vore fleire moglegheiter enn i dag til å halda seg informert om tilhøva på vegane, legg han til.
– Du øydelegg for alle med å køyra på raudt ljos
Det er ingen lokale omkøyringsalternativ når vegen er stengd. Farten på strekninga er redusert til 70 km/t der det ikkje går aktivitet føre seg. I anleggsområda der det er aktivitet, vil farten vera 50 km/t.
Delar av strekninga vil vera regulert med trafikkstyrte ljos, noko som gjev den mest optimale avviklinga av trafikken. Utover dette kan det i periodar bli kortare stengingar inntil 15 minutt.
Statens vegvesen har forståing for alle kan verta utolmodige på grunn av venting, men trafikkreguleringa handlar om noko som er mykje større enn det: Nemleg alle sin tryggleik. Og viss du tenkjer på å ta ein aldri så liten snarveg, øydelegg du både for deg sjølv og andre, understrekar Klette til slutt:
– Det er viktig at alle køyrande respekterer trafikkljosa. Viss du køyrer på raudt ljos «for å ta att» bilen framføre, blir det endra intervall for ljosreguleringa, noko som igjen tyder ei mindre smidig avvikling av trafikken. Vis omsyn, slik at det ikkje blir uhell eller skadar. Det er i alle si interesse at vi unngår det.
Nøkkelord
Kontakter
Vegard KletteByggjeleiar Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:982 59 563vegard.klette@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Fortsatt krevende på veiene i nord27.12.2025 14:24:23 CET | Pressemelding
De kraftige vindkastene i Nordland og Troms har fått konsekvenser for trafikken. Statens vegvesen ber trafikantene være særlig oppmerksomme på trær i veien og mørke tunneler.
Advarer om at kraftig vind vil gi stengte veier26.12.2025 14:19:54 CET | Pressemelding
Oransje farevarsler om kraftig vind. – Sørg for å holde deg oppdatert om forholdene hvis du skal ut og reise, melder Statens vegvesen.
2. juledag blir den store reisedagen26.12.2025 07:01:45 CET | Pressemelding
Andre juledag blir romjulens store reisedag, men været legger føringer for nordmenns reiseplaner i julen. Spesielt er vi redde for glatte veier, viser undersøkelse.
Flyplasskrysset er utlyst23.12.2025 13:56:14 CET | Pressemelding
Vegvesenet har åpnet anbudskonkurransen for nytt trafikksikkert og effektivt kryss på E10 ved Harstad/Narvik lufthavn Evenes.
Julaften: Glatte veier i nord – kjør forsiktig!23.12.2025 13:10:09 CET | Pressemelding
Det er meldt mildvær, mye regn og glatte veier i deler av Nordland, Troms og Finnmark julaften og 1. juledag. Regnet kan fryse på bakken og gi svært glatte veier disse juledagene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom