Moelven

Ørjan Kalsaas går til ny jobb utanfor Moelven

Del

Ørjan Kalsaas har sagt opp stillinga si som adm. dir. ved Moelven Granvin Bruk AS. Han går til ein ny jobb utanfor Moelven.

Ørjan Kalsaas går til ny jobb utanfor Moelven
Ørjan Kalsaas går til ny jobb utanfor Moelven Foto: Moelven

- Vi vil takke Ørjan Kalsaas for ein lang og innhaldsrik periode som leiar ved Moelven Granvin Bruk AS. Han har styrt selskapet godt sidan han tok over i 2016, og vi kan ikkje anna enn å ha respekt for at han no ønskjer nye utfordringar utanfor Moelven, seier Lars Storslett, divisjonssjef i Moelven Wood og styreleiar i Moelven Granvin Bruk AS. 

Kalsaas vil halde fram som adm. dir. ut november i år, før han deretter startar i ny jobb. Styret startar no prosessen med å finne ny leiar for bruket.

- Dette har vore ei avgjerd som eg har måtte tenkje mykje over, og det er med tungt hjarte eg har valt å seie opp ein så spennande og givande jobb. Det er stas å få leie ei så aktiv gjeng med dyktige medarbeidarar som vi har her på Granvin, og eg kjem til å sakne både folka og sjølvsagt det å jobbe i verdas beste duft; eit sagbruk ved fjorden. Men etter snart ni år i same rolle var eg klar for eit nytt spor i karrieren min, seier Ørjan Kalsaas, adm.dir. ved Moelven Granvin Bruk AS.

Fakta om Moelven Granvin Bruk AS: 

  • Moelven Granvin Bruk AS har 35 medarbeidarar og produserer trelast av gran. Dei bearbeider om lag 90.000 kubikkmeter tømmer kvart år. Produkta inkluderer standarddimensjonar som blir brukt til konstruksjon og emballasje.
  • Anlegget har eit internt høvleri og eit grunningsanlegg for grunning av kledning. Mykje av dei høvla produkta blir selt på den norske marknaden gjennom Moelven Wood AS. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Ørjan Kalsaas går til ny jobb utanfor Moelven
Ørjan Kalsaas går til ny jobb utanfor Moelven
Foto: Moelven
Last ned bilde

Om oss

Moelven Industrier ASA er et skandinavisk industrikonsern som produserer og leverer bærekraftige produkter og løsninger til byggebransjen. Konsernet hadde en omsetning i 2024 på rundt NOK 12,9 milliarder, og har ca. 3200 medarbeidere. Moelvens 34 produksjonsselskaper er fordelt på 40 lokasjoner i Norge og Sverige, og er organisert i tre divisjoner: Timber, Wood og Byggsystemer.

Følg pressemeldinger fra Moelven

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Moelven på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Moelven

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye