Amedia

Hordaland

Del

Øystein Silde Frønsdal (29) er tilsett som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i avisa Hordaland på Voss. Han kjem frå avisa Firda, der han har vore konstituert i ei tilsvarande rolle sidan mars.

– Hordaland har ein sterk posisjon i eit spennande dekningsområde. Det bør vere eit godt utgangspunkt for å halde fram med å lage ei knakande god avis, seier Øystein Silde Frønsdal som tek over som ny leiar i avisa.
– Hordaland har ein sterk posisjon i eit spennande dekningsområde. Det bør vere eit godt utgangspunkt for å halde fram med å lage ei knakande god avis, seier Øystein Silde Frønsdal som tek over som ny leiar i avisa. Foto: Roy Sunde, Firda

– Å forlate Firda og Førde er ikkje noko eg gjer med lett hjarte, men det ville rett og slett blitt for dumt å la denne moglegheita gå forbi. Eg er heilt sikker på at dette er ein god match, og gler meg veldig til å ta fatt på jobben, seier Frønsdal.

Øystein Silde Frønsdal har brei redaksjonell erfaring, mellom anna som journalist, nyheitsredaktør og konstituert ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Firda, der han begynte i 2021. Han har også bakgrunn frå Nynorsk Avissenter i Førde og avisa Grannar i Etne.

– Hordaland har ein sterk posisjon i eit spennande dekningsområde. Det bør vere eit godt utgangspunkt for å halde fram med å lage ei knakande god avis. Eg har høyrt mykje bra om Voss, dei som bur der og gjengen i Hordaland, så eg ser verkeleg fram til å bli endå betre kjend med både staden og folka.

– Øystein har vist seg som ein tydeleg, digitalt sterk og omstillingsdyktig leiar med stor læringsvilje og eit sterkt redaksjonelt engasjement. Eg meiner han er rett person til å leie Hordaland og er svært fornøgd med tilsettinga, seier styreleiar Svein Atle Huus.

Øystein Silde Frønsdal startar i stillinga i Hordaland i midten av august.



Kontakter

Øystein Silde Frønsdal, ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Hordaland
Epost: oystein@firda.no Telefon: 468 98 258

Svein Atle Huus, styreleiar i Hordaland
Epost: svein.atle.huus@amedia.no Telefon: 951 98 504

Om Amedia

Amedia er et ledende skandinavisk mediekonsern med en sterk tilstedeværelse i Norge, Danmark og Sverige. Amedia er et upolitisk selskap med dype historiske røtter, eid av Amediastiftelsen. Vi forvalter et unikt geografisk, historisk-politisk og språklig mediemangfold.

Amedias vil sikre et levende demokrati i alle samfunn der vi er representert. Gjennom våre aviser er vi garantisten for faktasjekket, sannhetssøkende og balansert journalistikk.

Våre aviser er til stede i folks liv, bidrar til at de blir sett og hørt, og hjelper dem med å forstå verden de lever i, slik at de kan ta informerte valg. Vi fyller vårt samfunnsoppdrag ved å være og forbli førstevalget for våre lesere og annonsører.

Vårt redaksjonelle nettverk omfatter nesten 200 avistitler i Norge, Danmark og Sverige, gjennom heleid og deleid virksomhet og gjennom partnerskap.

Amedia er Norges største utgiver av redaktørstyrte medier, og eier 107 avistitler og har 20 partneraviser i Norge. Vi har nesten 1 400 redaksjonelle medarbeidere som løpende holder to millioner lesere oppdatert med nyheter, nytte, debatt og underholdning hver dag.

I Danmark eier Amedia det ledende danske mediekonsernet Berlingske Media som utgir de nasjonale avisene Berlingske, B.T., Weekendavisen og Euroinvestor.

I Sverige eier Amedia Bonnier News Local sammen med Bonnier News og lokalavisselskapet Gota Media, og har en eierandel på 20 prosent i selskapet Bonnier News Local, som gir ut 65 aviser i Sverige, inngikk våren 2025 partnerskap og krysseierskap med det lokale aviskonsernet NWT Media.

Følg pressemeldinger fra Amedia

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Amedia på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Amedia

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye