Sikrar rv. 13 i Sogndal mot skred
Statens vegvesen startar no skredsikring ved rv. 13 Ylvisåker i Sogndal kommune.

Arbeida mellom Sogndal og Leikanger startar 2. juni, og er planlagde ferdig til jul.
– Me skal få opp fanggjerde og erosjonsnett i dette skredutsette området som er krevjande å bevega seg i. Difor tek arbeida tid. Det skal vera sikkert både for dei som arbeider og trafikantane. Det vil aldri vera aktuelt for Statens vegvesen å gå akkord med tryggleiken. Difor blir det nødvendig med stengeperiodar gjennom heile dagen. Desse vert det opplyste om på 175.no, seier byggjeleiar Andrea Holsen Horstad i Statens vegvesen.
Det er ikkje mogleg å få til dette skredsikringsarbeidet utan stengingar. Statens vegvesen har gjort alt som er mogleg for å minimera ulempene for trafikantane medan arbeida pågår.
– Me har i stengetidene teke omsyn til bussen, og me har lagt opp til kortast planlagde stengingar morgon og ettermiddag, dei tidene på døgnet då det er mest trafikk i dette området, supplerer Horstad og kjem med ein appell til slutt:
– Respekter skilt, lysregulering og manuell trafikkdirigering. Alle kan verta utolmodige på grunn av venting, men trafikkreguleringa handlar om noko som er mykje større enn det: Nemleg alle sin tryggleik. Den står alltid i høgsetet for Statens vegvesen, og det er difor me no skredsikrar dette området.
Nøkkelord
Kontakter
Andrea Holsen HorstadByggjeleiar Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:90252912andrea.holsen.horstad@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Mesta ønsker å fortsette driften av Norges mest trafikkerte vegtunneler27.5.2025 13:43:44 CEST | Pressemelding
Da fristen gikk ut for å gi tilbud på drift og vedlikehold av 31 tunneler i Oslo og omegn de neste fem årene, var Mesta AS eneste tilbyder.
Dette gjer Statens vegvesen for å unngå trafikkork på og ved Hardangerbrua27.5.2025 10:47:33 CEST | Pressemelding
Riksveg 13 Bu-Kyrkjenes i Hardanger, frå Hardangerbrua og sørvestover, er ein flaskehals kvar sommar.
Vegvesenet betaler erstatning etter punktering på E18-bru27.5.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har besluttet å betale erstatning til kjøretøyeiere som fikk dekkene sine ødelagt etter at en bolt stod opp fra en brufuge på E18 ved Møllerdammen bru i vinter.
Hagantunnelen på riksveg 4 i Nittedal blir stengt under beredskapsøvelse26.5.2025 15:41:53 CEST | Pressemelding
Onsdag 28. mai kl. 09:30-13.15 skal Statens vegvesen og nødetatene øve sammen i Hagantunnelen på riksveg 4 i Nittedal. Tunnelen blir stengt under øvelsen. Det blir skiltet omkjøring.
Avgrensa framkomst på E39 i Masfjorden23.5.2025 15:02:51 CEST | Pressemelding
Måndag 26. mai frå klokka 17.00 blir det redusert framkomst på E39 mellom frå Matre til Haugsvær i Masfjorden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom