Ny verdsarvutstilling opna på Røros
I dag opnar utandørsutstillinga «Vår verdensarv» midt i verdsarvområdet Røros bergstad og Circumferensen. Utstillinga skal styrke formidlinga og forståinga av norsk verdsarv.

– Verdsarv er stader og område som er heilt umistelege, og noko av det viktigaste vi gjer er å spreie kunnskap om desse flotte stadane, slik som den eineståande historia her i området Røros og Circumferensen, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
– Fantastiske kulturverdiar
I Noreg er åtte område skrivne inn på FN-organisasjonen Unescos liste over verdas natur- og kulturarv: bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Rjukan-Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, fire punkt på Struves meridianboge, Urnes stavkyrkje, Vestnorsk fjordlandskap (Geirangerfjorden og Nærøyfjorden) og Vegaøyan.
– Utstillinga skal gjere folk meir medvitne om dei fantastiske, universelle kulturverdiane vi har her på Røros, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
– I løpet av 2025 opnar også utstillinga for Urnes stavkyrkje, og vidare i 2026 og 2027 er det planar om installasjon i Hammerfest (Struves meridianboge), Aurland (Vestnorsk fjordlandskap), og Rjukan-Notodden industriarv, seier Skeidsvoll.
Utstillinga «Vår verdensarv» formidlar informasjon om dei åtte norske verdensarvområda. Samtidig får besøkande bli med ut på ei storslått reise til verdas viktigaste natur- og kulturområde. Utstillinga fortel også om verdensarvkonvensjon frå 1972.
Verdsarven på Røros
333 års bergverksdrift på Rørosvidda skapte rikdom for eigarar og staten, eit levebrød for arbeidarar og eit verdskulturminne for ettertida.
I 1980 blei bergstaden Røros for første gong skriven inn på verdsarvlista, og i 2010 blei verdsarvområdet utvida til også å omfatte delar av det gamle privilegieområdet Cirumferencen.
Unesco er FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. I 1972 vedtok Unesco konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv, som i dag er mest kjend som verdsarvkonvensjonen.
Føremålet til verdensarvkonvensjonen er å identifisere og gje spesiell beskyttelse til kultur- og naturarv som har tyding for heile menneskeheita og komande generasjonar – på tvers av landegrensene. I Noreg er det Riksantikvaren og Miljødirektoratet som har ansvaret for oppfølginga av konvensjonen.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Freder Kistefos Træsliberi31.10.2025 08:15:39 CET | Pressemelding
Riksantikvaren freder tresliperiet på Kistefos på Jevnaker, et viktig og verdifullt industrianlegg i norsk historie.
Nasjonalt viktige steder i Vestfold på høring30.10.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren og Vestfold fylkeskommune sender en ny oversikt over 41 kulturmiljøer i byer, bygder og landskap på høring.
Nasjonalt viktige stadar i Vestfold på høyring30.10.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren og Vestfold fylkeskommune sender ein ny oversikt over 41 kulturmiljø i byer, bygder og landskap på høyring.
Riksantikvaren freder sykehusbygg fra andre verdenskrig23.10.2025 13:32:24 CEST | Pressemelding
Det gamle krigslasarettet i Sinsenveien 76 i Oslo sikres nå for fremtiden.
Riksantikvaren fredar sjukehusbygg frå andre verdskrigen23.10.2025 13:32:24 CEST | Pressemelding
Det gamle krigslasarettet i Sinsenveien 76 i Oslo blir no sikra for framtida.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom