Jordleigeprisane aukar
Prisane for å leige jord aukar for dei fleste formål, ifølgje Landbruksdirektoratet si årlege undersøking. Det er store variasjonar i prisane som vert rapportert inn.

Jordleigeprisane i Noreg aukar. Det er hovudtrenden i Landbruksdirektoratet si årlege undersøking. Gjennomsnittsprisen for leige av jord til potet- og grønsaksdyrking har auka betydeleg samanlikna med fjoråret. For beite har prisen i snitt auka med nokre kronar per dekar. Unntaka er for leige av jord til gras- og korndyrking, der prisen har falle noko.
Jordleige 2025-tal | Leigepris (kr/daa) | Endring siste år (kr/daa) |
Grasdyrking | 269 | -2 |
Korndyrking | 400 | -2 |
Potetdyrking | 698 | 36 |
Grønnsaker og bær | 901 | 55 |
Innmarksbeite | 73 | 1 |
Utmarksbeite | 14 | 4 |
Her kan du lese meir om jordleigeundersøkinga 2025.
Auka prisar
Gjennomsnittsprisen for leige av jord til grønsaks- og bærdyrking har auka med nesten sju prosent det siste året. Gjennomsnittsprisen for leigejord til potetdyrking har auka med nesten seks prosent. Samstundes har prisen for leigejord til grasdyrking falle med ein prosent, mens prisen for leigejord til korndyrking er ein halv prosent lågare enn fjoråret. Gjennomsnittsprisen for å leige jord til innmarksbeite har auka med ein prosent.
Det er store variasjonar i talmaterialet. Medan prisen har gått ned i nokre kommunar, har han auka i andre.
- Høge jordleigeprisar er eit uttrykk for at det er stor interesse for å drive jordbruk fleire stader i landet. Samtidig er det fleire kommunar der interessa er lita, og utleigarane er nøgde med å leige ut gratis for å oppfylle driveplikta, seier rådgjevar Mikael Meland Leksen i Landbruksdirektoratet.
Nær halvparten er leigejord
48 prosent av alt areal i drift var leigejord i 2023, ifølgje tal frå SSB. Talet har auka betrakteleg dei siste 50 åra.
Delen jordleige er størst i Troms og Finnmark, Agder, Vestfold og Telemark. Minst del jordleige er det i Rogaland, med 38 prosent. Rogaland er også regionen der jordleigeprisane er høgast i gjennomsnitt for alle formål.
Stadig betre svarprosent
Kjelda til gjennomsnittsprisane i undersøkinga er anslag frå landbrukskontora i kommunane. Landbruksdirektoratet har dei siste åra lagt mykje arbeid i å kontrollere dei innsendte tala og få inn svar frå flest mogleg kommunar. Dette bidreg til meir truverdige resultat. I år har svarprosenten auka frå 89 til 90 prosent.
Likevel bør ein være varsam med å tolke årlege endringar i jordleigeprisane som reelle endringar i betalingsvilje for jord. Resultata er alltid påverka av kvaliteten på datamaterialet. Dette gjeld i størst grad for grønsaks- og potetjord.
- Leigeprisane varierer kraftig både mellom kommunar og innanfor dei. Dessutan seier veldig mange av dei vi snakkar med i kommunane, at dei har lite oversikt over kontraktsprisar. Framleis er det for få bønder som sender kopi av jordleigeavtaler til kommunen, seier Leksen.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktPressevakten er betjent hverdager mellom kl. 08.00-15:45
Tel:400 21 171presse@ldir.noOm oss
Landbruksdirektoratet gir faglige råd, iverksetter landbrukspolitikken og legger til rette for landbruket og matindustrien.
Følg pressemeldinger fra Landbruksdirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Landbruksdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Landbruksdirektoratet
Har du husket å sende inn jakt- og fangstrapporten for 2024/2025?24.4.2025 13:32:50 CEST | Pressemelding
Alle som har betalt jegeravgiften for perioden 1. april 2024 - 31. mars 2025 må huske å levere jakt- og fangstrapporten til Statistisk sentralbyrå.
Importvernet forvaltes smidig og forutsigbart14.4.2025 14:41:31 CEST | Kronikk
I Konkurransetilsynets dagligvarerapport for 2024 pekes det på at importvernet og forvaltningen av dette er etableringshindre for bedre konkurranse i det norske dagligvaremarkedet.
Landbruksdirektoratet lanserer nye jakt-apper2.4.2025 11:23:26 CEST | Pressemelding
I forbindelse med nytt jaktår 1. april 2025 lanserer Landbruksdirektoratet en ny løsning for Skyteprøvekontrollør og Min Jegerdokumentasjon.
Økning i salget av økologiske produkter26.3.2025 08:41:14 CET | Pressemelding
Salgsøkningen for økologiske produkter i dagligvaremarkedet i 2024 ble 7,8 prosent. For andre salgskanaler var det en lignende utvikling.
Er du opptatt av rammebetingelser for landbruk og matproduksjon?12.3.2025 08:54:41 CET | Presseinvitasjon
Velkommen til årets konferanse spekket med aktuelle og varierte temaer innen hele vårt samfunnsoppdrag, der eksperter fra næringene og direktoratets egne folk bidrar med fakta og gode faglige samtaler.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom