
Opnar museum for «sjøens stavkyrkje»
Holvikejekta frå 1881 er den einaste autentiske klinkbygde jekta i sitt slag. Den 6. juni opnar vi eit helt nytt museumsbygg for den, i fjordkanten på Sandane i Gloppen.

Det skulle ta 119 år før den 20 meter lange frakteskuta, også kalla «sjøens stavkyrkje», fekk eit skikkeleg verne- og formidlingsbygg.
Endeleg kan vi ta skikkeleg vare på Nordfjord Folkemuseum sin aller første gjenstand. Endeleg kan vi sleppe publikum inn på dei mektige skutesidene, for å studere kva bøndene inst i Gloppefjorden på imponerande vis hogg saman på to-tre månader i 1881. Endeleg kan vi fortelje om korleis jektefarten var den økonomiske livsåra langs kysten fram til byrjinga av 1900-talet.
Fram til forrige århundreskifte gjekk det hundrevis av jekter – den tidas frakteskuter – langs kysten. Då desse trebåtane gjekk ut av bruk, forsvann dei fort. Nokon vart kanskje ombygde og fekk motor, elles vart dei seinka eller brende. Det skjedde ikkje med Holvikejekta. Den vart sett på land i naustet sitt etter siste seglas i 1906. Der har den stått fram til no. Difor har den i lang tid vore det einaste eksemplaret som er att av denne type båt.
Det gjer den så viktig. Holvikejekta fortel ei historie om det sterke entreprenørskapet i fjordbygdene. Om korleis handelen mellom by og land gjekk føre seg på Vestlandet i mange hundre år. Om bønder som bygde sine eigne båtar, frakta varene sine til Bergen, der dei gjekk inn i rolla som handelsmenn. Då selde dei veden, nevra, tønnene, båtane, tøyet, mastestolpane eller andre varer som var tilverka på garden gjennom ein lang vinter. For kontantoverskotet kjøpte dei korn, salt, kaffibønner, erter, sukker, tobakk, drikke, medisin, bruksting og alt det bygdene elles hadde lite av. Den fortel historier om sjømannskap, kulturutveksling, nedarva handverk og meir.
På den nye museumsarenaen «Holvikejekta Nordfjord Folkemuseum», ein del av Musea i Sogn og Fjordane, kan publikum først og fremst oppleve den overveldande båten, men også lære om kva den representerer. Du vil få innblikk i klinkbyggartradisjonen, som er på Unesco si liste over immateriell kulturarv. Her er også ei utstilling med nordfjordbåtar. Dette er den lokale kvardagsbåtane som det på det meste vart produsert hundrevis av – kvart år – i Gloppen.
Bygginga starta sommaren 2024 og tok elleve månader. Bygget vart overlevert Musea i Sogn og Fjordane den 24. april. Veidekke bygg har vore totalentreprenør. Totale kostnader for bygget er 47 millionar kroner. Det er finansiert av stad, fylke, kommune, private gjevarar og Musea i Sogn og Fjordane.
Museumsleiar Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum, har jobba saman med staben lokalt og Musea i Sogn og Fjordane for å realisere dette bygget sidan ho byrja i jobben for ni år sidan. Endeleg kan museet sin viktigaste enkeltgjenstand takast forsvarleg vare på, og visast fram på ein verdig måte.
Medier som ønskjer utdjuping eller å besøke museet, er velkomne til å ta kontakt.
Kontakter
Anne Kristin MoeMuseumsleiarMusea i Sogn og Fjordane
Avdeling: Kulturhistorie
Arbeidsstad: Nordfjord Folkemuseum
Jan HeggheimAdministrerande direktørMusea i Sogn og Fjordane
Avdeling: Økonomi, administrasjon og drift
Arbeidsstad: Fellesadministrasjonen Sandane
Henning A. HellebustKommunikasjons- og marknadssjefMusea i Sogn og Fjordane
Pressekontakt
Bilder










Lenker
Følg pressemeldinger fra Musea i Sogn og Fjordane
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Musea i Sogn og Fjordane på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.