Otternes-tunet blir freda
15.5.2025 07:00:00 CEST | Riksantikvaren | Pressemelding
Klyngjetunet i Aurland har bygg heilt tilbake frå 1700-talet. No blir Otternes freda av Riksantikvaren.

Otternes bygdetun i Aurland blir torsdag 15. mai formelt freda av Riksantikvaren.
Klyngjetunet ligg mellom Aurlandsvangen og Flåm, med utsikt over Aurlandsfjorden. Dei eldste bygningane er frå 1700-talet.
– Otternes-tunet er ein fantastisk plass og eit godt døme på kva som gjer Noreg til Noreg. Her får me oppleva ein del av den vestlandske gardshistoria, som har vore med på å forma oss som samfunn i dag. Dette er det viktig å ta vare på, og eg er veldig glad for at eitt av Noregs siste gjenverande klyngjetun no blir freda, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Eit sjeldan klyngjetun
Tunet består av totalt 26 bygningar, og fredinga omfattar alle desse – og dessutan frukthagane. I tillegg blir innmarka rundt tunet freda.
Dei antikvariske og kulturhistoriske verdiane til Otternes-tunet har vore omtalte heilt sidan 1920-talet, og allereie på 70-talet vart freding diskutert.
– Otternes-tunet er ein stad med viktig kulturhistorie. Ikkje berre lokalt eller regionalt, men også i ein nasjonal samanheng. Dette er eit unikt døme på klyngjetuna på Vestlandet som fortener å bli teke vare på, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
Eit klyngjetun er ei tettbygd samling av gardsbruk, som tidlegare var vanleg på Vestlandet. Formålet med fredinga er å sikra og bevara Otternes, som eit kulturhistorisk og bygningshistorisk viktig døme på desse klyngjetuna.
– Mange tenkjer at kulturminne handlar om ting, men det handlar om menneske og den felles historia og tilhøyrselen vår. Otternes-tunet har som freda kulturminne verdi for heile Noreg, seier Skeidsvoll.
– Ei hyllest til kvardagsmenneska
Det er Stiftinga Otternes bygdetun som i dag eig og driftar staden, og held det ope for publikum.
– Fredinga av Otternestunet er ein hyllest til kvardagsmenneska – til dei mange gardbrukarane som ein gong utgjorde fleirtalet i Vestland, og til korleis liva deira har forma landskap og bygningar. Fylkeskommunen er glad for fredingsvedtaket, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.
– Stiftinga Otternes bygdetun har gjort eit svært godt arbeid med å setje i stand bygningane og ta vare på hagane. Vi har hatt eit godt samarbeid med stiftinga og ser fram til å halde fram med dette. Eg vil òg takke heile Aurland-samfunnet og Aurland kommune for engasjementet og viljen deira til å ta vare på den felles kulturarven vår, seier Askeland.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktIkke send sms, telefonen viderekobles.
Tel:404 65 153Bilder




Andre språk
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Bare 60 år gammel, men nå blant Norges viktigste kirker17.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå setter Riksantikvaren Steinkjer kirke på lista over kulturhistorisk viktige kirker i Norge. For første gang på 26 år kommer det en ny kirke inn på lista.
Berre 60 år gammal, men no blant Noregs viktigaste kyrkjer17.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No sett Riksantikvaren Steinkjer kyrkje på lista over kulturhistorisk viktige kyrkjer i Noreg. For første gang på 26 år kjem det ei ny kyrkje inn på lista.
Åpner vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug - som knyttes til Harald Hårfagres tid - skal undersøkes 124 år etter forrige utgraving.
Opnar vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug, som er knytt til tida til Harald Hårfagre, skal undersøkjast 124 år etter førre utgraving.
3,5 millioner til kulturmiljø over hele landet22.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ser rekordstor interesse for å søke om midler til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom