Redd for å møte bjørn?
12.5.2025 08:00:00 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
På denne tida av året er det størst moglegheit for å sjå bjørn. På Miljødirektoratets nye nettside får du tips om kva du bør gjere om du møter ein.

Då var det den tida på året der det kjem historier i små og store medium om menneske som ser bjørn. Informasjonsbehovet er stort, og Miljødirektoratet lanserer derfor no ei ny temaside om møtet mellom menneske og bjørn.
Sjansen er låg
Sjansen for å møte bjørn er alltid låg, men likevel blir det observert årleg fleire bjørnar nærte vegar og på jorder.
Miljødirektoratet får årlege førespurnader frå både media og privatpersonar som lurer på korleis ein kan unngå å treffe bjørn, og kva ein bør gjere om ein først har møtt på ein.
Derfor har vi utvikla ei ny nettside som kan vere til hjelp for deg som lurer på dette, eller som berre er nysgjerrig på å lære meir.
Dei vanlegaste spørsmåla
På nettsida får du svar på alle dei vanlegaste spørsmåla Miljødirektoratet pleier å få om møte mellom menneske og bjørn. Nokre av spørsmåla er:
- Kan bjørnemøte vere farleg for menneske?
- Kor mange i Noreg har vorte skadde av bjørn dei siste åra?
- Kvifor skjer slike møte.
- Kva kan du gjere om du først treffer på ein?
Du får også tips til korleis du kan unngå å møte bjørn og også annan nyttig informasjon om bjørnen og dens livsstil.
Sjå den nye temasida her:
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noVeronica SahlénMiljødirektoratet
Tel:46509402veronica.sahlen@miljodir.noBilder

Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Færre rovviltskader også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskader på sau. Dette er de nest laveste tallene siden registreringen startet i 2002.
Færre rovviltskadar også i år10.8.2026 12:57:56 CEST | Pressemelding
Per 1. august i år har Statens naturoppsyn påvist 489 rovviltskadar på sau. Dette er dei nest lågaste tala sidan registreringa starta i 2002.
Ulv felt i Sør-Fron kommune20.7.2026 16:45:55 CEST | Pressemelding
Mandag 20. juli ble det felt en hannulv i Sør-Fron kommune.
Stenger laksefisket i flere elver i Midt-Norge16.7.2026 14:34:54 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer ytterligere inn på fisket i elver der situasjonen er kritisk. Gaula, Orkla og Verdalselva stenges fra 1. august.
Klare for forsøk på felling av ulv15.7.2026 17:12:42 CEST | Pressemelding
Staten naturoppsyn har tilknyttet seg lokale jegere fra kommunale skadefellingslag i oppdraget fra Klima- og miljødepartementet om å felle ulven som har skadet sau i Gausdal og Oppdal.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom