Foreslår å verne sju nye naturområde
Miljødirektoratet foreslår å verne viktige våtmarksområde, steppelandskap og sjøfuglområde i Rogaland, Innlandet og Trøndelag som naturreservat.

– Vi skal ta vare på det som gjer oss til Noreg. I låglandet finn vi natur som vi har verna lite av, og der det lever mange trua dyr og plantar. Eg er glad for forslaga om sju nye verneområde. Dette er område som mange er glade i, og eg og ser fram til å gå gjennom forslaga, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Vi har verna mange viktige fjellområde i Noreg, men mindre av den naturen der vi finn flest trua artar og naturtypar. Det nye verneforslaget skal bidra til å ta vare på eit meir representativt utval av norsk natur for framtida.
Noregs verneområde - miljodirektoratet.no
To nye naturreservat og fem utvidingar
– Områda vi no foreslår å verne spenner frå bynær natur i Stavanger til tørre steppelandskap i Vågå og store område for sjøfugl i Trøndelag. Vern er blant dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre verdifulle naturområde mot framtidige inngrep, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.
I Rogaland foreslår Miljødirektoratet å verne Mosvatnet, som er eit viktig naturområde midt i Stavanger. Trass i mykje bruk og busetnad på alle kantar, er dette eit viktig område for ei rekkje artar, og spesielt mange fugleartar.
I Trøndelag foreslår Miljødirektoratet å utvide Sklinna naturreservat i Leka med over 10 000 dekar, slik at viktige sjøområde med botnformasjonar og tareskog blir bevarte for framtida. Denne utvidinga vil bidra til å sikre hekkeområde, rasteområde og område for næringssøk for ei lang rekkje raudlista sjøfuglartar. Direktoratet foreslår også å utvide Kaldvassmyra naturreservat i Verdal, slik at vi får eit vern av heile myra som mellom anna har førekomstar av rikmyr.
I Innlandet foreslår Miljødirektoratet å utvide Fokstumyra og Meløyfloen naturreservat, som har viktige våtmarker. I tillegg tilrår direktoratet å verne om dei svært sjeldne steppelavsartene i det spesielle steppelandskapet vi finn i Vågå. Slike område er det svært få av i Noreg – dei finst stort sett berre i øvre delar av Gudbrandsdalen.
Miljødirektoratets tilråding om nytt vern:
- Mosvatnet naturreservat i Stavanger kommune, Rogaland (608 daa)
- utviding av Fokstumyra naturreservat i Dovre kommune, Innlandet (531 daa)
- utviding av Vistehorten naturreservat i Vågå kommune, Innlandet (35 daa)
- Søre Åe naturreservat i Vågå kommune, Innlandet (154 daa)
- utviding av Meløyfloen naturreservat i Folldal kommune, Innlandet (545 daa)
- utviding av Kaldvassmyra naturreservat i Verdal kommune, Trøndelag (60 daa)
- utviding av Sklinna naturreservat i Leka kommune, Trøndelag (10 260 daa)
Sjå tilrådinga med kart og dokumenter her: Tilråding supplerende vern mai 2025 - miljodirektoratet.no
Kommunar og statsforvaltarar har delteke i prosessen
Miljødirektoratets tilråding kjem som eit svar på eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet om å greie ut nye område for vern, for å nå dei nasjonale måla om representativt vern, gjere verneområda meir robuste mot klimaendringar og auke samanhengen mellom dei.
Det er statsforvaltarane som har leidd arbeidet med å peike ut aktuelle område for vern, i samråd med kommunane.
Miljødirektoratet har sendt tilrådinga si til Klima- og miljødepartementet. Eit eventuelt vernevedtak blir gjort av Kongen i statsråd.
Les meir om prosessen for å verne eit meir representativt utval av norsk natur:Bevaring av verdifull natur - miljodirektoratet.no
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noBilder

Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Redd for å møte bjørn?12.5.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
På denne tiden av året er det størst mulighet for å se bjørn. På Miljødirektoratets nye nettside får du tips om hva du bør gjøre hvis du møter en.
Redd for å møte bjørn?12.5.2025 08:00:00 CEST | Pressemelding
På denne tida av året er det størst moglegheit for å sjå bjørn. På Miljødirektoratets nye nettside får du tips om kva du bør gjere om du møter ein.
Alvorlige avvik hos Equinor Njord ved oljeutslipp8.5.2025 07:23:32 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratets tilsyn avdekket alvorlige avvik etter oljeforurensning fra Njord-feltet i Norskehavet nyttårsaften.
Alvorlege avvik hos Equinor Njord ved oljeutslepp8.5.2025 07:23:32 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratets tilsyn avdekte alvorlege avvik etter oljeforureining frå Njord-feltet i Norskehavet nyttårsaftan.
Landbasert oppdrett har for dårlig utslippskontroll7.5.2025 07:17:36 CEST | Pressemelding
Ni av ti anlegg for akvakultur på land som forurensningsmyndighetene kontrollerte i fjor, hadde brudd på regelverket. Flere av dem er alvorlige.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom