Fiskeri- og havministeren til den største sjømatmessa i verda
2.5.2025 12:45:30 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Presseinvitasjon
Marianne Sivertsen Næss besøker 5.–6. mai verdas største sjømatmesse, Seafood Expo Global i Barcelona.

– Sjømatmessa er ein viktig møteplass først og fremst for næringa, men òg for oss politikarar. Dette er Noregs nest største eksportnæring. Med handelskrig og uro i verdshandelen er møtepunkt som dette viktige, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Fjoråret vart eit nytt rekordår for sjømatnæringa, med norsk eksport for meir enn 175 milliardar kroner. Eksporten har òg hatt ein god start i 2025, med eit historisk godt førstekvartal.
Noreg er sterkt representert i Barcelona, med over 120 norske bedrifter. Fiskeri- og havministeren har invitert norske aktørar til dialogmøte måndag 5. mai, der den globale handelsuroa blir eit viktig tema.
– På sjømatmessa vert det lagt eit viktig grunnlag for sjømateksporten i åra som kjem. Eg ser fram til å møte bedriftene og folka som står på for å fremje norsk sjømat til verda, seier Næss.
Fiskeri- og havministeren skal vere på messeområdet heile dagen tysdag 6. mai. Her skal ho besøkje mange av dei norske utstillarane og møte ulike ministerkollegaer.
Statsråden sitt program:
Måndag 5. mai
09.00–12.30: Dialogmøte med sjømatnæringa (ikkje ope for media)
13.30–14:30: Besøk til ein supermarknad i Barcelona (tilgjengeleg for media)
17.00–18.30: Opningsinnlegg på eit sjømatseminar i regi av Team Norway Spania (Ambassaden, Innovasjon Noreg og Norges sjømatråd)
Sjå program: Sjømatseminar under SEG Barcelona 2025 (seafood.no)
20.30: Middag i regi av Team Norway Spania
Tysdag 6. mai
10.00–18.00: Deltaking på sjømatmessa og møte med kollegaer frå mellom anna Brasil og Storbritannia
Kontakt
Presse som ønsker å dekke programmet kan kontakte pressekontakt Emil Bremnes på 478 81 719 / ebr@nfd.dep.no
Nøkkelord
Kontakter
Emil BremnesKommunikasjonsrådgiver
Tel:47881719emil.bremnes@nfd.dep.noBilder

Om oss
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Næringsministeren inviterer til innspillsmøte om cruiseavgift4.2.2026 11:27:52 CET | Presseinvitasjon
Næringsminister Cecilie Myrseth inviterer til innspillsmøte om cruiseavgift tirsdag 10. februar kl. 10.00-12.00. Arbeidet følger opp lov om besøksbidrag som etter planen skal tre i kraft 1. juli 2026.
Nye krav til vekter og veiesystemer ved fiskemottak3.2.2026 15:00:00 CET | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet har i dag fastsatt nye krav om bruk av automatiske vekter og veiesystemer ved fiskemottak.
Presseinvitasjon: Fiskeri- og havministeren deltar på Arctic Frontiers2.2.2026 14:33:40 CET | Pressemelding
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss er i Tromsø for å delta på Arctic Frontiers, torsdag 5. februar. Den årlige konferansen om Arktis samler forskere, næringsliv og politikere fra inn- og utland.
Presseinvitasjon: Næringsminister Cecilie Myrseth til Arctic Frontiers2.2.2026 10:38:40 CET | Pressemelding
Næringsminister Cecilie Myrseth er i Tromsø for å delta på Springfart for Nord på mandag 2. februar og Arctic Frontiers tirsdag 3. og onsdag 4. februar. Den årlige konferansen om Arktis samler forskere, næringsliv og politikere fra inn- og utland.
Høgare vågekvalkvote i 202630.1.2026 09:37:01 CET | Pressemelding
Fiskeri- og havministeren har fastsett ein kvote på 1641 vågekval i 2026, ein auke på 235 dyr frå året før.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom