VÆRNES GARNISON: Bygger nye elevforlegningar til Luftforsvarets skulesenter
Flyttinga av Luftforsvarets skulesenter frå Kjevik til Værnes blei vedtatt i 2016. Store delar av skolesenteret er allereie plasserte på Værnes. I dag markerer Forsvarsbygg oppstarten for det som skal bli tre nye forlegningsbygg inne på Værnes garnison.

Kvart bygg skal ha overnattingsrom med bad – til saman 159 bueiningar for elevar ved skolesenteret. Forlegningsbygga er på ca. 2500 kvm, og har tre etasjar pluss kjellar. I tillegg til romma til elevane, skal det vere buer og fellesareal.
– Forsvaret skal vekse mykje i åra framover, og i langtidsplanen blir det lagt opp til at vi skal utdanne og rekruttere mange fleire inn til forsvarsteneste. Skal vi lykkast med det så må vi ta i eit krafttak for å utvide bustadkapasiteten, og skape gode buforhold for tilsette og elevar i Forsvaret. Byggeprosjektet på Værnes er eit viktig ledd i denne prosessen, som også vil bidra til å styrke Luftforsvaret, seier statssekretær i Forsvarsdepartementet Marte Gerhardsen (Ap).
Gjennomføringsoppdraget for heile prosjektet blei gitt med ei kostnadsramme på 940 millionar kroner. Dette inkluderer også eit skolebygg med hangar.
Forsvarsbygg skal sørge for at rett infrastruktur, eigedom, bygg og anlegg står klare, når Forsvaret aukar bemanninga si på Værnes.
– Investeringane vi skal gjere i bustad og kvarter på Værnes vil ytterlegare styrke Luftforsvaret - ved å bidra til å gi eit godt grunnlag for å rekruttere og behalde teknisk personell for ein livslang karriere i Luftforsvaret, seier avdelingsdirektør i Forsvarsbygg, Stine Fjærli Sjøthun.
Eigedom, bygg og anlegg er ein sentral innsatsfaktor for å bygge forsvarsevne og beredskap i Noreg. I langtidsplanen blir det lagt opp til ei kraftfull satsing på eigedom, bygg og anlegg. I praksis betyr det hurtig etablering av tilstrekkeleg antal bustader, kvarter og kasernar av god nok kvalitet.
Forsvarsbygg er den største eigedomsforvaltaren til staten. Forsvarsbygg forvaltar ca. 1,6 millionar dekar eigedom i form av naturområde, skyte– og øvingsfelt, flyplassar, basar og leirar. Det er i overkant av 4,16 millionar kvadratmeter bygg, og ca. 12 900 bygg og anlegg, inkludert kaianlegg, vegar og flyplassar.
Nøkkelord
Kontakter
Pressevakt
Tel:47 7777 47pressevakt@forsvarsbygg.noBilder

Følg pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvarsbygg på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Forsvarsbygg
Forsvarsbygg ođasmahttá rádárrusttega Máhkarávjjus Nordkáhppa gielddas27.2.2025 13:38:32 CET | Pressemelding
Forsvarsbygg lea ožžon bargun hukset ođđa ja ođasmahttit dálá rádárrusttegiid miehtá riikka. Plánejuvvo álggahit huksenbarggut Nordkáhpas (Davvinjárggas) geasset 2025:s.
Forsvarsbygg oppgraderer radaranlegget på Magerøya i Nordkapp kommune27.2.2025 09:21:49 CET | Pressemelding
Forsvarsbygg har fått i oppdrag å bygge nye og oppgradere eksisterende radaranlegg over hele landet. På Nordkapp planlegges oppstart av anleggsarbeidet til sommeren 2025.
Forsvarsbygg signerte kontrakt for bygging av nytt radaranlegg19.2.2025 12:57:43 CET | Pressemelding
Repstad Anlegg AS har fått oppdraget med å bygge det planlagte radaranlegget på Himmeltind i Vestvågøy kommune. Kontrakten har en verdi på om lag 200 millioner kroner.
Porsangmoen: Nye flerbrukshaller ut på anbud10.2.2025 13:44:32 CET | Pressemelding
Forsvarsbygg har fått i oppdrag om å etablere to nye flerbrukshaller i Porsangmoen leir. Dette kommer i tillegg til de to som er under oppføring og står ferdig i løpet av våren 2025.
Besøkstalet på festningane tilbake til rekordnivå7.2.2025 10:32:59 CET | Pressemelding
I 2024 fann 4,1 millionar besøkjande vegen til ein av dei 14 nasjonale festningsverka i Noreg. Dette er det høgaste talet besøkjande sidan 2019.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom