Restaurerer Den Trondhjemske postvei i Åsane
28.4.2025 15:34:07 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen startar i desse dagar å restaurere ei steinhellebru på Den Trondhjemske postvei på Saurås i Åsane nord i Bergen.

Brua ligg like ved Salhusvegen, vis a vis Ulset sykehjem, ikkje så langt frå Ikea like ved E39.
Brua er ei lita utkraga steinhellebru, ein typisk brukonstruksjon som vart vanleg i siste del av 1700-talet. Diverre har brua fått store setningsskadar og må dels demonterast før den vert bygd opp att etter antikvariske prinsipp. Målet er at brua vert så lik som mogleg som den opphavleg var.
I byggetida ligg det ei mellombels gangbru over elva like ved steinhellebrua. Denne vert skilta/merkt. Turgåarar er velkomne til å bruke denne. Av omsyn til både eigen og arbeidarane sin tryggleik, ber vi publikum om å ta omsyn til arbeid, følgje skilting og merking, og ikkje gå inn i avsperra anleggsområde. Men stopp gjerne opp og sjå på arbeidet.
Entreprenør er firmaet Stibyggjaren AS, leia av Geirr Vetti, som saman med byggeleiar består av eit arbeidslag av fire sherpaer frå Nepal. Vetti har lang erfaring med restaureringsprosjekt, som mellom anna Kongevegen over Filefjell.
Arbeidet vil medføre at elva i ei kort periode vert grumsete. Det vert lagt ut ei siltgardin nedstrøms for å fange opp og hindre at botnsediment renn vidare i vassdraget. Det er berre botnsediment og jord som kan kome i elva. Under arbeidet med brua blir det berre nytta lokale eller naturlege massar, både i murar og i vegen.
Nøkkelord
Kontakter
Allan Emil NyheimByggeleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:47246024allan.emil.nyheim@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Skal utbedre Bodøs innfartsåre11.2.2026 15:56:08 CET | Pressemelding
Tre entreprenører leverte tilbud på å utbedre rv. 80 Sandvika-Sagelva mellom Bodø og Fauske. Johs Syltern AS er tildelt oppdraget.
Firkløver tok første spadetak10.2.2026 15:07:25 CET | Pressemelding
Arbeidet med å bygge E45 Køfta er i gang. I gnistrende kaldt vintervær ledet samferdselsministeren an da anleggsstarten ble markert i dag.
Fellesprosjektet Arna–Stanghelle har tildelt rådgivaravtale verd 2,2 milliardar kroner10.2.2026 09:25:42 CET | Pressemelding
Fellesprosjektet Arna–Stanghelle har tildelt den største rammeavtala i noregshistoria til arbeidsfellesskapet Norconsult Norge AS og Dr. Ing. A. Aas-Jakobsen AS.
Denne traséen anbefaler Statens vegvesen for 58 km ny europaveg9.2.2026 15:13:33 CET | Pressemelding
Vegvesenet har utredet ny veg på delstrekning mellom to av Norges største byer. 30 minutter raskere reise, tettere bo- og arbeidsregioner og bedre trafikksikkerhet kan bli resultatet.
Gjennomsnittsmåling av fart i Gudvanga- og Flenjatunnelen fra 12. februar6.2.2026 14:34:00 CET | Pressemelding
Statens vegvesen erstatter dagens automatiske trafikkontroll (ATK) med strekningsmåling (streknings-ATK) i Gudvanga- og Flenjatunnelen på E16 i Vestland fylke.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom