Toaletta på Trollstigen opnar i midten av mai
- Vi er veldig glade for å melde at toaletta ved Trollstigen opnar i midten av mai, sjølv om Trollstigvegen mellom Trollstigplatået og Isterdalen er stengd fram til og med 14. juli, seier Silje Myhre Amundsen, seksjonsleiar for Nasjonale turistvegar i Statens vegvesen.

Lokalt og regionalt reiseliv har uttrykt viktigheita av at det er opne toalett ved Trollstigen også i perioden før Trollstigen opnar 14. juli.
- Trollstigen er vårt nasjonale reiselivsikon, og vi er veldig glade for at vegen frå Valldalsida blir opna allereie no. Når vi inviterer heile verda på besøk, kan vi ikkje møte dei med stengde dører, derfor er vi utruleg letta og glade for at vi no kan ønskje gjestane velkomne til eit ope trollstigplatå med toalett og suvenirbutikk, seier Torunn Dyrkorn, reiselivssjef i Visit Nordvest.
Trollstigen, også kjend som Trollstigvegen, er ein fjellovergang på fylkesveg 63 i Rauma og Fjord kommunar i Møre og Romsdal. Strekninga er ein av 18 nasjonale turistvegar. Vegen bind saman Valldal på Sunnmøre med Åndalsnes og Romsdalen. Trollstigen blei offisielt opna 31. juli 1936 og har elleve hårnålssvingar. Trollstigen er ein av Noregs mest besøkte turistattraksjonar, med over 1,1 millionar besøkande i 2022.
Stenginga av Trollstigen har hatt betydelege konsekvensar for det lokale reiselivet i Møre og Romsdal, som er sterkt avhengig av turisttrafikken til Trollstigen. Regjeringa har løyvd midlar til sikringsarbeidet, for å sikre at vegen kan opnast igjen så snart som mogleg. Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok å stenge Trollstigen for sommaren 2024 og delar av sesongen fram til 14. juli 2025 for rassikring av fylkesvegen.
Kontakter
Silje Myhre AmundsenSeksjonssjefStatens vegvesen, Nasjonale turistveger
Tel:97522979silje.amundsen@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Har sikra dei fire mest skredutsette fjellovergangane i Sør-Noreg4.11.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Dei mest skredutsette fjellovergangane i Sør-Noreg har fått nye skredtårn på plass før vinteren, for å hindre ukontrollerte snøskred mot open veg.
Markerte oppstart på E39 Veibustkrysset3.11.2025 16:26:45 CET | Pressemelding
Statssekretær Tom Kalsås og Sula-ordførar Turid Humlen tok mandag første spadestikk for utbetring av E39 Veibustkrysset.
Statens vegvesen tar i bruk opsjon i fem av åtte driftskontrakter3.11.2025 11:51:30 CET | Pressemelding
Fem av åtte vegdriftskontrakter som går ut i 2026, forlenges med to eller tre år, etter at Statens vegvesen har blitt enig med entreprenørene om å ta ut opsjon.
Stenger rv. 41 i Birkenes for å skifte bruplate3.11.2025 10:41:48 CET | Pressemelding
Den gamle bruplata på rv. 41 Myrene bru langs Birkelandsveien skal fjernes og erstattes av ei ny. Rv. 41 sør for Høygilt blir stengt i fire uker fra 10. november.
Nesten 100 omkomne i trafikken1.11.2025 06:30:00 CET | Pressemelding
Så langt er 99 mennesker drept i trafikken i Norge. Ni av dem døde i oktober. Det er 21 flere omkomne i år enn på samme tid i fjor. Dette viser Statens vegvesens foreløpige ulykkestall.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom