Rekordmange milliardar til innovasjon i 2024
14.4.2025 14:00:00 CEST | Innovasjon Norge | Pressemelding
Innovasjon Noreg sitt bidrag til næringslivet auka med 40 prosent i 2024. Samstundes auka dei private investeringane som matcha bidraget frå Innovasjon Noreg.

I dag vert Innovasjon Noreg si årsrapport for 2024 publisert. I fjor bidrog Innovasjon Noreg med over 10 milliardar kroner i finansiering av innovasjonsprosjekt. Desse prosjekta vart i tillegg finansierte med ytterlegare 18 milliardar kroner frå private og andre kjelder. Totalt vart 29 milliardar kroner brukte på innovasjonsprosjekt der Innovasjon Noreg var involvert. Berre under koronapandemien har talet vore høgare.
– I 2024 fekk Innovasjon Noreg større økonomiske musklar. Gjennom nye låneordningar fekk vi betre moglegheiter til å finansiere fleire store industriprosjekt, samstundes som vi heldt fram med å støtte små og mellomstore bedrifter i deira innovasjonsarbeid, seier administrerande direktør i Innovasjon Noreg, Håkon Haugli.
Haugli meiner at ei verd i endring, med usikre marknader, gjer at aktørar som Innovasjon Noreg blir ekstra viktige.
– Verda rundt oss har endra seg dei siste åra, og norsk næringsliv må tilpasse seg ei ny røynd. Det har vi sett tydeleg dei siste dagane og vekene. Midt i denne usikkerheita har Innovasjon Noreg samarbeidd godt med over ti tusen bedrifter frå heile landet. Vi har støtta dei på vegen mot vekst og lønsemd, både heime og ute i verda.
Matcha av anna finansiering
Ein av dei viktigaste grunnane til at Innovasjon Noreg finst, er å redusere risikoen for andre finansieringskjelder. I 2024 vart kvar krone frå Innovasjon Noreg matcha med 1,7 kroner frå andre aktørar, hovudsakleg private. Dette er ein auke frå 2023.
– Det er gledeleg at dette talet har auka frå året før. Jo høgare tal, desto betre tilgang på kapital for norsk innovasjon. I tillegg bidreg vi òg til andre innovasjons- og internasjonaliseringsaktivitetar gjennom kurs og nettverksbygging, seier Haugli.
Verktøya verkar
Undersøkingar viser at kundar av Innovasjon Noreg veks meir og skårar høgare på både verdiskaping og produktivitet enn tilsvarande bedrifter.
– Tala viser tydeleg at våre finansielle bidrag har stor betydning, seier Haugli.
– Bedrifter som får finansiering frå Innovasjon Noreg har ein årleg mervekst i salgsinntekter og omsetning på 15,8 prosentpoeng. For verdiskaping og produktivitet er tala òg positive, med høvesvis 10,6 og 6 prosentpoeng, fortel Haugli.
Også gründerar som får støtte frå Innovasjon Noreg gjer det betre og veks raskare samanlikna med bedrifter som ikkje får slik finansiering.
Nøkkelord
Kontakter
Herman RingstadKommunikasjonsrådgiver
Tel:480 40 535herman.ringstad@innovasjonnorge.noOm Innovasjon Noreg
Innovasjon Noreg er staten og fylkeskommunane sitt verkemiddel for å realisere verdiskapande næringsutvikling i heile landet. Vi skal bidra til nyskaping i næringslivet, berekraftig vekst og eksport for konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distrikta.
Følg pressemeldinger fra Innovasjon Norge
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Innovasjon Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Innovasjon Norge
På lag med næringslivet i 202517.4.2026 14:00:00 CEST | Pressemelding
Innovasjon Norge med nesten ti milliarder i finansieringer i 2025.
Norge selges til verden i Lofoten – Bergen blir neste15.4.2026 18:06:51 CEST | Pressemelding
Mens over 800 deltakere fra 32 land møtes i Lofoten for å selge Norge som reisemål under Norwegian Travel Workshop (NTW), er det nå klart at Bergen blir vertskap for arrangementet neste år.
Nå er næringshager og inkubatorer flyttet fra Siva til Innovasjon Norge14.4.2026 15:29:22 CEST | Pressemelding
Samlingen av innovasjonsvirkemidlene hos Innovasjon Norge skal bygge en sterk innovasjonsstruktur, som kommer hele Norge til gode.
En av tre som får STUD-ENT-støtte er fra NTNU27.3.2026 10:00:53 CET | Pressemelding
20 prosjekter fra ni institusjoner får en million kroner i tilskudd fra Innovasjon Norge. Sju av prosjektene kommer fra NTNU i Trondheim. KI, helse og robotikk er stikkord for prosjektene.
Innovasjon Norge deler ut millioner til studenter etter rekordstor interesse27.3.2026 09:59:04 CET | Pressemelding
20 prosjekter fra ni institusjoner får en million kroner i tilskudd fra Innovasjon Norge. Det var kommet inn 87 søknader fra 16 universiteter og høyskoler. KI, helse og robotikk er stikkord for prosjektene.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom