Sjøfartsdirektoratet

Historisk klimavedtak i IMO: Internasjonal skipsfart får nye utsleppskrav

Del

Eit nytt og omfattande regelverk for å redusere klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart blei fredag godkjent i FN sin internasjonale sjøfartsorganisasjon (IMO). Med dette tek verdssamfunnet eit stort steg mot meir berekraftig skipsfart.

IMOs hovedkvarter ved bredden av elven Themsen, som renner gjennom London.
IMOs hovedkvarter ved bredden av elven Themsen, som renner gjennom London. Foto: IMO International Maritime Organization.

LONDON: Det var ei nervøs stemning under møtet i IMO sin miljøkomite (MEPC) ettersom det blei bedt om ei avstemming, noko som er svært uvanleg i IMO. Heldigvis var det eit stort fleirtal som støtta kompromissforslaget, som no går vidare til vedtak. Det er sjeldan at slike saker blir avgjort gjennom avstemming i IMO, og engasjementet rundt saka har vore stort.

– Dette er eit viktig gjennomslag for det globale klimaarbeidet, og eit stort steg for skipsfarten. IMO har vist at det framleis er mogleg å samle verdssamfunnet om konkrete og forpliktande tiltak i klimakampen, seier sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.

Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim. Foto: Helga Maria Sulen Sund / Sjøfartsdirektoratet

Dette er regelverket

Det nye regelverket stiller krav til klimagassintensiteten i drivstoff brukt av skip – altså kor mykje klimagassar som blir sleppte ut per energieining drivstoff.

I tillegg blir det innført ei økonomisk ordning. Skip som ikkje oppfyller utsleppskrava fullt ut må betale inn til eit fond. Fondet er venta å kunne samle inn mellom 100 og 150 milliardar kroner årleg.

Desse midla skal brukast til å støtte utvikling og bruk av alternative drivstoff og grøne teknologiar i skipsfarten.

Vegen vidare

Sjølv om forslaget no er godkjent, er det ikkje endeleg vedteke. Det blir no sendt til partane i MARPOL Vedlegg VI for vidare behandling, med mål om endeleg vedtak på eit ekstraordinært møte i IMO sin miljøkomité (MEPC) i oktober.

Dersom det går gjennom, vil dette bli det første globale regelverket som set konkrete krav til klimautslepp frå ein heil næringssektor.

– Dette vedtaket er ei viktig stadfesting av IMO si rolle som ein sentral aktør i det internasjonale klimasamarbeidet. No er det viktig å halde oppe trykket fram mot oktober, seier Sørheim.

Den norske delegasjonen under denne ukens IMO-møte. Fra venstre: Ola Skaare (DNV), Andrea Skarstein (Sjøfartsdirektoratet), Irmelin Skigelstrand (Sjøfartsdirektoratet), Kjersti Aalbu (DNV), Jahn Viggo Rønningen (Rederiforbundet), Tiril Sandbekken (KLD), Eirik Nyhus (DNV), Kristian Johnsen (DNV), Vidar Thorsen (Sjøfartsdirektoratet), Haakon Bjørn Thoresen (Wärtsila), Ingrid Sigvaldsen (DNV), Tore Longva (DNV), Lars Christian Espenes (Sjøfartsdirektoratet), Silje With (DNV), Anja Morris (KLD), Sinem Ogis (Siglar Carbon). Sjøfartsdirektoratet

Kontakter

Bilder

Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.
Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.
Foto: Helga Maria Sulen Sund / Sjøfartsdirektoratet
Last ned bilde
Den norske delegasjonen under denne ukens IMO-møte. Fra venstre: Ola Skaare (DNV), Andrea Skarstein (Sjøfartsdirektoratet), Irmelin Skigelstrand (Sjøfartsdirektoratet), Kjersti Aalbu (DNV), Jahn Viggo Rønningen (Rederiforbundet), Tiril Sandbekken (KLD), Eirik Nyhus (DNV), Kristian Johnsen (DNV), Vidar Thorsen (Sjøfartsdirektoratet), Haakon Bjørn Thoresen (Wärtsila), Ingrid Sigvaldsen (DNV), Tore Longva (DNV), Lars Christian Espenes (Sjøfartsdirektoratet), Silje With (DNV), Anja Morris (KLD), Sinem Ogis (Siglar Carbon).
Den norske delegasjonen under denne ukens IMO-møte. Fra venstre: Ola Skaare (DNV), Andrea Skarstein (Sjøfartsdirektoratet), Irmelin Skigelstrand (Sjøfartsdirektoratet), Kjersti Aalbu (DNV), Jahn Viggo Rønningen (Rederiforbundet), Tiril Sandbekken (KLD), Eirik Nyhus (DNV), Kristian Johnsen (DNV), Vidar Thorsen (Sjøfartsdirektoratet), Haakon Bjørn Thoresen (Wärtsila), Ingrid Sigvaldsen (DNV), Tore Longva (DNV), Lars Christian Espenes (Sjøfartsdirektoratet), Silje With (DNV), Anja Morris (KLD), Sinem Ogis (Siglar Carbon).
Sjøfartsdirektoratet
Last ned bilde

Følg pressemeldinger fra Sjøfartsdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sjøfartsdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sjøfartsdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye