Eide Family

Havbruksmeldinga: Eit historisk vegskilje for norsk havbruk

Del

– Den nye havbruksmeldinga peikar ut ei retning som både er framtidsretta og ansvarleg. Ho legg eit godt fundament for vidare vekst i norsk havbrukssektor, samstundes som ho tek tak i dei store utfordringane vi står i – knytt til fiskevelferd, lakselus og villaksen sine levevilkår.

Det seier Sondre Eide, dagleg leiar i Eide Fjordbruk og den lukkede nullutsleppsteknologien Watermoon.

Sondre Eide, dagleg leiar i Eide Fjordbruk
Sondre Eide, dagleg leiar i Eide Fjordbruk

– Vi støttar intensjonane og retninga i meldinga, og ser ho som eit sterkt signal om at det no skal løne seg å vere føre var, tenkje nytt og investere i berekraftige løysingar. Meldinga premierer innovasjon, og gir rom for teknologiutvikling som kan bringe heile næringa vidare.

– Watermoon er teste i fleire år, med dokumentert null lus og svært høg slamoppsamling. Me har kjørt heil syklus i stor skala, og bestilt fire nye anlegg allereie. No klar for kommersiell utrulling. Dette er ei stor dag for norsk havbruksnæring.

Eide peikar på at det no er avgjerande at Stortinget stiller seg samla bak meldinga slik at me får forutsigbarheit og kan satsa maks på nullutslepp allereie no, og at det blir sett full fart på arbeidet med å få på plass lover, forskrifter og praktiske rammevilkår.

– Dette er eit vegkart for framtida. No treng vi tydelege reglar, føreseielege prosessar og politisk gjennomføringskraft. Då kan norsk havbruk bli ei global spydspiss for grøn vekst, avsluttar Eide.

Kontakter

Følg pressemeldinger fra Eide Family

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eide Family på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Eide Family

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye