Universitetet i Stavanger (UiS)

UiS har dei tredje mest produktive forskarane i landet

10.4.2025 15:35:54 CEST | Universitetet i Stavanger (UiS) | Pressemelding

Del

Universitetet i Stavanger ligg på ein tredjeplass i vitskapleg produksjon per vitskapleg tilsett, berre slått av UiO og UiB blant universiteta, ifølge ny statistikk.

Mann i dress med briller
Professor Muk Chen Ong publiserte mest forsking på UiS i 2024. Han bidreg til at Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ligg på topp i Noreg. Foto: UiS / Elisabeth Tønnessen UiS

2024-tala som nyleg er publisert i Database for statistikk og høgare utdanning (DBH) viser at Universitetet i Stavanger (UiS) har svært produktive forskarar: 1,28 publiseringspoeng per vitskapleg tilsett.

Tredje best i fleire år

Universitetet i Oslo (UiO) har dei mest produktive forskarane med 1,64 publiseringspoeng medan Universitetet i Bergen (UiB) kjem på ein andre plass på 1,39 poeng. UiS ligg dimed på tredjeplass blant universiteta. Det var også tilfelle i 2023.

I åra 2022–2021 låg Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) framom UiS, slik at vi i to år låg på ein fjerdeplass, men i åra 2018–2020 hadde vi høgare forskingsintensitet enn NTNU rekna ut frå publisering per vitskapleg tilsett – og altså på tredjeplass blant universiteta.

Om ein ser på heile universitet- og høgskole-sektoren samla, ligg UiS på ein femteplass.

Fleire forskarar publiserer

Samla sett gjekk talet på publiseringspoeng i Noreg ned med 4,3 prosent. UiS har til saman publisert 1454 poeng i 2024 som er ein ørliten nedgang frå året før, men likevel eit toppår for publisering for UiS.

– Forskarane våre er særs effektive, berre slått av UiO og UiB. Dette viser at vi er å rekne som eit av Noregs mest forskingsintensive universitet, seier Merete Vadla Madland, prorektor for forsking ved UiS.

Oppsummert kan UiS glede seg over:

  • Tredje best i landet blant universiteta på publiseringspoeng per vitskapleg tilsett
  • Femte best i landet i heile UH-sektoren på publiseringspoeng per vitskapleg tilsett
  • Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved UiS er det mest-publiserande teknologi- og naturvitskaplege fakultet i Noreg med 2,09 poeng per vitskapleg tilsett
  • Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved UiS er den nest-mest-publiserande eininga på fakultetsnivå i Noreg, berre bak Det medisinske fakultetet ved UiO

Samt:

  • Auka tal på UiS-forskarar med publiseringspoeng
  • Auka tal på UiS-publikasjonar med internasjonalt samarbeid

Stabile publiseringstal

Myndigheitene har stramma inn bevillingane og heile sektoren er i ei økonomisk omstilling. UiS har måtta redusere sine kostnadar drastisk. Ein av konsekvensane av det er færre tilsette. 

Årsverk knytt til forsking har i 2024 minka frå 1256 til 1185 – altså 71 færre årsverk. Likevel aukar UiS publiserings-produksjonen per vitskapleg tilsett. Og dei 1454 publiseringspoenga for 2024 er noko lunde likt med dei tre siste åra – som alle er toppår.

Ei gledeleg registrering er at UiS i perioden 2021 til 2024 har auka talet på personar ved UiS som har bidratt med publiseringspoeng. Denne aukinga er på 11 prosent.

Teknisk-naturvitskapleg på topp i landet

Ikkje overraskande er det Det teknisk-naturvitskaplege fakultet (Teknat) som har dei aller mest produktive forskarane om vi skal rekne ut i frå publiseringstala.

Med 2,09 per vitskapleg tilsett ligg UiS-fakultetet øvst av alle tilsvarande ingeniør/realfags-fakultet i Noreg.

Dersom vi ser på alle einingar på fakultetsnivå uansett fagområde (i universitetssektoren) ligg Teknat-fakultetet berre bak Det medisinske fakultet ved UiO. Deira tal er på  2.10 publiseringspoeng per vitskapleg tilsett.

Auka internasjonalt samarbeid

Vi finn også ei auking i perioden 2021 til 2024 på 9 prosent i talet på publikasjonar med internasjonalt samarbeid.

Prorektor for forsking, Merete Vadla Madland, held fram at internasjonalt samarbeid er naudsynt for at UiS kan vere i forskingsfronten. Ho peikar på at UiS alltid har hatt mykje samarbeid med forskarar og forskingsmiljø verda over.

– Vi har dei siste åra jobba endå meir målretta for å auke inntekter frå EU og har lykkast i å få tilslag på fleire Horisont Europa-prosjekt. Dette har truleg ført til at fleire forskarar hos oss har publisert artiklar i fellesskap med internasjonale kollegar, fortel Vadla Madland.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Mann i dress med briller
Professor Muk Chen Ong publiserte mest forsking på UiS i 2024. Han bidreg til at Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ligg på topp i Noreg.
Foto: UiS / Elisabeth Tønnessen UiS
Last ned bilde

Om oss

Universitetet i Stavanger har en innovativ og internasjonal profil og er en drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosesser i samfunnet. Samfunnsoppdraget vårt er å utfordre det velkjente, utforske det ukjente.

World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye