
På dagen for havbruksmeldinga: Åkerblå-toppsjef blir ny CEO i Watermoon
– Viktig brikke i da mest banebrytande havbruksprosjektet i Noreg, seier CEO i Eide Familiy Sondre Eide.
Roger Sørensen, mangeårig konsernsjef i Åkerblå, går inn som CEO i nullutsleppsteknologiselskapet Watermoon. – Ei signering frå øvste hylle som kjem på heilt rett tidspunkt, seier Sondre Eide.

Med over ti år i leiarstolen i Åkerblå – der han leia veksten frå 14 til over 550 tilsette – er Roger Sørensen ein av dei mest erfarne og respekterte leiarane i norsk havbruk. No skal han leie neste kapittel i eit av dei mest ambisiøse prosjekta i næringa: Watermoon – ei teknologi som kombinerer nullutslepp, lusefri produksjon, høg slamoppsamling og banebrytande fiskevelferd.
– Dette er ei signering frå aller øvste hylle. Roger har djup innsikt i både det biologiske og det kommersielle i havbruksnæringa. Han kjenner utfordringane frå innsida – og han ser løysingane. At han no går inn i Watermoon er eit tydeleg teikn på kor stort dette prosjektet er i ferd med å bli, seier Sondre Eide.
– Det mest spanande havbruksprosjektet eg har sett.
Sørensen har vore ein sentral aktør i utviklinga av Åkerblå som leiande leverandør av kunnskapsbaserte tenester innan fiskehelse og miljø. No vil han bidra til å setje ein ny standard for sjølve produksjonen av laks.
– Eg har hatt ei utruleg givande reise i Åkerblå, men Watermoon representerer noko heilt nytt – det mest spanande havbruksprosjektet eg har sett i mi karriere. Dette handlar ikkje berre om teknologi, men om å løyse dei største problema i havbruket og samtidig løfte fiskevelferda til eit heilt nytt nivå. Den moglegheita kunne eg rett og slett ikkje takke nei til, seier Sørensen.
Framtida er lukka, lusefri – og norsk
Watermoon er ei nedsenkbar, lukka og utsleppsfri teknologi utvikla av Eide-familien gjennom fleire år med testing og forsking. Systemet held laksen fysisk adskilt frå lakselusa, har høgare slamoppsamling enn landbaserte anlegg, og nyttar doble barrierar for å minimere rømmingsrisiko. Fire nye Watermoon 2.0 er allereie bestilt, og teknologien er klar for kommersielt løft.
– Me har jobba i det stille i mange år med å utvikle ei løysing som både industrien, naturen og fisken tener på. Watermoon kan produsere matfisk og postsmolt, og egnar seg for dei tøffe forholda langs norskekysten med tåleevne på opptil 6 meter bølgehøgde. No står me ved eit vendepunkt kor teknologien er klar for markedet – og å få Roger med på laget i akkurat denne fasen er heilt perfekt, seier Eide.
Politisk vegskilje – og ein tydeleg beskjed til regjeringa.
Lanseringa av Sørensen som ny CEO skjer same dag som regjeringa legg fram den nye havbruksmeldinga klokka 17:00.
– Timinga er ikkje tilfeldig. Me sender eit tydeleg signal: Det finst allereie teknologi som gjer det mogleg å ta eit grønt havbruksløft i Noreg. Watermoon er klart til bruk – det som no manglar er politisk vilje, seier Eide.
– Skal norsk havbruk vekse vidare, må det skje med teknologi som tek ansvar. Det handlar ikkje lenger berre om volum – det handlar om fotavtrykk. Watermoon viser at det går an å kombinere berekraft, god fiskevelferd og lønsemd. No treng vi at styresmaktene legg til rette for nullutsleppsteknologiar, seier Sørensen.
Han peikar på at teknologi som Watermoon kan sikre at Noreg held posisjonen som leiande havbruksnasjon også i framtida.
– Med rett politikk kan vi ta større globale marknadsdelar, redusere påverknaden på naturen og samtidig styrkje dyrevelferda. Det er framtida – og vi er klare, avsluttar han.
Nye roller og ny heimeside
For å møte etterspurnaden og veksten i Watermoon, vert det no søkt etter fleire nye nøkkelroller – mellom anna CFO og COO – som skal vere med å byggje neste kapittel i selskapet. Dei nye stillingane vert utlyst på www.watermoon.no, der ein òg finn meir informasjon om teknologi, visjon og framtidige moglegheiter.
Kontakter
Sondre EideCEO Eide Family
Tel:478 21 234sondre.eide@efb.noRoger SørensenCEO Watermoon
Tel:915 37 123Om Watermoon
Watermoon er eit nullutsleppsteknologiselskap utvikla av Eide-familien. Teknologien er basert på lukka, nedsenkbar produksjon av laks – utan lakselus, med høg slamoppsamling, låg rømmingsrisiko og dokumentert god fiskevelferd. Watermoon har som mål å setje ein ny standard for berekraftig vekst i havbruksnæringa. Teknologien har vore testa i mange år og er kommersielt moden.
Følg pressemeldinger fra Eide Family
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Eide Family på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.