Forslag til reguleringsplan for E39 mellom Stord og Os er klar
Statens vegvesen har sendt forslag til reguleringsplan til Samferdselsdepartementet. Forslaget til ny veg vil redusere reisetida sør for Bergen med ein time.

Statens vegvesen har utarbeida forslag til statleg reguleringsplan for E39 Ådland-Svegatjørn, også kjent som Stord-Os eller Hordfast. Reguleringsplanforslaget er truleg Statens vegvesen sin mest omfattande reguleringsplan nokon gang, med over 7.000 sider.
Strekningen E39 Ådland-Svegatjørn er i gjeldande Nasjonal transportplan omtalt i utviklingsporteføljen, som det ikkje er rom for å realisere innanfor NTP-perioden 2025-2036. Samstundes vart Statens vegvesen bedt om å ferdigstilla reguleringsplanen for prosjektet. Dette vil gje det beste grunnlaget for å vurdere prosjektet ved en seinare rullering av porteføljen når handlingsrommet tillet det.
55 km ny E39 - erstattar fleire ferjer
Forslaget til reguleringsplan gjeld ny 55 km ny veg. Vegen er planlagd som ein ferjefri, firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t. Ny veg skal erstatta fleire ferjesamband, mellom anna Halhjem-Sandvikvåg. Planen inneheld det som kan bli den lengste brua i Noreg, og verdas lengste flytebru.
Til saman vert det foreslått å byggje fem toplanskryss, fem store bruer, fem til sju tunnelar og 30-32 kilometer med veg i dagen.
Tolaupstunnellar:
- Agdesteintunnelen 1,6 km lang
- Skorsåtatunnelen 2,2 km lang
- Holmatunnelen 1,6 km lang
- Beitehaugtunnelen 470 m lang
- Vardafjelltunnelen 1,6 km lang
- Gjøvågtunnelen 1,8 km lang
- Ostunellen 7,7 km lang
Bruer over 300 meter:
- Bru over Langenuen 1,7 km (Norges 3. lengste bru)
- Bru over Søreid 350 m
- Bru over Bårdsundet 400 m
- Flytebru Bjørnafjorden 5,5 km (Norges lengste bru)
- Bru over Ulvenvatnet
Binde Stavanger-Bergen saman
- Ny veg vil vere eit viktig bidrag for å binde regionen Stavanger-Bergen tettare saman til ein bu- og arbeidsregion. Reguleringsplanen bygger på kommunedelplan som var vedtatt i 2019, der korridor for ny E39 vart avklart, forklarar Kjartan Hove, prosjektdirektør i Statens vegvesen sin utbyggingsdivisjon.
Har vurdert fleire vegstandardar
Som ein del av arbeidet har Statens vegvesen utarbeid ein rapport for å sjå på mogleg redusert vegstandard. Både fartsgrense 90 km/t, 100 km/t, smalare 4-feltsvegveg og 2/3-feltsveg er belyst for å få fram konsekvensar for mellom anna kostnader, nytte, naturinngrep, trafikksikkerheit og andre miljøtema.
- Statens vegvesen har utarbeidd reguleringsplanen i samsvar med konklusjonen i denne rapporten og lagt vegstandard H3 med fartsgrense 100 km/t til grunn, forklarar Hove. I vedtatt kommunedelplan var det forutsett vegstandard H3 og 110 km/t i samsvar med den vegstandarden som var gjeldande på det tidspunktet. Reguleringsplanen har eigen rapport med ei samla vurdering av konsekvensar for naturmangfald.
Nytt styringsmål
Vegdirektoratet har godkjent nytt styringsmål for prosjektet på 53 720 millionar kroner (2023-kroner). Opprinneleg styringsmål omrekna til 2023-kroner var 46 294 millionar. Det er fleire årsaker til kostnadsauken. Mellom anna planskilt kryss ved Kolskogen mangla i KDP-anslag, underestimerte kostnader for grunnerverv og støytiltak, endra krav på vegbreidde frå 20 til 21,5 meter, einingsprisane er gått vesentleg opp samanlikna med førre planfase og at reguleringsplanen synleggjer nødvendige løysningar på eit detaljnivå for å gjennomføre prosjektet, noko som gjer at omfanget av kryssløysingar, sekundærveger med meir har auka.
Har tatt kostnadsgrep
Det er gjennomført ei rekke kostnadsreduserande tiltak i arbeidet med reguleringsplanforslaget. Blant anna er omfanget av spesielt tunnelar, men også bruer i linja redusert.
Desse er erstatta med veg i dagen som har lågare løpemeterpris. Ut frå kost-/nyttevurdering og fordi det gav reduksjon i arealbeslag, godkjende Vegdirektøren å omarbeide reguleringsplanen til firefelts motorveg med fartsgrense 100 km/t.
- Dei kostnadsreduserande tiltaka som er gjennomførte har ei samla innsparing på 1,5 mrd. kr. Utan desse tiltaka ville anslått kostnad på prosjektet auka enda meir frå førre plan, forklarar Kjartan Hove.
For å få ut nytteverdien av prosjektet må heile strekninga frå Svegatjørn til Agdesteinkrysset byggast samla. Den høge nytteverdien av prosjektet er blant anna eit resultat av at fleire ferjestrekningar bli lagt ned og reisetida blir vesentleg redusert frå rundt 90 til rundt 30 minuttar.
Tilrår å sende planen på høyring
-Vi tilrår Samferdselsdepartementet å sende reguleringsplanforslaget til Kommunal- og distriktsdepartementet for vedtak om høyring og offentleg ettersyn. I så fall legg vi deretter opp til å halde folkemøte og opne kontordagar i dei tre kommunane i samband med høyringa, fortel Kjartan Hove i Statens vegvesen.
Relevante dokument til reguleringsplanen kan ein finne på Statens vegvesen sine nettsider.
Nøkkelord
Kontakter
Ellen SlindePlanleggingsleiar, E39 Stord-Os (Hordfast)Statens vegvesen/Utbyggingsdivisjonen
Tel:992 03 238e39stordos@vegvesen.noKjartan HoveProsjektdirektør VestStatens Vegvesen /Utbyggingsdivisjonen
Tel:90 11 05 86kjaratan.hove@vegvesen.noGeir HolenKommunikasjonsrådgiverStatens vegvesen
Tel:95968286geir.holen@vegvesen.noBilder










Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Avlyser konkurranse om rammeavtale for rådgivnings- og prosjekteringstjenester til Fellesprosjektet Arna-Stanghelle15.4.2025 12:06:05 CEST | Pressemelding
For å kunne rette opp i uklarheter i konkurransegrunnlaget, og sikre effektiv konkurranse om anskaffelsen, er det nødvendig å avlyse konkurransen og lyse den ut på nytt.
Arbeid på Fodnes og Mannheller ferjekaiar rett over påske15.4.2025 08:30:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjer arbeid på Fodnes ferjekai natt til onsdag 23. april, og på Mannheller natt til torsdag 24. april.
Mesta skal drifte og vedlikeholde elektroinstallasjoner langs riksvegene i Innlandet11.4.2025 15:51:42 CEST | Pressemelding
Mesta AS inngår en fem-årig kontrakt med Statens vegvesen om drift og vedlikehold av elektroinstallasjoner langs riks- og europavegene i Innlandet samt Øvre Romerike.
E6 i Gudbrandsdalen åpner for normal trafikk10.4.2025 15:48:21 CEST | Pressemelding
Fra fredag formiddag er E6 i Rosten i Sel kommune igjen åpen for toveistrafikk. Det har vært redusert framkommelighet siden det gikk et steinskred over vegen 31. mars.
Nytt tiltak før svinger skal hindre MC-ulykker10.4.2025 09:27:26 CEST | Pressemelding
De siste årene har hver femte dødsulykke i trafikken vært på MC. Nesten halvparten skjedde i en sving. Nå tar Statens vegvesen grep.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom