Fotoalbumet til norsk gullgravar publisert på nett
I samband med Migrasjonsåret gjer Arkivverket norsk gullgravarhistorie tilgjengeleg for alle, når fotoalbumet etter Martin Wølstad er publisert på Digitalarkivet.

Kva får ein 16 år gammal gut frå Stavanger til å forlate alt for å jakte lykka i Amerika? Martin Wølstad var ein av få nordmenn som faktisk gjorde suksess som gullgravar under gullrushet på slutten av 1800-talet. No gir ei sjeldan samling fotografi frå hans tid i Klondike eit unikt innblikk i livet til gullgravarane og urbefolkninga dei møtte.
Martin Wølstad drog til Amerika i 1889, truleg for å finne den forsvunne bror sin. I 1894 kom han til Yukon-området, kor han lærde seg teknikkane for å leita etter gull rett før gullrushet eksploderte i Klondike. Han kom tidleg til Klondike, allereie i 1897. Året før vart det nemleg gjort eit viktig funn av gull i området, som avisar over heile verda skreiv om. Dette inspirerte tusenvis av håpefulle menneske til å dra dit. Mange selde alt dei eigde for å leite etter gull i området. Få var likevel førebudde på det kalde klimaet, den ugjestmilde naturen og kor anstrengande arbeidet var.
Dokumenterer gullrushet
Arkivet som no er digitalisert og gjort tilgjengeleg på Digitalarkivet, består av 70 fotografi. Dei er mellom anna tekne av kjende fotografar som Eric A. Hegg, Arthur C. Pillsbury og Asahel Curtis, som dokumenterte gullrushet og menneska som deltok. Fleire av bileta er kjende frå amerikanske arkiv, men samlinga inneheld også mindre kjende fotografi.
Fotografia viser langt meir enn gullgravarar i arbeid. Dei skildrar også livet i dei mellombelse busetjingane, dei krevjande reiserutene og kvardagen i det ugjestmilde landskapet. Ein del av bileta er av urbefolkninga i Yukon, særleg tlingitane. Dei gir oss ei verdifull innsikt i deira liv, kunsthandverk, seremoniar og møte med nybyggjarane.
Migrasjonshistorie bevart for ettertida
Fotoalbumet må ha vore ei viktig stadfesting på Wølstads eventyrlege reise, både for han sjølv og seinare generasjonar. Det har tydeleg vore flittig brukt og vist fram mange gonger – innbindinga heng ikkje lenger saman, men består av enkeltblad med bilete limt på.
Bileta gir oss ein visuell dokumentasjon av gullrushet og livet menneska levde der. Dei er ei viktig historisk kjelde både for forskarar, etterkommarar og historieinteresserte. No er heile albumet digitalisert og tilgjengeleg på Digitalarkivet, der alle kan bla gjennom det.
Nøkkelord
Kontakter
Helene Synnøve MoSeniorrådgiver og pressekontaktStrategi og kommunikasjon
Tel:93434489helsmo@arkivverket.noBilder










Lenker
Arkivverkets samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og å sikre, bevare og tilgjengeliggjøre et bredt og allsidig utvalg av samfunnets arkiver. Som øverste arkivmyndighet har Arkivverket ansvar for faglige standarder og retningslinjer, tilsyn og veiledning med offentlig arkivarbeid. Arkivverket skal iverksette overordnet nasjonal politikk på arkivfeltet, og bidra til utvikling og styrking av arkivsektoren. Som bevaringsinstitusjon har Arkivverket ansvar for langtidslagring, tilgjengeliggjøring og formidling av statlige arkiver og prioriterte private arkiv.
Følg pressemeldinger fra Arkivverket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arkivverket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Arkivverket
Nå kan du søke i Finnemanntallet for 168630.4.2025 12:38:43 CEST | Pressemelding
I forbindelse med Migrasjonsåret gjør Arkivverket en viktig kilde til innvandringshistorie lettere tilgjengelig.
Migrasjonsåret 2025: Søk i passasjerlister for White Star Line23.1.2025 10:08:20 CET | Pressemelding
Nå kan du søke i passasjerlistene til White Star Line på Digitalarkivet, som en del av Arkivverkets markering av Migrasjonsåret.
Nytt arkivregelverk fører til færre tilsyn i 202514.1.2025 09:17:30 CET | Pressemelding
Arkivverket førebur innføringa av eit nytt arkivregelverk. Overgangen til det nye regelverket inneber store endringar for tilsynsverksemda. For å prioritere arbeidet med implementering og rettleiing av det nye regelverket, vil talet på tilsyn i 2025 bli redusert.
Opnar for eksterne testbrukarar av fototenesta i Digitalarkivet – Bergen byarkiv er først ute7.1.2025 11:43:32 CET | Pressemelding
Arkivverket opnar no for at eksterne arkivinstitusjonar kan teste å publisere fotografiar i Digitalarkivet, i tillegg til digitaliserte dokument. Bergen byarkiv er den første eksterne aktøren som har tatt i bruk den nye fototenesta. Med det er over 7700 historiske bilete frå Bergen no tilgjengelege for publikum.
Arkivutviklingsmidlar 2024: Frå lulesamiske arkiv til kunstig intelligens16.12.2024 14:48:08 CET | Pressemelding
Prosjekt- og utviklingsmidlane til arkiv går i år mellom anna til å ordne lulesamiske arkiv og til automatisk handskriftgjenkjenning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom