15 prosent mindre oksygen i vestlandsfjordar på 30 år
8.4.2025 07:04:10 CEST | Miljødirektoratet | Pressemelding
Oksygennivået i Sognefjorden og andre vestlandsfjordar er redusert med rundt 15 prosent på 30 år. Dette kjem av klimaendringar og auka utslepp.

– Når oksygeninnhaldet i ein så stor fjord som Sognefjorden har vorte redusert med nesten 15 prosent på berre 30 år, blinkar det ei varsellampe, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet.
Har undersøkt dei store fjordane
Ein ny rapport som Norsk institutt for vassforsking (Niva) har laga på oppdrag frå Miljødirektoratet, viser ein nedgang i oksygen på omtrent 15 prosent i botnvatnet i tre større fjordar på Vestlandet. Endringa har skjedd på berre 30 år. Dette gjeld Storfjorden ved Ålesund, Sognefjorden og Byfjorden ved Bergen.
Niva har brukt Sognefjorden som modell for å estimere årsakene til nedgangen i oksygen i dei store fjordane på Vestlandet. Varmare klima står ifølgje rapporten for ein tredel av oksygentapet, medan tilførsler av næringssaltar og partiklar frå fiskeoppdrett, jordbruk, avløp og industri står for to tredelar.
– Varmare klima reduserer i stadig større grad oksygennivåa i store fjordar med låg vassutskifting på Vestlandet. Det gjer at fjordane har mindre evne til å tole andre store påverknadsfaktorar på oksygenet, som utslepp av nitrogen og fosfor frå oppdrettsnæring, jordbruk, avløp og industri, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Ekstra sårbare fjordar
Sognefjorden og mange andre fjordar på Vestlandet er grunne ved innløpet, og djupe innanfor. Dette gjer at det kjem inn mindre friskt og oksygenrikt vatn frå havet utanfor, enn i fjordar utan slike grunne tersklar. Derfor er mange vestlandsfjordar ekstra sårbare både for auka temperaturar og tilførsel av næringssaltar.
– Nivas nye rapport om oksygentrendar i norske farvatn og annan kunnskap om fjordane våre er urovekkjande, og dette betyr at vi er nøydde til å følgje denne utviklinga tett framover, seier Hilde Singsaas.
Kan utfordre dyrelivet på sikt
I Sognefjorden har reduksjonen i oksygen i botnvatnet gjort at miljøtilstanden har gått frå å vere "svært god" til å nærme seg kategorien under, som er "god". Tilførselen av næringssaltar til fjordane har auka kraftig dei siste 30 åra. Ifølgje den nye rapporten har tilførselen av nitrogen til Sognefjorden auka med 50 prosent, og av fosfor med heile 240 prosent.
– Det er per i dag ikkje kritisk fare for at fisk og anna liv i fjordane døyr som følgje av at det har vorte mindre oksygen i vatnet, men viss utviklinga held fram vil dyrelivet få større og større utfordringar, seier Hilde Singsaas.
Dei vedlagde figurane viser tilførsel av næringssalta fosfor og nitrogen til kysten av Sogn og Fjordane i perioden 1990 til 2021. Fiskeoppdrett (akvakultur) er klart største kjelde for tilførsel av både fosfor og nitrogen. Det same biletet gjeld resten av Vestlandet. Kjelde: TEOTIL.
Bilder


Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Økt innsats og færre pukkellaks18.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Tiltak mot pukkellaks har vært svært effektive i mange elver. Mengden har gått ned i Øst- Finnmark, men den fortsetter å spre seg.
Fortsatt behov for streng regulering av laksefisket17.6.2026 09:12:49 CEST | Pressemelding
Statusrapport for norske laksebestander viser at tilstanden er kritisk og at det er få tegn til bedring. Det vil fortsatt være behov for streng regulering av fisket.
Restaurering av marin natur kan bidra til å hjelpe Oslofjorden15.6.2026 14:01:37 CEST | Pressemelding
Restaurering og andre naturforbedrende tiltak kan bidra til en bedre miljøtilstand i fjorden.
Hvor mange er det plass til i naturen vår?11.6.2026 09:34:46 CEST | Pressemelding
Stadig flere velger norsk natur som reisemål. En ny rapport gir Miljødirektoratet gode innspill til hvordan vi kan sikre god besøksforvaltning – slik at naturen tåler presset også i framtiden.
Kor mange er det plass til i naturen vår?11.6.2026 09:34:46 CEST | Pressemelding
Stadig fleire vel norsk natur som reisemål. Ein ny rapport gir Miljødirektoratet gode innspel til korleis vi kan sikre god besøksforvaltning – slik at naturen toler presset også i framtida.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom