HEKATE heksesirkar norsk folkemusikk med fyrste singelen frå debutalbumet sitt.
11.4.2025 09:30:00 CEST | Sounds Like Gold | Pressemelding
I natta og mørket herskar HEKATE. Beståande av tre kroppar med kvar sine særskilde eigenskapar, voktar ho over månen, vegskiljer, og sit med nøkkelen til portalen mellom ulike verdenar.

HEKATE er ein vokaltrio beståande av Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, tre songarar som alle har utmerka seg som soloartistar på den norske musikkscena. Dei slepp sitt debutalbum "Evigheten forestår" på Heilo 13. juni 2025, med Martin Langlie som produsent, og det første du får høyre frå albumet er singelen “Adam uti Paradis” som er ute i dag.
Slåttetralling har lange tradisjonar her i Norge, og etter mange år som ein mindre omtalt del av folkemusikken, har denne undersjangeren fått sin renessanse dei siste tiåra. Albumet består av slåttetralling frå ulike delar av landet, med improvisasjon som eit av hovudelementa. Dei tre stemmene i trioen er både ulike og like, noko som bidreg til å skape eit dynamisk lydbilete med eit breitt spekter av klang.
Hekate oppstod frå eit ynskje om å lyfte fram slåttetralling, og ein klar visjon om songen som sjølve ryggraden i dansefesten. Med mål om å lage euforisk stemning for både dansaren og lyttaren, har dei skapt sitt eiget univers styrt av drivande samspel og intens energi.
Om ein legg til inspirasjon frå den kraftfulle, feminine energien som historisk fylgjer slåttetrallinga og det sterke samhaldet som er i samsongen, sit ein att med eit potent heksebrygg av kompromisslaus kveding i klubbsetting.
Adam uti paradis er ein tradisjonell reinlender frå Agder som dei har lært etter opptak av Tom Willy Rustad. Med ein underleg tekst om Adam i paradis som ét opp ein halvrotten gris, brukar trioen repetitive motiv og improvisasjon for å skape ein dansbar og mektig versjon av slåtten.

Nøkkelord
Kontakter
Jade Marie HasselgårdLabel Manager / A&R / Promotion
Heilo / Odin / Hubro / Simax
Bilder




Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Andre språk
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Anna Lille - 'My Man' - ute nå!11.9.2026 10:05:24 CEST | Pressemelding
"Har du nokon gong vore saman med nokon som vennene dine hata? Då kjem du til å ELSKE denne låta!"
Andreas Rotevatn utforskar motsetnadar på nytt album "Mellom saltvatn og sola"4.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
På sitt andre soloalbum "Mellom saltvatn og sola" tek Andreas Rotevatn publikum med inn i eit musikalsk landskap der progpop, viser, country, frijazz og K-pop lever side om side. Albumet er ei utforsking av motsetnadar og eit forsvar for det nyanserte, i ei tid prega av aukande polarisering. "Mellom saltvatn og sola" er ute no. Lytt her.
Yngvil og Regnvær tar tilbake livet etter bruddet på «Til verden blir helt min»4.9.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
Når et forhold tar slutt kan påminnelsene om eksen finnes overalt. På "Til verden blir helt min" synger Yngvil og Regnvær fra hver sin side av et brudd om det man mister, det man må gi slipp på og det man må ta tilbake for å komme seg videre. Singelen er siste smakebit før Yngvils EP "PS: ikke si det til noen", som kommer 25. september. Lytt til "Til verden blir helt min" her.
Moddi og Kajsa Balto med ny duett: «Knekte greine, Doddjon oavssit» - ute nå!28.8.2026 09:10:00 CEST | Pressemelding
En sang om steder som forblir, skrevet på to språk som speiler hverandre
Et møte mellom erfaring og fornyelse - Ketil Bjørnstad og Sandra Lied Haga i musikalsk dialog på The Gateway28.8.2026 08:45:00 CEST | Pressemelding
Albumet The Gateway presenterer samarbeidet mellom Ketil Bjørnstad og cellisten Sandra Lied Haga, der musikken oppstår i spenningsfeltet mellom erfaring og nysgjerrighet. En åpen dialog der hver tone og hver pause får betydning.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom