Klart for Bypakke Kristiansund
– Med denne bypakka kjem det prosjekt og tiltak både på riksveg, fylkesveg og kommunal veg. Det legg til rette for grøn byutvikling og gode transportløysingar i Kristiansund, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Forslaget til Bypakke Kristiansund som i dag vart lagt fram for Stortinget, er sett saman av veg-, gang-, sykkel- og kollektivtiltak innanfor ei ramme på om lag 2,2 milliardar kroner.
– Med forslaget til Bypakke Kristiansund får folk ein påliteleg og effektiv transportkvardag, der det er lagt godt til rette for å sykle, gå og reise kollektivt, seier Nygård.
Bypakka inneheld fem tiltak på riksveg som skal leggje til rette for betre framkome, fem tiltak på fylkeskommunalt vegnett som skal leggje betre til rette for kollektivreisande og elleve tiltak på kommunalt vegnett med utbetringstiltak for mjuke trafikantar.
Framlegget er i tråd med vedtak frå lokale styresmakter. Finansieringa er basert på bompengar, statlege midlar til nokre mindre investeringstiltak og fylkeskommunale midlar, samt meirverdiavgifta som staten refunderer til Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune for prosjekt og tiltak i bypakka. Det kjem to bomstasjonar på rv. 70 i Kristiansund, og det er lagt til grunn ein innkrevjingsperiode på inntil 15 år med oppstart av innkrevjinga i løpet av 2026, går det fram av forslaget.
Nokre av tiltaka
Prosjektet rundkøyring/undergang rv. 70 Trollsvingen/Røsslyngveien og kollektivfelt Goma–Atlanten vil gi auka trafikktryggleik for gåande og syklande, spesielt gjennom å leggje til rette for trygg skuleveg til nye Folkeparken skule på Goma. Tiltaket vil òg gi betre trafikkavvikling, spesielt for kollektivtransporten.
Rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen er det største prosjektet i bypakka. Det er lagt opp til anleggsstart for prosjektet i 2027. Tiltaket skal bidra til å fremje miljøvenleg transport gjennom å frigjere vegkapasitet til buss og å leggje til rette for gåande og syklande. I tillegg vil prosjektet gi betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik.
Tiltaka ny undergang ved Rensvik og nytt Rensvikkryss ligg etter ferdigstilling fullt og heilt på eksisterande vegar. Samla bidrar desse tiltaka til eit meir trafikktrygt og samanhengande gang- og sykkelvegnett i Rensvikområdet.
Dei mange byutviklings- og kollektivtiltaka på kommunal veg, vil ha stor effekt på Kirklandet, Gomalandet, Nordlandet og nordre del av Freiøya. Tiltaka er primært retta mot mjuke trafikantar, anten som trafikktryggleiks-, sykkel- eller kollektivtiltak. Tiltaka vil samla sett leggje betre til rette for gåande, syklande og kollektivreisande, heier det i framlegget.
I bypakken ligg også fleire tiltak på fylkeskommunal veg som skal leggje betre til rette for dei som reiser kollektivt ved at fleire haldeplassar og ramper får universell utforming. Desse tiltaka har spesielt stor effekt på Kirklandet og Nordlandet, men har òg stor effekt på det samla fylkeskommunale vegnettet i Kristiansund.
Nøkkelord
Om oss
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Vil redusere utslippene fra luftfarten20.5.2025 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringen vil innføre økte krav til biodrivstoff i luftfarten ved å implementere ReFuelEU Aviation.
Oppstart for E134 Røldal – Seljestad19.5.2025 13:55:53 CEST | Pressemelding
Måndag 19. mai sette samferdselsminister Jon-Ivar Nygård første spadestikk for strekninga E134 Røldal - Seljestad. – Dette er første etappe for ein ny og tryggare veg mellom Seljestad og Røldal – eit prosjekt som vil få stor betydning for heile regionen, og for aust/vest-forbindinga i landet, sa Nygård under markeringa.
Offisiell oppstart av arbeid med ny E6 forbi Lillehammer16.5.2025 13:03:32 CEST | Pressemelding
- E6 binder landet sammen fra nord til sør – dette er en av landets viktigste hovedveier. Målet er å få folk og varer fram raskere og tryggere. Det er bra for næringslivet, for innlandet og for alle de som bruker veien i hverdagen, sier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Revidert nasjonalbudsjett 2025: Foreslår auka støtte for å sikre godstogoperatørane15.5.2025 10:45:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å auke løyvingane til godstogoperatørar med 100 millionar kroner. 70 millionar kroner er foreslått i kompensasjon for den langvarige innstillinga av godstrafikken på Dovrebanen tidlegare i år, og 30 millionar kroner er foreslått til tilskotsordninga for å overføre gods frå veg til jernbane.
RNB 2025: Meir vedlikehald av riksvegane våre15.5.2025 10:45:00 CEST | Pressemelding
- I tråd med ny NTP ønsker regjeringa å ta betre vare på vegane våre. Gode og trygge vegar er viktig for beredskapen i landet, og for alle dei som er avhengig av vegane i kvardagen – både som arbeidsplass og transportåre. Derfor foreslår vi over 300 millionar kroner meir til vedlikehald av riksvegar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom