Fosseforedraget og Fosseprisen 2025: Feiring av skaparkraft og litteratur på Slottet og Nasjonalbiblioteket 24.–26. april
Torsdag 24. april går det aller første Fosseforedraget av stabelen på Slottet. Den franske filosofen Jean-Luc Marion vil halde det nyskrivne foredraget Skaping, før kronprinsesse Mette-Marit deler ut den nyoppretta Fosseprisen for omsetjarar til tyske Hinrich Schmidt-Henkel.

Den norske musikaren og komponisten Anja Lauvdal framfører eit nytt verk for trøorgel og synth, inspirert av teksten til Marion. Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre leier tilstellinga.
– Dette blir ein kulturell møteplass som vil inspirere til samtale om litteratur både i Noreg og internasjonalt. I Jon Fosse si ånd vil vi løfte fram litteraturen og tenkinga både i og rundt litteraturen, og det er bakgrunnen for at regjeringa har lagt til rette for eit årleg foredrag og ein årleg pris, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
– Vi er stolte over å ha fått dette oppdraget frå regjeringa og glade for at kronprinsesse Mette-Marit, som høg beskyttar for Fosseforedraget og Fosseprisen, løftar fram desse nye institusjonane ved å invitere dei inn på Slottet, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.
Tilgjengeleg for folk i heile Noreg
På Nasjonalbiblioteket i Oslo og enkelte folkebibliotek kan publikum følgje heile seremonien i ei direktestrøyming frå Slottet. NRK vil òg gjere det tilgjengeleg i sine flater, slik at eit breitt publikum kan få med seg denne historiske hendinga.
– Vi ønskjer at Fosseforedraget og Fosseprisen skal vere tilgjengeleg for folk i heile Noreg. Difor legg vi til rette for at alle kan ta del i tilstellinga – både gjennom direktestrøyming og eit arrangementsprogram som gir djupare innsikt i foredraget og synleggjer kor viktig omsetjing er for å gjere vår kultur tilgjengeleg for verda, seier Sira Myhre.
Det blir høve til å møte både Jean-Luc Marion og Hinrich Schmidt-Henkel når Nasjonalbiblioteket inviterer til ei rekkje arrangement i dagane etter foredraget. Gjestar som filmskapar og forfattar Margreth Olin, forfattar Hanne Ørstavik og journalist og forfattar Alf van der Hagen bidreg til å kaste lys over tankane og ideane i Fosseforedraget og om den viktige rolla omsetjarar spelar i å gjere norsk litteratur tilgjengeleg for eit internasjonalt publikum.
Fosseforedraget vil også bli gitt ut i bokform på nynorsk, fransk og engelsk.

Program for publikum på Nasjonalbiblioteket:
- Torsdag 24.04. kl. 16
Fosseforedraget og Fosseprisen 2024. Følg direktestrøyming frå Slottet
På Nasjonalbiblioteket kan ein ta del i heile seremonien på Slottet. Om ein vil førebu seg, er boka med foredraget tilgjengeleg i bokhandelen på Nasjonalbiblioteket frå morgonen av. - Fredag 25.04. kl. 17
Ein samtale om kunst og skaping. Margreth Olin intervjuar Jean-Luc Marion.
I sitt nyskrivne fosseforedrag Skaping har Jean-Luc Marion undersøkt korleis kunsten og litteraturen blir til. For å snakke med Marion om dette kjem filmskapar og forfattar Margreth Olin. I fleire av verka sine tematiserer Olin den store krafta som finst i naturen og mellom menneske – spørsmål som både ho og Marion er opptekne av. Samtalen går føre seg på engelsk. - Fredag 25.04. kl. 19
Vi les Fosseforedraget Skaping av Jean-Luc Marion
Bli med på kollokviegruppe når forfattar Hanne Ørstavik, teolog Ragnar Misje Bergem og litteraturvitar Louisa Olufsen Layne saman bryner seg på det ferske Fosseforedraget. Kva fortel Marion om litteratur, skaparkraft og kvalitet? Og kva meiner panelet om det han skriv? Samtalen blir leia av litteraturkritikar Margunn Vikingstad, som også har omsett Fosseforedraget til nynorsk. - Laurdag 26.04. kl. 16
Samtale med Fosseprisvinnar Hinrich Schmidt-Henkel
Hinrich Schmidt-Henkel blir omtalt som ein nøkkelperson i formidlinga av norsk litteratur til Tyskland, og han er den første som blir tildelt Fosseprisen for omsetjarar. På scenen denne laurdagen møter han journalist og forfattar Alf van der Hagen til ein samtale om språk, kulturutveksling og norsk litteratur i Tyskland.
Alle arrangement er gratis, og ein kan hente ut billettar på nettsidene til Nasjonalbiblioteket. Her kan ein også følgje arrangementa på strøyming. For å ta del i arrangementet inne på Slottet må ein vere særskilt innbydd.
Nasjonalbibliotekbaren ved CREDO held ope. Der får ein servert mat og drikke som er forankra i norsk matkultur. Det er tillate med mat og drikke i arrangementssalane på biblioteket.

Ei årleg heidring av Jon Fosse
Regjeringa har lagt til rette for Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar, i regi av Nasjonalbiblioteket, som ei årleg heidring av nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse.
Den Høgvørde Kronprinsessa Mette-Marit er beskyttar for både Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar.
Den franske filosofen Jean-Luc Marion held det første Fosseforedraget på Slottet 24. april 2025, der også tyske Hinrich Schmidt-Henkel vil ta imot den første Fosseprisen for omsetjarar.
Foredragshaldar og prisvinnar i 2025
Jean-Luc Marion (f. 1946) er ein av dei største nolevande tenkjarane i Europa og er særleg oppteken av tema som kjærleik, kunst og Gud som fenomen. Marion sit som ein av dei udøyelege i Académie française og er professor emeritus ved Sorbonne og universitetet i Chicago. Han har skrive ei rekkje bøker, blant andre God without Being (1982) og Revelation Comes From Elsewhere (2024). Sistnemnde er omtalt som eit meisterverk.
Hinrich Schmidt-Henkel (f. 1959) har omsett heile 120 norske verk til tysk, blant anna av Ibsen, Vesaas, Askildsen, Løveid, Lillegraven og Fosse. Han har omsett alt frå barnebøker og poesi til drama og romanar. Schmidt-Henkel blir heidra for si evne til å gjenskape den språklege rikdommen i nynorsk og bokmål på tysk, og for sitt gode arbeid for å løfte fram norsk litteratur og dramatikk internasjonalt.
Nøkkelord
Kontakter
Nina BræinPresseansvarligNasjonalbiblioteket
Tel:951 50 912presse@nb.noBilder





Lenker
Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalbiblioteket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Nasjonalbiblioteket inngår historisk avtale med landets aviser om innhold til kunstig intelligens19.12.2025 12:50:49 CET | Pressemelding
Kopinor og Nasjonalbiblioteket har i dag signert en historisk avtale om bruk av innhold fra landets aviser i trening av norsk kunstig intelligens. Staten betaler 45 millioner kroner årlig for avtalen, som gjør det mulig å utvikle språkmodeller av høy kvalitet til fri bruk i samfunnet. Norge er først i verden med å få på plass en slik avtale.
Nasjonalbiblioteket får ansvar for ny global KI-organisasjon for bibliotek, arkiv og museer4.12.2025 11:44:57 CET | Pressemelding
Mer enn 40 institusjoner fra hele verden møttes i London 3. desember for å inngå en samarbeidsavtale om bruk av kunstig intelligens i bibliotek, arkiv og museer. Med dette er AI4LAM (Artificial Intelligence for Libraries, Archives, and Museums) etablert som en global organisasjon. Nasjonalbiblioteket får det administrative ansvaret for AI4LAM de tre første årene.
Opplev samisk utvandringshistorie i Blodspor på Nasjonalbiblioteket24.11.2025 11:21:46 CET | Pressemelding
Blodspor, en spesiallaget forestilling fra Tromsø-kompaniet Ferske Scener, fyller Nasjonalbiblioteket lørdag 29. november. Med utgangspunkt i samisk utvandring til USA og den norske migrasjonen til Sápmi, inviteres publikum til delta i rom som for anledningen er gjort om til Sápmi, USA … og framtiden.
Opplev samisk utvandringshistorie i Blodspor på Nasjonalbiblioteket24.11.2025 11:21:46 CET | Pressemelding
Blodspor, ei spesiallaga framsyning frå Tromsø-kompaniet Ferske Scener, fyller Nasjonalbiblioteket laurdag 29. november. Med utgangspunkt i samisk utvandring til USA og norsk migrasjon til Sápmi blir publikum inviterte til å ta del i rom som for høvet er gjorde om til Sápmi, USA … og framtida.
Terje Tvedt gir nye perspektiver på Norges historie i foredragsrekke på Nasjonalbiblioteket27.10.2025 11:55:00 CET | Pressemelding
Hvordan ble Norge det landet det er i dag? I en serie på fem foredrag tar Terje Tvedt, publikum med fra istidens slutt for 12 000 år siden og fram til dagens samfunn – i en fortelling om Norges historie du neppe har hørt før.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom