Første salve på siste vegtunnel på Sotrasambandet
Fredag kveld gjekk første salve på den fjerde og siste vegtunnelen på Sotrasambandet.

Den 650 meter lange Knarrviktunnelen går mellom Valaskiftet og Arefjordpollen på Sotra. Knarreviktunnelen får to tunnelløp med to felt i kvar retning.
Gjennomslag i tunnelen er venta mot slutten av 2025. Massane frå tunneldrivinga blir frakta til Arefjordpollen og Storavatnet i Loddefjord.
God framdrift
Sotra Link Construction som er hovudentreprenør på Noregs største veganlegg har god framdrift fram mot den planlagde opninga i juni 2027. Produksjonen på anlegget er stor, og totalt jobbar det kring 1000 personar i prosjektet. I sum har dei jobba kring to millionar arbeidstimar.
100 gravemaskiner er i sving ute og til no er det gjennomført over 4000 sprengingar, og det er mange som vert påverka av arbeidet.
- Det er krevjande å bygge eit stort veganlegg tett inn på mange naboar og trafikk. Vi er glade for at folk er tolmodige med oss, og vi gjer det vi kan for å løyse oppgåva på ein god måte, seier prosjektsjef Lene Sælen Rivenes i Statens vegvesen.
Prosjektdirektør i Sotra Link Construction Pedro Manuel Rodríguez Hernández er godt fornøgd med å være i gang med den siste tunnelen.
- Vi gler oss over å ta fatt på den siste av vegtunnelane på Sotrasambandet. Vi er svært stolte av innsatsen og effektiviteten til det dyktige tunnellaget hos Sotra Link Construction, til tross for utfordrande tilhøve.
Ordførar i Øygarden kommune Tom Georg Indrevik som har anleggsarbeidet rett utanfor kontoret sitt på rådhuset gler seg over framdrifta.
- Det er no to år sidan vi markerte oppstarten og fyrte av den første salva for sambandet. Vi ser at det er stor aktivitet langs heile traseen, og eg opplever at det er god framdrift i prosjektet. Det er viktig at vi som trafikantar bidreg til at prosjektet får gode «arbeidsvilkår» og om mogleg unngår å køyra med privatbil på riksvegen i rushtida, seier ordføraren.
Kø av milepålar
Anleggsarbeidet starta 22. mars i 2023. To år seinare er mange milepålar oppnådde.
Vi hadde gjennomslag i Kolltveittunnelen april 2024. Arbeid med innreiing av tunnelen er godt i gang.
Brutårna på Nye Sotrabru har nådd 100 meter på begge sider av Vatlestraumen. Tårna vil stå ferdige i sommar, og arbeidet med å trekke kablane mellom dei to tårna startar i haust.
I Drotningsviktunnelen er vi komne rundt ein kilometer inn i den 1,9 kilometer lange tunnelen.
Ny vegbru over Straumsundet er godt i gang og det vert no arbeidd med peling for ny bru over Bildøystraumen. Dette arbeidet vil fortsette i 2025 og 2026
Gjennomslag i Straumetunnelen
Gjennomslag i den 740 meter lange Straumetunnelen er venta etter påske.
Tre fjerdedelar av utfyllinga i Storavatnet er utført . Dette området skal bli nytt grøntanlegg, og blir etablert etter at Bergen kommune når Sotrasambandet har opna.
Over 60 andre konstruksjonar er og del prosjektet, inkludert vegbruer, gang- og sykkelbruer, kulvertar og støttemurar.
Det vert og bygd 14 kilometer med gang- og sykkelveg. Driving av to av dei tre gang- og sykkeltunnelar på traseen er godt gang . I tillegg går det føre seg arbeid med fleire av gang- og sykkelbruene som skal krysse den over nye riksvegen.
Fakta:
- Rv. 555 Sotrasambandet er et av Noregs største vegprosjekt. Prosjektet omfattar bygging av 9,4 km firefelts veg frå kryss med fv. 562 ved Storavatnet i Bergen til kryss ved fv. 561 ved Kolltveit i Øygarden kommune. Om lag 4,6 km går i tunnel.
- OPS-kontrakten (offentleg -privat samarbeid) som er tildelt Sotra Link har en verdi på 19,8 milliardar kroner. Kontrakten ble signert i mai 2022. Byggetida for ny firefelts veg er fem år, og prosjektet skal opne for trafikk i 2027.
- Kontrakten er den største enkeltkontrakten som er inngått av Statens vegvesen opp gjennom alle tider. Totalramma for prosjektet er 23,1 milliardar 2022-kroner, inklusive førebuande arbeider som starta i 2018.
Nøkkelord
Kontakter
Lene Sælen RivenesStatens vegvesen, Utbygging
Tel:+47 932 27 521lene.saelen.rivenes@vegvesen.noBilder







Lenker
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Fullskalaøvelse i rv. 150 Granfosstunnelen31.3.2025 20:00:02 CEST | Pressemelding
Førstkommende onsdag, 2. aprilm stenger Statens vegvesen Rv 150 Granfosstunnelen klokka 21.30-00.30.
E6 i Rosten i Gudbrandsdalen blir stengt inntil videre31.3.2025 19:54:46 CEST | Pressemelding
Etter steinskredet som gikk over E6 i Rosten i natt, må rasområdet ryddes og sikres. På grunn av det bratte og utilgjengelige terrenget må alt sikringsarbeidet gjøres med håndholdt utstyr.
Signert kontrakt i Nappstraumen31.3.2025 15:30:50 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har inngått kontrakt med OneCo Infra AS for oppgradering av Nappstraumtunnelen på E10 i Lofoten. Hovedjobben starter i august.
Utsetter utfyllinga i Kipervika til juni31.3.2025 13:23:59 CEST | Pressemelding
Etter utfordringer med å unngå spredning av partikler utenfor siltgardinene, blir utfyllinga i Kipervika satt på vent til etter torskens gyte- og yngleperiode. Arbeidet kan gjenopptas i midten av juni.
Startar bygging av ny Røldalstunnel til sommaren31.3.2025 13:05:56 CEST | Pressemelding
I dag signerte Statens vegvesen med arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS kontrakten for bygging av ny E134 Røldal-Seljestad.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom