Øydelagt natur skal reparerast 50 nye stader
27.3.2025 08:57:09 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
Miljødirektoratet deler i år ut 21,5 millionar kroner i tilskot til å reparere natur som øydelagde bekker, myrar og kulturlandskap.

– Vi har alltid levd av og med naturen i Noreg. Den skal vi ta vare på, og vi skal restaurere natur som er øydelagd. Å restaurere natur krev både kompetanse og tid. Det er svært oppmuntrande at så mange vil bidra i dette viktige arbeidet, og at både kommunar, fylkeskommunar, organisasjonar og privatpersonar har søkt om pengar frå tilskotsordninga til regjeringa for restaurering av natur, seier klima- og miljøminister, Andreas Bjelland Eriksen.
– Gjennom å tildele midlar til naturrestaurering bidreg vi til å forbetre tilstanden i naturen og bevare mangfaldet av artar og naturtypar i Noreg. Det er ikkje lenger nok å verne naturen, vi må også restaurere det vi har øydelagt, seier Hilde Singsaas, direktør i Miljødirektoratet.
Miljødirektoratet tildeler i år 21,5 millionar kroner til restaurering av natur over denne tilskotsordninga, noko som er meir enn det dobbelte av i fjor. Dette er mogleggjort etter ein stor auke av midlar til dette formålet i statsbudsjettet for 2025.
– Kunnskapen om og engasjementet for naturrestaurering er sterkt aukande. Miljødirektoratet vil arbeide for å gjere ordninga meir kjent slik at vi får endå fleire gode søknader neste runde, seier miljødirektør Singsaas.
Desse får støtte
I år gir vi mellom anna støtte til opning av bekker, restaurering av flaumsletter fleire stader i Noreg og restaurering av open grunnlendt kalkmark ved Oslofjorden.
Vidare eit det gitt midlar til å restaurere myr i Finnmark og på Vestlandet, til å fjerne framande treslag og til å rydde beite- og slåttemark før vidare skjøtsel.
Sjå heile oversikta her: Tilskudd til naturrestaurering - Søknadssenter
Fylkeskommunar kan også søkje
Frå og med i år fekk også fylkeskommunar høve til å søkje midlar.
Miljødirektoratet fekk i år 78 søknader. 50 % av desse kom frå kommunar og fylkeskommunar, medan dei resterande var jamt fordelte mellom privatpersonar og organisasjonar. Totalt vart det søkt om 38 millionar kroner.
– Vi håpar at endå fleire kjem på banen til neste år, slik at meir naturrestaurering kan starte opp, seier Singsaas.
Les meir om naturrestaurering her: Naturrestaurering - miljodirektoratet.no
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ulv felt i Sør-Fron kommune20.7.2026 16:45:55 CEST | Pressemelding
Mandag 20. juli ble det felt en hannulv i Sør-Fron kommune.
Stenger laksefisket i flere elver i Midt-Norge16.7.2026 14:34:54 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer ytterligere inn på fisket i elver der situasjonen er kritisk. Gaula, Orkla og Verdalselva stenges fra 1. august.
Klare for forsøk på felling av ulv15.7.2026 17:12:42 CEST | Pressemelding
Staten naturoppsyn har tilknyttet seg lokale jegere fra kommunale skadefellingslag i oppdraget fra Klima- og miljødepartementet om å felle ulven som har skadet sau i Gausdal og Oppdal.
Klare til å følge opp ulven10.7.2026 15:10:43 CEST | Pressemelding
Statens naturoppsyn er på plass med personell for å følge opp den genetisk verdifulle ulven som har skadet sau i Trøndelag og Innlandet.
Retting: Feil i melding om laksefisket8.7.2026 20:10:36 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer inn fisket i seks elver, ikke ni slik det stod i opprinnelig pressemelding.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom