Vil forby ein av dei mest skadelege framande krabbane i verda
27.3.2025 20:16:01 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
Miljødirektoratet foreslår å forby import av levande eksemplar av den svært skadelege kinaullhåndskrabben, og seks andre krabbeartar.

– Kinaullhåndskrabben er ein framand art som står på terskelen til å kunne etablere seg i Noreg. Den kan gjere stor skade, særleg på livet i elvane. Derfor foreslår vi no å forby all import av levande eksemplar av krabben, som kan vere attraktiv mellom anna for ein del restaurantar, seier direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas.
Grev ut elvebredder og er altetande
Kinaullhåndskrabben blir rangert på 34. plass blant dei 100 verste framande artane i verda, av Verdens naturvernunion (IUCN). Den forårsakar erosjon på grunn av den intensive gravinga si langs elvebredder, og kostar ifølgje IUCN fiskeri og akvakultur fleire hundre tusen dollar årleg på verdsbasis. Den norske Artsdatabanken vurderer kinaullhåndskrabben til å utgjere svært høg risiko. Den har stort invasjonspotensial, og kan gi lokale artar konkurranse om maten ved å ete store delar av botndyra. Den kan overleve vinteren utandørs.
Gjorde større beslag på Svinesund
I 2023 gjorde tollstyresmaktene eit beslag av levande kinaullhåndskrabber og andre krabbar på Svinesund. Slik import har ikkje tidlegare vore kjend. På oppdrag frå Miljødirektoratet laga derfor Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) ein rapport, der dei vurderte miljørisikoen ved import av levande krabbar. VKM konkluderte med at kinaullhåndskrabben og fleire av dei andre krabbane har eit stort potensial for å etablere seg i sjøen og i ferskvatn i Noreg. I Sverige har kinaullhåndskrabben klart å etablere seg både langs kysten og i dei store innsjøane Mälaren og Vänern. Der har han hatt negative effektar på andre artar.
– Vi fryktar at import av levande kinaullhåndskrabbe kan føre til at arten spreier seg ut i norsk natur, og etablerer seg som ein konstant trussel mot artsmangfaldet i elvane våre, seier miljødirektør Hilde Singsaas.
Forslag om forbod sendt ut på høyring
Miljødirektoratet har no sendt eit forslag til endring av forskrift om framande organismar ut på høyring, som inneber forbod mot innførsel, omsetning og utsetjing av levande kinaullhåndskrabbe og seks andre skadelege framande krabbeartar.
Forslaget inneheld også ei rekkje andre endringar i forskrifta, som vil gjere den til eit betre verktøy for å forhindre at nye framande skadelege artar får etablere seg i norsk natur.
Bilder

Andre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Ulv felt i Sør-Fron kommune20.7.2026 16:45:55 CEST | Pressemelding
Mandag 20. juli ble det felt en hannulv i Sør-Fron kommune.
Stenger laksefisket i flere elver i Midt-Norge16.7.2026 14:34:54 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer ytterligere inn på fisket i elver der situasjonen er kritisk. Gaula, Orkla og Verdalselva stenges fra 1. august.
Klare for forsøk på felling av ulv15.7.2026 17:12:42 CEST | Pressemelding
Staten naturoppsyn har tilknyttet seg lokale jegere fra kommunale skadefellingslag i oppdraget fra Klima- og miljødepartementet om å felle ulven som har skadet sau i Gausdal og Oppdal.
Klare til å følge opp ulven10.7.2026 15:10:43 CEST | Pressemelding
Statens naturoppsyn er på plass med personell for å følge opp den genetisk verdifulle ulven som har skadet sau i Trøndelag og Innlandet.
Retting: Feil i melding om laksefisket8.7.2026 20:10:36 CEST | Pressemelding
Miljødirektoratet strammer inn fisket i seks elver, ikke ni slik det stod i opprinnelig pressemelding.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom