Fann miljøfarlege stoff i kosmetikk
13.3.2025 10:34:34 CET | Miljødirektoratet | Pressemelding
Miljødirektoratet har kontrollert kosmetikk og fann at fleire av produkta inneheldt miljøfarlege stoff. Dei var dermed ulovlege å selje.

Miljødirektoratet har delteke i eit europeisk tilsynsprosjekt der vi kontrollerte kosmetikk for innhald av PFCA (inkludert stoff som kan gjerast om til PFCA i miljøet), som er ei gruppe forbodne PFAS-stoff. Desse stoffa vart forbodne frå februar 2023 på grunn av dei miljøfarlege eigenskapane .
Styresmakter frå 13 europeiske land deltok i prosjektet, og det vart til saman kontrollert 4500 kosmetiske produkt, hovudsakleg ved å gå gjennom ingredienslista av produkta. I den europeiske kontrollen vart det funne forbodne stoff i 6 % av dei kontrollerte produkta, men det var stor variasjon frå land til land utor type kontrollar som vart gjorde. Dei forbodne produkta var i alle prisklassar.
Målet med prosjektet var å bevisstgjere bransjen på endringane i regelverket og få ein status på korleis verksemdene etterlever dei nye reglane.
Kontrollerte produkt hos 14 nettbutikkar
Miljødirektoratet kontrollerte 43 produkt hos 14 nettbutikkar, som rettar seg mot norske forbrukarar. I ingredienslista til 10 produkt frå 10 ulike nettbutikkar fann vi PFCA. Dette gjaldt eyeliner, lipliner, hårserum og barberkrem. Verksemdene som stod bak nettbutikkane var i hovudsak norske.
-Regjeringa er oppteken av at produkta vi kjøper, ikkje skal inneheld kjemikaliar som kan skade miljøet eller helsa vår. Alle skal kunne vere trygge på at produkta vi omgir oss med og bruker, ikkje vil gjere oss sjuke i framtida. Vi har forbode denne gruppa stoff fordi dei verken brytast ned eller forsvinn frå miljøet, og på sikt kan dei dukke opp igjen i mat og drikkevatn og skade helsa vår. Dei som sel varer, har også eit ansvar for at produkta ikkje inneheld ulovlege stoff, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Miljødirektoratet gjennomførte kontrollen ved å sjekke om PFCA stod oppført på ingredienslista til produkta. Vi valde ut produkt vi mistenkte ville innehalde desse stoffa, og resultatet seier derfor ikkje noko om i kor stort omfang det blir selt produkt med desse ulovlege stoffa i Noreg.
-Nettbutikkane stansa salet av dei ulovlege produkta etter at vi bad dei om det. Verksemdene som importerer og sel kosmetikk er ansvarlege for å sjekke kva produkta inneheld og unngå stoff som er forbodne, seier Anne-Marie Vikla, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.
Miljøfarlege stoff
Stoffgruppa PFCA og stoff som kan gjerast om til PFCA er forboden fordi dei er skadelege for helse og miljø. Hovudproblemet med PFCA er at dei er svært stabile og i svært lita grad blir brotne ned i miljøet. Menneske kan bli eksponerte for stoffa via mat og drikke.
Stoffgruppa PFCA og andre PFAS-er har ei rekkje ulike effektar på helse og miljø. Mellom anna finn vi effektar på immunsystemet, lever og stoffskiftet i menneske, medan i dyrestudiar er det også funne at stoffa kan forårsake kreft og fosterskadar.
Regelverket
Miljøfarlege stoff i kosmetikk blir regulerte i Reach- og Pops-regelverket, der Miljødirektoratet er tilsynsmakt.
Helsefarlege stoff i kosmetikk er regulerte i forskrift om kosmetikk og kroppspleieprodukt, der Mattilsynet er styresmakt.
Kontakter
PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noFølg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Halvparten av EE-produktene var forbudte å selge24.6.2026 13:35:40 CEST | Pressemelding
En europeisk kontroll av produkter viste at halvparten inneholdt forbudte stoffer og dermed var ulovlige å selge. Miljødirektoratet deltok i aksjonen sammen med 12 andre land.
Følger med på sjelden ulv22.6.2026 15:15:49 CEST | Pressemelding
En ulv innvandret fra den finsk-russiske bestanden er påvist i Oppdal i Trøndelag. Ulven kan bli et viktig genetisk tilskudd til ulvebestanden.
Økt innsats og færre pukkellaks18.6.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Tiltak mot pukkellaks har vært svært effektive i mange elver. Mengden har gått ned i Øst- Finnmark, men den fortsetter å spre seg.
Fortsatt behov for streng regulering av laksefisket17.6.2026 09:12:49 CEST | Pressemelding
Statusrapport for norske laksebestander viser at tilstanden er kritisk og at det er få tegn til bedring. Det vil fortsatt være behov for streng regulering av fisket.
Restaurering av marin natur kan bidra til å hjelpe Oslofjorden15.6.2026 14:01:37 CEST | Pressemelding
Restaurering og andre naturforbedrende tiltak kan bidra til en bedre miljøtilstand i fjorden.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom