Forlengjer nattestenging E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru til påske
12.3.2025 15:23:26 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Grunna forseinkningar har ikkje Vegvesenet hatt ynskt framdrift på E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru i Voss herad.

– Dårlig vér i det siste har stengt Hardangervidda, noko som har gjeve auka trafikk på E16. Det har gjort at vi ikkje har kunne stengja som planlagt, og framdrifta har difor ikkje vore slik vi hadde lagt opp til. Difor må vi no forlengja nattestenginga fram til påske, altså ut veke 15, seier byggjeleiar Vegard Klette i Statens vegvesen.
Opphavleg skulle nattestenginga vore avslutta torsdag denne veka.
Slik blir trafikkreguleringa
Vinteren er ikkje over enno, så Statens vegvesen tek høgde for fleire stengingar på Hardangervidda. Trafikkreguleringa ved Kvarmakløvet blir som før:
¤ Stengd klokka 00.00-03.00
¤ Sleppa gjennom trafikk 03.00-03.15
¤ Stengd klokka 03.15-06.00
Stenginga finn stad natt til måndag, tysdag og onsdag og torsdag i fire veker til.
Det er ingen lokale omkjøringsalternativ medan vegen er stengd.
– For å minimera ulempene for trafikantane, har Statens vegvesen difor lagt arbeidet til tida på døgnet då det er minst trafikk. Og me har avgrensa jobben til fire netter i veka, understrekar byggjeleiaren.
Prosjektet har også arbeid på dagtid, med stenging i 15 minutt om gongen når det er naudsynt. Dette gjev redusert fartsgrense til 50 km/t der det føregår arbeid, og 70 km/t der det ikkje vert jobba.
– Ta omsyn til dei nedsette fartsgrensene. Dei er sette slik for å vareta tryggleiken også for dei som gjer vegarbeid. Overalt kor det er vegarbeid, må farten setjast ned i tråd med regelverket, avsluttar Klette.
Gjer meir på E16
Prosjektet som gjev breiare og meir oversiktleg veg, med gul midtstripe og kvit kantstripe, er ikkje det einaste Statens vegvesen gjer for å ta vare det me har, i dette tilfellet E16 nord i Voss herad.
– Vi legg no sprutbetong i samband med brannsikring i Stalheimstunnelen. Jobben tek maksimalt 14 dagar. Arbeidstidene er klokka 20.00-06.00, med opning for trafikk annankvar time. I tillegg blir det opning for å koordinera med opninga gjennom Kvarmakløvet, seier teknisk byggeleiar tunnel Ivar Bergstrøm Lutro i Statens vegvesen.
Nøkkelord
Kontakter
Vegard KletteByggeleiar Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:982 59 563vegard.klette@vegvesen.noIvar Bergstrøm LutroTeknisk byggeleiar, Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:99232264ivar.bergstrom.lutro@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Flere trafikkomlegginger når Vestre Strandgate stenges i høstferien23.9.2026 14:50:59 CEST | Pressemelding
Det blir flere trafikkendringer i perioden 25. september til 5. oktober i forbindelse med arbeidene med midlertidig rundkjøring.
Skogrydding langs E39 i Brusdal23.9.2026 11:02:33 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uka skogrydding langs E39 i Brusdal på strekningen mellom fylkesveg 5948 og Fremmerholden. Målet er bedre trafikksikkerhet og enklere vinterdrift.
No er dato for oppstart i Lærdalstunnelen klar23.9.2026 10:48:50 CEST | Pressemelding
16. november startar oppgraderinga av Lærdalstunnelen på E16. Trafikantane må førebu seg på 12-timars stengingar og tilpasse reisevanane sine.
Vurderer strakstiltak mot sykkelulykker23.9.2026 06:45:00 CEST | Pressemelding
Ti syklister har mistet livet i år. Nå varsler Statens vegvesen hastegrep for å bedre sikkerheten og inviterer til nasjonal sykkeldugnad.
Ny gang-og sykkelvei på E39 ved Vekslet i Ørsta22.9.2026 13:55:56 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uken arbeidet med ny gang- og sykkelvei og busslomme langs E39 ved Vekslet friluftsområde i Ørsta. Den eksisterende bussholdeplassen blir stengt i anleggsperioden, som etter planen varer til 30. november 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom