Kjønnsbevisstheitsveka ved UiT
6.3.2025 10:00:12 CET | UiT Norges arktiske universitet | Pressemelding
I samband med 8. mars, blir Kjønnsbevisstheitsveka arrangert i veke 10/11. Det betyr mange dagar med fokus på kjønn og likestilling ved UiT Norges arktiske universitet.

Kjønnsbevisstheitsveka (KBV), også kjent som Gender Awareness Week (GAW), vart etablert i 2020, men aktivitetar knytte til den internasjonale kvinnedagen har vore ein tradisjon ved UiT i mange år. KBV byr på eit variert program med seminar, workshops, filmar og utstillingar både i Tromsø, Alta og Harstad.
– Ei veke i samband med 8. mars samlar me aktivitetar som kan relaterast til kvinnedagen og presenterer dei under paraplyen KBV. Det kan vera arrangement og undervisning som likevel skal skje, og aktivitetar som blir spesielt utvikla for denne veka, seier Ann-Therese Lotherington professor i sosiologi og fagleg leiar for Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SSK).
Formålet med KBV er å auka medvitet blant tilsette, studentar og allmenta om den vedhaldande relevansen til kvinnedagen. For SSK er dette også ein del av mandata deira, nemleg å rekruttera studentar og tilsette til kjønnsstudium.
Alle er velkomne
Lotherington understrekar at arrangementa er opne for alle, sjølv om nokon passar best for studentar, andre for tilsette, og nokon for eit breiare publikum.
– Alle bør kome, for kjønns- og mangfaldsrettar er under stort press, ikkje minst med Trumps administrasjon i USA – og det spreier seg! Vi kan ikkje ta for gitt dei rettane me ein gong kjempa fram. Kampen må haldast ved like og fornyast heile tida. Det er det me vil minne om denne veka, og det bør folk få auga opp for, seier Lotherington og oppmodar:
– Folk må kome og delta på dei offisielle 8. mars-arrangementet på laurdag!
I Tromsø sentrum startar markeringa med appellar og tog ved Domkirkeparken kl. 14.00 på laurdag ettermiddag.
Alltid aktuell markering
På spørsmål om kva publikum bør sitja igjen med etter å ha delteke på Kjønnsbevisstheitsveka, svarer Lotherington:
– At kampen for kvinners og andres rettar ikkje er over, at det må kjempast vidare. Og ikkje minst, at me må tenkja på og bidra til internasjonal solidaritet på kvinnedagen. Ute i verda er det mange som ikkje har, eller mistar rettane sine akkurat no.
Programmet for KBV er tilgjengeleg på Tavla, der dei ulike dagane har eigne sider med lenkjer til arrangementa. Her kan du undersøkja kva som skjer og velja det som interesserer deg.
PS! På laurdag i Tromsø før det offisielle 8. mars-arrangementet, kan du ein time tidlegare få med deg Lørdagsuniversitetet i Rødbanken. Tema er Reproduktiv helse – kvifor unge kvinner bør bry seg om jod.
Nøkkelord
Kontakter
Ann-Therese LotheringtonProfessor i sosiologi og fagleg leiar for Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SSK)UiT Norges arktiske universitet
Tel:47 77 64 57 15Tel:47 918 11 551ann.t.lotherington@uit.noUiT Norges arktiske universitet
UiT Norges arktiske universitet er et breddeuniversitet med elleve studiesteder over hele Nord-Norge. Vi har 4000 ansatte og 17 000 studenter. Vår visjon er å skape et nasjonalt og internasjonalt kraftsenter for kompetanse, vekst og nyskaping i nordområdene.
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Operasjon Barnehagedagsverk 11. november9.11.2026 10:30:00 CET | Presseinvitasjon
11. november arrangerer vi Operasjon barnehagedagsverk. Vi markerer dette ved å sende ansatte ved barnehagelærerutdanningen ved UiT, studenter, politikere, barnehageeiere, presse og andre interesserte ut i barnehagefeltet.
Mari Boine-prisen: Ny pris for nyskaping i samisk musikk26.10.2026 15:51:22 CET | Pressemelding
Sami Music Week og UiT etablerer innovasjonspris som skal hedre artister og låtskapere som har bidratt til å utforske og utvikle samiske musikkuttrykk.
Ny doktorgrad om Michelin-restauranten Kvitnes gård20.10.2026 08:46:04 CEST | Pressemelding
På Kvitnes er selv små meitemarker i jorda viktige. For ved å ta vare på jorda, så blomstrer både maten og lokalsamfunnet, ifølge den ferske doktorgraden ved UiT Norges arktiske universitet.
Stramt budsjett, men gode nyheiter for helse- og ingeniørutdanningane7.10.2026 12:18:36 CEST | Pressemelding
Statsbudsjettet kom med gode nyheiter for Gutar og helsefag og ingeniørutdanningane. Samtidig får Senter for samisk helseforsking store utfordingar.
Statsbudsjettet: UiT får millioner til langsiktig romforskning2.10.2026 10:02:13 CEST | Pressemelding
UiT blir del av en nasjonal satsning for romforskning, sammen med UiO, UiB og NTNU. Regjeringen foreslår 40 millioner i 2027, med dobling årene etter.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom