Uvêr på Vestlandet og i Midt-Noreg: Vegar kan bli stengt på kort varsel
5.3.2025 14:48:45 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Det vert framleis svært krevjande vêr- og føreforhold på Vestlandet og i Midt-Noreg det neste døgnet. Årsaka er mykje regn, vind, og omslag til mildvêr i fjellet.

Varsom.no har sendt ut ei rekkje farevarsel på raudt og oransje nivå som allereie påverkar situasjonen på vegane. Slik vil det også halda fram det neste døgnet.
Varsla gjeld mellom anna fare for mykje regn, snøskred, jord-, sørpe og flaumskred, og dessutan mykje vind for fylka Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Omslag til mildvêr i fjellet i Sør-Noreg vil gjere situasjonen endå meir krevjande.
– Vegar, bruer og fjellovergangar både på riks- og fylkesvegnettet kan bli stengt på kort varsel, også preventivt, for å unngå alvorlege hendingar. Utsette ferjestrekningar kan bli stengt i periodar med sterk vind. Trafikantane bør vurdera om og når dei bør køyra, og førebu seg godt, seier Svenn Egil finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.
Farevarsel frå Rogaland i sør til Trøndelag i nord
Områda som er råka av farevarsla frå varsom.no er:
- Vestland og Rogaland nord for Boknafjorden: Det vil framleis koma mykje nedbør i form av regn på Vestlandet, særleg i indre strøk. Regnvêret er venta å nå toppen tidleg onsdag kveld, og vil først byrje å minke etter midnatt, natt til torsdag. I kombinasjon med omslag til mildvêr i fjellet gir dette svært stor fare for flaum og skred, også torsdag.
- Møre og Romsdal og Trøndelag: Mykje regn, særleg sør i Møre og Romsdal, og fare for flaum og skred. Også mykje vind med kraftige vindkast innover land, med sterk storm og mogleg orkan på kysten, særleg frå natt til torsdag frem til torsdag ettermiddag.
- Fjellet i Sør-Noreg: Sterk vind onsdag og torsdag i heile området, og omslag til mildvêr er venta å føre til utfordrande forhold. Den kraftigaste vinden er venta i nordlege fjellstrøk første del av torsdagen.
Sjå oversikt over stengde og kolonnekøyrde vegar i Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag (lenka blir oppdatert automatisk).
Sjekk vêr- og føremeldingar før du køyrer
– Trafikantar som må ut på vegane i dei aktuelle områda bør sørgje for å vere godt førebudd. Sjekk vær- og føremeldingar, og hald deg oppdatert undervegs, oppmodar Finden.
– Det beste tipset eg har er å laste ned appen Vegvesen trafikk, og aktivere varsel for området du ferdast i. Då er du alltid oppdatert på dei viktigaste trafikkmeldingane som er relevante for deg, seier han.
Finden ber også trafikantar ta ekstra forholdsreglar, med tanke på at både vegar, bruer og fjellovergangar kan bli stengde på kort varsel:
– Syt for at bilen har full tank eller fullt batteri, og ta med ekstra drikke, mat og varme klede. Då er du betre rusta viss du blir ståande i kø, seier han.
Her finn du oppdatert informasjon:
- www.vegvesen.no/trafikk (trafikkinformasjon)
- Informasjon om appen Vegvesen trafikk
- www.varsom.no (farevarsel)
Nøkkelord
Kontakter
Svenn Egil FindenAvdelingsdirektørStatens vegvesen Drift og vedlikehold Vest
Tel:95148614svenn.finden@vegvesen.noVegtrafikksentralen Midt
Tel:72474500vts-midt@vegvesen.noVegtrafikksentralen Vest
Tel:55577460vts-vest@vegvesen.noPressevakt Transport og samfunn
* Trafikksikkerhet og ulykkesstatistikk
* Trafikktall
* Fotobokser/fartskontroll
* Skilt
* Bompenger
* Trafikkstyring og beredskap
* Teknologi
* Klima og miljø
* Plansaker
* Nasjonale turistveger (Pressekontakt: 91104480)
* Norsk vegmuseum (Pressekontakt: 61285250)
Bilder

Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Vedlikehold på E39 Nygårdsbroen12.5.2026 12:42:42 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjør nødvendig vedlikeholdsarbeid på E39 Nygårdsbroen i nordgående retning, altså mot Bergen sentrum, 22. – 26. mai.
Køyr mjukt i mai – to utfartshelger med stor trafikk og sårbare trafikantar12.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Både onsdagen før Kristi himmelfartsdag og fredagen før pinse blir blant dei travlaste trafikkdagane i mai.
Stenseth maskin skal bygge døgnhvileplass for tungtransport ved E39 Stormyra11.5.2026 11:56:51 CEST | Pressemelding
Orkanger-entreprenøren Stenseth maskin AS skal bygge den nye døgnhvileplassen for tungtransport ved Stormyra i Heim kommune.
Syklister dør mens bilister blir tryggere: EU-rapport slår alarm11.5.2026 09:32:10 CEST | Pressemelding
Syklister blir ikke tryggere i trafikken – mens bilister blir det. En ny rapport fra European Transport Safety Council (ETSC) viser nesten stillstand i nedgangen i sykkeldødsfall i EU. Nå ber ekspertene om 30 km/t der biler og sykler møtes, og mer sykkelveier.
Legg om lokaltrafikken i E39 Veibustkrysset9.5.2026 09:54:37 CEST | Pressemelding
Måndag morgon blir trafikken lagt om på lokalvegane for dei som skal av og på E39 i Veibustkrysset.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom