Forsvaret

Pressemelding: Viktig øving før oppdrag med britisk hangarskipsstyrke

Del

Dei neste tre vekene vil britiske Wildcat-helikopter trene saman med norske marinefartøy i
fjordane på Vestlandet, for å sikre god integrering før dei skal operere side om side under
deployering med Storbritannia sitt flaggskip, hangarskipet HMS Prince of Wales.

Hangarskipsstyrka skal ut på eit åtte månadars langt oppdrag, saman med norske fartøy og andre allierte fartøy. Fregatten KNM Roald Amundsen er det einaste fartøyet som skal vere med på heile
oppdraget, og KNM Maud skal støtte gruppa på delar av deployeringa. Under oppdraget skal
den norske fregatten ha eit britisk Wildcat-helikopter om bord.


Ein viktig del av årets Tamber Shield-øving blir difor å sikre god integrering av Wildcat-
helikopter med norsk fregatt. Tamber Shield har blitt gjennomført to gongar tidlegare, med
fokus på å utvikle taktikk for kystnære operasjonar i tronge fjordar utanfor Bergen. Dette blir
eit fokus i år også, men i tillegg vil dei trene på å handtere torpedo- og missilangrep - og på
alle område sikre ei tett integrering mellom Royal Navy og Sjøforsvaret.


Frå Sjøforsvaret vil fregatten KNM Otto Sverdrup og forsyningsfartøyet KNM Maud delta, og
frå Royal Navy vil fire P2000 patruljefartøy og fire Wildcat-helikopter delta.

– Tamber Shield er ein utmerka arena for å vidareføre den tette integrasjonen mellom
Royal Navy og Sjøforsvaret. Øvinga gir oss også moglegheita til å gjere dei siste
førebuingane før den kommande deployeringa med hangarskipsstyrken. Tamber
Shield demonstrerer tydeleg det unike forholdet mellom den britiske og den norske
Marinen, seier sjef Marinen, flaggkommandør Kyrre Haugen.

Kontakter

Om Forsvaret

På oppdrag frå politikarane løyser Forsvaret ei rekkje oppdrag for å halde Noreg trygt. Forsvaret er det sterkaste verkemiddelet norske styresmakter har. Politikarane har bede Forsvaret om å løyse fleire oppgåver på vegner av samfunnet. Vi har samanfatta oppgåvene våre i fem hovudoppdrag:

  1. Forsvare Noreg og Noregs allierte
  2. Overvake og drive etterretning
  3. Trygge grensene og sikre handlefridom for politikarane
  4. Samarbeide internasjonalt
  5. Støtte det sivile Noreg

Følg pressemeldinger fra Forsvaret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Forsvaret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Forsvaret

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye