– Vi må hindre tap av kulturarv
26.2.2025 07:00:00 CET | Riksantikvaren | Pressemelding
Riksantikvaren ønskjer auka beredskap og gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for kulturminne, kulturmiljø og landskap. No er ein ny nasjonal rettleiar på feltet klar.

– Kulturminne og kulturmiljø er ikkje godt nok integrert i den nasjonale beredskapen. Det bøtar vi på no, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Målsettinga er å minske øydelegging og å hindre tap av kulturarv ved ekstreme hendingar som naturkatastrofar eller samfunnskrisar, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Rettleiaren er laga i tett samarbeid med fleire kommunar i ulike delar av landet. Sunndal, Lillehammer, Lom og Skjåk, og Oslo har bidratt i arbeidet med å teste den ut . Den er testa i fleire ulike typar kulturmiljø, blant anna i freda bygnadsmiljø, vassvegar, mellomalderkyrkjegard, i ein militærleir og i tette trehusmiljø.
– Verda er meir ustabil, og vi må ta inn over oss at kulturarven vår er utsett. Om vi taper kulturminne, tapar vi samstundes noko av vår felles historie og viktige ankerfeste, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Totalberedskap – Kulturarv inn i lokale planar
10. januar i år la regjeringa fram stortingsmeldinga for totalberedskap «Forberedt på krise og krig» Meld. St. 9 (2024-25). Der kjem det tydeleg fram at kulturarven skal takast i vare når beredskapspolitikken i Noreg skal meislast ut for dei neste åra. Då vil denne rettleiaren vere eit nyttig verktøy for kommunar, fylkeskommunar og eigarar av kulturmiljø.
– Konsekvensar av klimaendringar, krig og væpna konflikt kjem stadig nærare, og vi må vere førebudd på at Noreg også kan verte ramma, seier Geiran.
Rettleiaren følgjer norsk standard for krav til risikovurdering, og legg seg tett opptil Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB) sine malar for utføring av risiko- og sårbarheitsanalysar. Det er gjort for at tiltak for kulturmiljø skal vere enklare å integrere i kommunale beredskapsplanar som allereie er laga.
Kommunane står ovanfor eit stort og komplekst arbeid med beredskap. Difor er det viktig at ein nyttar seg av eit så likt system som mogleg, slik at beredskapen blir mest mogleg sameint.
– Når verdsarven i Syria og Ukraina blir utsett for målretta angrep, og vi ser reaksjonane når kjende og kjære kulturminne som Notre-Dame og Børsen stå i flammar, så står det klart for oss at vi må ha nasjonal beredskap for vår eigen historie, seier Geiran.
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder





Lenker
Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Skal lage nytt forslag til områdefredning15.4.2026 10:49:20 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren har laget en ny versjon av fredningsforslaget til området rundt Bergenhus festning. Nå blir det en rekke dialogmøter i Bergen.
Riksantikvaren: - gir fem forskningsoppdrag i 202613.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå er lista over hvem som får årets forskningsoppdrag fra Riksantikvaren klar.
Riksantikvaren_ - gir fem forskingsoppdrag for 202613.4.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No er lista over kven som får årets forskingsoppdrag frå Riksantikvaren klar.
Riksantikvaren hyller Norges VM-drakt20.3.2026 15:29:03 CET | Pressemelding
– Jeg blir kjempeglad av å se ett av våre flotte verdensarvsteder representert på den norske landslagsdrakten, sier riksantikvar Hanna Geiran.
Freder kvensk gård med røtter tilbake til 1600-tallet16.3.2026 08:00:00 CET | Pressemelding
Nergaardhuset på Nedrum gård er et av de eldste i Lyngen kommune, og har vært i kontinuerlig bruk i over 300 år. Nå freder Riksantikvaren gården som et sted av nasjonal verdi.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom