Naudsynt med nattestenging på E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru
20.2.2025 07:30:00 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen startar å sprengja på E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru, og må difor stengja vegen størstedelen av fire netter i veka.

Dette finn stad i veke 9-11, frå og med natt til 24. februar til og med 13. mars.
Arbeida startar sundag kveld, med fysisk stenging av vegen ved midnatt.
Slik vert stengjetidene
Trafikkreguleringa vert som fylgjer:
¤ Stengd klokka 00.00-03.00
¤ Sleppa gjennom trafikk 03.00-03.15
¤ Stengd klokka 03.15-06.00
Stenginga finn stad natt til måndag, tysdag og onsdag og torsdag dei aktuelle vekene.
– Etter tre veker med stenging på natt, går me tilbake til arbeid utelukkande på dagtid, med stenging éin time, frå klokka 12.15-13.15, seier byggjeleiar Vegard Klette i Statens vegvesen.
Det er ingen lokale omkjøringsalternativ medan vegen er stengd.
– Me har forståing for at dette er krevjande for trafikantane, men på grunn av tryggleiken for alle må me stengja vegen medan me sprengjer. For å minimera ulempene for trafikantane, har me difor valt å leggja arbeidet til den på døgnet då et det er minst trafikk. Og me har avgrensa jobben til fire netter i veka, understrekar byggjeleiaren.
Det vil framleis vera anleggsarbeid på dagtid. Dette gir redusert fartsgrense til 50 km/t der det føregår arbeid, og 70 km/t der det ikkje vert jobba.
– Ta omsyn til dei nedsette fartsgrensene. Dei er sette slik for å vareta tryggleiken også for dei som gjer vegarbeid. Overalt kor det er vegarbeid, må farten settast ned i tråd med regelverket.
Dette er prosjektet
Anleggsarbeida på den tre kilometer lange E16-strekning vil føregå fram til oktober 2026.
– Statens vegvesen skal etablera gul midtstripe og kvit kantstripe, slik vi tidlegare har gjort på Tvinno-Løno. Me held dermed fram med å forbetra E16 gjennom Voss herad, til glede for alle trafikantar, seier Klette.
Åsbrekkegjelet-Skromle bru er i dag smal og har dårleg sikt. Første fase i arbeidet er å sprengja i terrenget, slik at vi kan breiddeutvida vegen slik at han oppfyller krava til forsterka midt- og kantoppmerking, avsluttar Klette.
Strekninga Åsbrekkegjelet-Skromle vert gjennomsnittleg trafikkert av 4127 køyretøy dagleg. Det er dette som heiter årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 17 prosent, eller 701, lange køyretøy (tungtrafikk).
Dokka Entreprenør AS er entreprenør på prosjektet, som har ein kontraktssum på 117 millionar pluss moms.
Nøkkelord
Kontakter
Vegard KletteByggeleiar Statens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:982 59 563vegard.klette@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Ny rasteplass opnar ved Lærdalsfjorden15.10.2026 12:41:59 CEST | Pressemelding
Tysdag 20. oktober opnar Statens vegvesen ein ny rasteplass på Røyrnes langs fylkesveg 5627 i Lærdal kommune.
Forventer lange og saktegående køer på E1814.10.2026 14:08:57 CEST | Pressemelding
Innsnevringer på E18 kan gi store forsinkelser ut av Oslo vestover de siste helgene i oktober. Statens vegvesen oppfordrer til å la bilen stå.
Gang- og sykkelvegen langs E14 får ny sluttfrist14.10.2026 11:23:35 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen har vedtatt å justere sluttfristen for byggingen av gang- og sykkelvegen langs E14 mellom Stjørdal og Hegramo. Ny sluttfrist for kontrakten er 11. mai 2027.
E134 Oslofjordtunnelen stengt i perioder grunnet sprengning13.10.2026 13:07:38 CEST | Pressemelding
Denne uken starter de forberedende arbeidene ved Storsand i Hurum for den nye E134 Oslofjordtunnelen. Tunnelen blir stengt i perioder på 30 minutter.
Sikringsarbeid langs E6 ved Ronglan13.10.2026 12:07:01 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter 19. oktober sikringsarbeider i bergskjæringene langs E6 ved Ronglan i Trøndelag.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom