Over halvparten av norske grunnskuleelevar har for lite uteområde på skulen
Ein ny rapport viser at 39 prosent av norske grunnskular har for liten skulegard. I byar er det berre 13 prosent som oppfyller minimumsnorma.

Rapporten har blitt laga på bakgrunn av ein omfattande kartlegging av 372 representative grunnskular over heile landet.
Det er fyrste gong ein har fått tal på kor stor plass norske elevar har til å vere aktive i skuletida.
Den gjeldande minimumsnorma er at kvar elev skal ha 50 kvadratmeter kvar.
– Uteområde har mykje å seie for borns utvikling, helse og trivsel, seier Emma Charlott A. Nordbø (NMBU), ein av forskarane bak rapporten.
– Norma viser kommunane viktigheita av å prioritere nok plass til elevar, men til no har det vore uklart kor mange skular som faktisk oppfyller tilrådinga.
Rapporten er laga på oppdrag frå Helsedirektoratet, og blir grunnlaget i vidare arbeid med retningslinjer.
350 000 elevar har for lite uteområde
Funna frå forskarar frå NINA, NIH og NMBU viser at norske elevar i gjennomsnitt har 67 kvadratmeter per elev.
Men det er store skilnadar mellom skular, og mange skular har svært små uteområde, særleg i byane.
Berre 13 prosent av grunnskulane i urbane strøk har stort nok uteområde. Det vil seie at over 350 000 norske elevar kvar dag har for liten plass i friminutta, seier prosjektleiar Zander Venter, forskar i Norsk institutt for naturforskning (NINA).
Skeivfordeling forsterkar sosiale skilnader
Forskarane har også sett på kva type uteområde skulane har, og kva slags grøntareal som finst i nærleiken av skulen. Det vil seie i ein radius på 200 meter frå skulens eigedom.
Her kjem byskulane dårleg ut på begge hald.
Skulane som har dei minste uteareala, har også mindre natur og naturlege element som gras, tre og sand/stein, og meir menneskapte overflater som asfalt, betong, gummifelt og kunstgras.
– Det gir grunn til bekymring når vi ser at dei elevane som i utgangspunktet har minst tilgang til natur, også har dei dårlegaste skulegardane. Dette kan forsterke sosiale skille og sementere allereie eksisterande forskjellar i barns oppvekstvilkår, seier Venter.
Uteareal er avgjerande for helse og læring
Rapporten peikar også på andre konsekvensar for elevar på skular med små uteområde i urbane strøk.
Lite natur kan påverke elevanes helse, trivsel og læring.
– Når skulegardane blir mindre går det ofte utover tilgang til natur viser undersøkinga vår. Kvifor skal vi bry oss om det? Jo, fordi vi veit frå tidlegare forsking at tilgang på natur og grøntareal mellom anna gir betre læring, seier Vidar Ulset, førsteamanuensis ved Institutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier på NIH.
Tidlegare forsking har vist at det å ha natur rundt seg gir betre konsentrasjon, kan dempe ADHD-symptom og har mange positive helseutfall.
Ulset meiner derfor at elevar på urbane skular har ei klar ulempe, og fortener meir tilgang på natur i skulekvardagen.
– Kanskje vi burde tenkt heilt motsett? At elevar i tettbygde strøk burde bli kompensert for at dei bur og går på skule i by, og dermed fått tilgang til større uteområde og natur i skulegarden?
Nøkkelord
Kontakter
Egil JahrenSenior kommunikasjonsrådgiverNMBU - Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
Fakultet for landskap og samfunn
Emma Charlott Andersson NordbøFørsteamanuensisInstitutt for folkehelsevitenskap / NMBU
Tel:+4767231269emma.charlott.andersson.nordbo@nmbu.nowww.nmbu.no/om/ansatte/emma-charlott-andersson-nordboAnna Olga SyverhusetKommunikasjonsrådgiverNINA - Norsk institutt for naturforskning
Pressekontakt for Zander Venter (NINA).
Gjermund Erikstein-MidtbøKommunikasjonsrådgiverNIH - Norges idrettshøgskole
Pressekontakt for Vidar S. Ulset
Lenker
Om oss
NMBU har studier og forskning som møter de store globale spørsmålene om miljø, bærekraftig utvikling, bedre folke- og dyrehelse, klimautfordringer, fornybare energikilder, matproduksjon og areal- og ressursforvaltning.
Følg pressemeldinger fra Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)
Solve Sæbø blir ny rektor på NMBU11.4.2025 14:02:44 CEST | Pressemelding
Solve Sæbø er valgt til ny rektor på NMBU. Hans rektorteam bestående Elin Kubberød og Erik Trømborg fikk 51,37 prosent av stemmene.
Høyere boutgifter forsterker ulikhetene i Norge9.4.2025 12:51:56 CEST | Pressemelding
I Oslo og Viken er det mange som bruker mer enn 30 prosent av inntekten sin på bolig. Det tyder på et alvorlig økonomisk problem.
En tid for satsing på landbruk og mat3.4.2025 12:53:35 CEST | Pressemelding
Når landets forsvar og beredskap nå skal styrkes, må matforsyningen og matsikkerheten være en integrert del av vår beredskap. Dette er bare mulig hvis matproduksjon er et attraktivt område å jobbe og investere i.
Ny forskning fra NMBU: Probiotiske bakterier kan forbedre fiskehelsen i norsk lakseoppdrett1.4.2025 13:25:06 CEST | Pressemelding
Marius Steen Dobloug har i sitt doktorgradsarbeid vist at forebyggende behandling med et utvalg av probiotiske aliivibrio-bakterier kan bidra til forebygging mot biologiske utfordringer som har plaget oppdrettsnæringen i mange år.
Tre nye år til forskningssenter som utvikler løsninger for gjenbruk av masser31.3.2025 18:23:50 CEST | Pressemelding
Forskningsrådet har bevilget midler til tre nye år for SFI earthresQue. Støtten gir senteret mulighet til å utvikle nye løsninger for sirkulær håndtering og gjenbruk av jord, byggematerialer og andre overskuddsmasser.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom