Strammar til reaksjonsbruken i tilsyn med steinstøv
Rundt halvparten av verksemdene Arbeidstilsynet har kontrollert, gjer ikkje nok for å forhindre at tilsette blir eksponerte for kreftfarleg steinstøv. No doblar Arbeidstilsynet tilsynsinnsatsen, og varslar strengare reaksjonsbruk.

Arbeidstilsynet gjorde rundt 100 tilsyn med steinstøv i 2024. I gjennomsnitt avdekte vi brot i 80 prosent av tilsyna.
– Dei førebyggande tiltaka er ofte ikkje tilstrekkelege. Det gir ein høg risiko for at arbeidstakarar blir eksponerte for det farlege kvartsstøvet. Derfor aukar vi no innsatsen mot steinstøv. I 2025 har vi planlagt 200 tilsyn med steinstøv, seier direktør i Arbeidstilsynet, Ingvill Kvernmo.
Manglar tiltak hos halvparten av verksemdene
Arbeidstilsynet gjennomfører tilsyn for å førebygge at arbeidstakarar blir utsette for farleg steinstøv. Tilsyna viser at 48 prosent av verksemdene ikkje har gjennomført tilstrekkelege tiltak for å fjerne eller redusere helserisikoen knytt til farleg steinstøv
– Fleire av tiltaka krev betre utstyr og rutinar, for at arbeidstakarane skal kunne utføre arbeidsoppgåvene på ein forsvarleg måte. Dette er ei utfordring som bransjen og byggherrar må ta innover seg, seier Kvernmo.
Samtidig understrekar ho at Arbeidstilsynet har god dialog med bransjen, og opplever at fleire utstyrsleverandørar ønsker å utvikle gode løysingar i samarbeid med bransjen.
– Inspektørane våre melder også tilbake om at fleire verksemder er i gang med gode prosessar for å redusere eksponeringa av steinstøv, seier Kvernmo.
Varslar lovbrotsgebyr
Sjølv om regelverket for å førebygge eksponering av farleg steinstøv er tydeleg, er det framleis for mange verksemder som ikkje har gode nok tiltak for å førebygge at arbeidstakarane blir eksponerte for steinstøv.
– Vi ser at det no er nødvendig å stramme til reaksjonsbruken og vurderer fortløpande lovbrotsgebyr når vi avdekker alvorlege og omfattande brot. Ved særleg alvorlege brot vil vi politianmelde forholda, seier direktør Ingvill Kvernmo.
– Dette kan for eksempel vere ved gjentakande brot knytt til internkontroll og manglande tiltak for eksponering av farleg steinstøv, utdjupar Kvernmo.
Utset lovbrotsgebyr for fjerning av steinstøv
Arbeidstilsynet ser at ein stor del av anleggsverksemdene foreløpig ikkje har utstyr som sikrar tilstrekkeleg fjerning av steinstøv. For å gi dei anledning til å skaffe nødvendig utstyr, maskiner og tenester, vil det vere ein overgangsperiode, men frå 1. januar 2026, vil også brot knytt til tilstrekkeleg avsug og fjerning av steinstøv bli vurdert for lovbrotsgebyr.
Arbeidstilsynet vil også gjennomføre tilsyn med byggherrar, for å kontrollere at byggherren tar ansvaret sitt etter byggherreforskrifta, med konkrete tiltak i SHA –planen (plan for tryggleik, helse og arbeidsmiljø).
Fakta om kvarts
- Krystallinsk silika, også kalla kvarts, er eit av dei vanlegaste minerala i jordskorpa, og finst i varierande mengder i dei fleste bergartar, sand og leire.
- Eksponering for kvarts skjer i hovudsak ved innanding av støv ved handtering av kvartshaldig stein og sand som ved gruvedrift, ved fjellboring, ved knusing, kutting og rivning av stein og betong og i tunnel-, anleggs- og bygningsverksemd.
- Noreg fastsette i 2021 ein ny grenseverdi for respirabelt krystallinsk silika på 0,05 mg/m3.
- Det grøne skiftet fører til eit større fokus på at bygningar skal rehabiliterast i staden å rivast og byggje nytt. Dette fører til meir innvendig riving og bearbeiding av eksisterande bygningsmasse som ofte består av betong og murstein. Byggjemateriale som murstein og betong kan innehalde opptil 30% av mineralet kvarts.
Fakta om helserisiko knytt til kvarts
- Helserisikoen ved kvarts er først og fremst knytt til innanding av støv som blir danna når materiale blir omarbeidde slik at små partiklar blir frigjorde.
- Det er dei minste steinstøvpartiklane som treng lengst ned i lungene som er farlegast. Dei minste partiklane blir kalla respirable, og er så små at dei ofte ikkje kan sjåast med berre auga.
- Kvartsstøv er kjent for å forårsake silikose, fall i lungefunksjon, astma, allergi og KOLS.
- Respirabelt kvartsstøv er også kreftframkallande og kan føre til lungekreft. I tillegg kan kvartsstøv gi akutte helseplager som hoste, slim og sårheit i luftevegane.
Hvordan redusere støveksponering
Tekniske tiltak for å redusere støveksponering:
- Arbeidsutstyret er i samsvar med regelverket og utstyrt med oppsamlingssystem
- Lukka førarhytte med HEPA-filter og overtrykk
- Vatning for å dempe støvet
Organisatoriske tiltak handlar om god planlegging, organisering og tilrettelegging av arbeidet:
- Samtidig arbeid og opphald i forureina soner må avgrensast
- Det er viktig med gode rutinar for drift, vedlikehald og reinhald
- Arbeidstakarane må få opplæring i gode arbeidsvanar, som til dømes å ikkje dra med støv inn i førarhytte eller på eterom/anleggsbrakke, og å lukke vindauge i førarhytte.
Kontakter
Pressekontakt ArbeidstilsynetPressekontakt
Tel:40031788presse@arbeidstilsynet.noOm Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet er en statlig etat, underlagt Arbeids- og sosialdepartementet. Etatens hovedoppgave er å føre tilsyn med at virksomhetene følger arbeidsmiljølovens krav.
Følg pressemeldinger fra Arbeidstilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Arbeidstilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Arbeidstilsynet
Mye støyskader blant bygge- og anleggsarbeidere18.2.2025 12:31:39 CET | Pressemelding
Ansatte i bygg- og anleggsbransjen sliter mer med rygg- og armsmerter, nedsatt hørsel og arbeidsskader som fører til fravær, enn gjennomsnittet av arbeidstakere. Det viser en ny rapport. Den skaden som oftest blir meldt inn, er støyskader.
20 døde på jobb i 20243.2.2025 06:45:00 CET | Pressemelding
I fjor døde 20 arbeidere på jobb i Norge. Dette er det laveste antallet arbeidsskadedødsfall noensinne.
Påminnelse fra Arbeidstilsynet: Husk å strø på arbeidsplassen!10.1.2025 09:00:04 CET | Pressemelding
Det kan være krevende å jobbe ute når det er glatt. Arbeidstilsynet minner om at arbeidsgiver har ansvar for å redusere risikoen for at arbeidstakere skal skli eller falle på arbeid.
Flere ukrainske flyktninger er i jobb, men språk kan være en utfordring16.12.2024 09:53:35 CET | Pressemelding
88 000 ukrainske flyktninger har hittil kommet til Norge. Flere og flere er nå i jobb. Arbeidstilsynets erfaringer viser at de jobber hos seriøse arbeidsgivere, men at språk kan være en utfordring.
Tilsyn på Svalbard: Flere feil og mangler i innkvartering10.12.2024 07:43:31 CET | Pressemelding
Arbeidstilsynet avdekket en rekke feil og mangler under tilsyn på Svalbard i forrige uke uken. -Særlig fant vi mangler knyttet til sikkerhet i innkvartering, sier seksjonsleder.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom