Mindre behov for statleg felling av jerv
Aldri før har så mange jerv vorte felt i lisensfellingsperioden. 78 jervar er felte av lisensjegerar i perioden fram til 15. februar.

– Det er eit mål å forvalte jervebestanden så nært bestandsmålet som mogleg. Dette bidreg til å sikre legitimiteten til rovdyrpolitikken, og balansen mellom å ta vare på både beitenæringane og rovdyra våre. Jerv er det rovdyret som gjer størst skade på beitedyr, og bestanden har over fleire år vore over det målet Stortinget har fastsett. Derfor er eg glad for at det i år er felt fleire jerv enn tidlegare og for den innsatsen lokale jegerar har lagt ned, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Særleg god innsats i Innlandet og Trøndelag
– For jerv er vi no mykje nærare Stortinget sitt mål om at lisensfelling skal vere det viktigaste verktøyet for å regulere bestanden. Særleg i Innlandet og Trøndelag har det blitt gjort ein god innsats lokalt i mange område, seier Ivar Myklebust, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.
Status for felling av jerv er som følgjer etter enda lisensfelling:
- 78 jervar er det rekordhøge talet på jerv som er felt i lisensfellingsperioden
- 9 jervar er i tillegg felte av Statens naturoppsyn (SNO)
- Statens naturoppsyn sitt fellingsoppdrag i delar av Møre og Romsdal og i delar av Finnmark blir vidareført.
- Miljødirektoratet vil fortløpande vurdere behovet for ekstraordinære fellingar av jerv utover vinteren.
Miljødirektoratet melde allereie før jul at lisensfellinga av jerv låg an til å bli vellukka. Resultatet etter at perioden for lisensfelling vart avslutta 15. februar er at 78 dyr har blitt felt av lisensjegerane i landet jaktåret 2024/2025. Dette er rekord med god margin i tala frå nyare tid. 60 dyr var den førre rekorden som vart resultatet i alle de i tre åra 2016/2017, 2020/2021 og 2021/2022.

Jerv er det rovdyret som gjer største skade på beitedyr. Stortinget har vedtatt at bestandsmålet for jerv er 39 valpekull per år. Det blei i 2024 registrert 61 kull (9 av dei 61 vart avliva i hiuttak etter avgjerd frå direktoratet).
Direktoratet gjer årlege vurderingar av behovet for ekstraordinære uttak av jerv for å regulere bestanden mot måltala i dei ulike rovviltregionane. I 2024 er det primært i fylka Trøndelag og Innlandet at bestanden av jerv var betydeleg over bestandsmåla.
Effektive jegerar
Resultata frå lisensfellinga viser gode tal frå både i Innlandet, der 42 jerv av ein samla kvote på 45 dyr er blitt belasta kvotane, og i Trøndelag der 21 jerv av ein kvote på 24 jerv er blitt felt. For begge fylka er dette høge tal målt mot tidlegare år. Også totalt for landet er uttaket av jerv som er gjort til no, større enn tidlegare år.
– Dei fellingane som er gjort i løpet av hausten og vinteren vil redusere skadepotensialet for sau og tamrein i områda der jervane er felt. Behovet for ekstraordinære uttak frå Miljødirektoratet blir mindre når jegerane lukkast. Det å klare å regulere bestanden utan bruk av Statens naturoppsyn (SNO) til ekstraordinære uttak er målet, som vi er nærare no enn nokon gong før, seier Myklebust.
Framleis behov for ekstraordinære uttak
Parallelt med lisensfellinga, har Miljødirektoratet iverksett nokre ekstraordinære uttak av jerv, og Statens naturoppsyn (SNO) har i januar og februar i år felt 9 jervar på slike oppdrag.
Miljødirektoratet vil vidareføre to av oppdraga til SNO om felling av jerv. Dette gjeld for eit oppdrag i delar av Møre og Romsdal og eit oppdrag i delar av Finnmark.
– I nokre område har lisensfellinga ikkje gitt same resultat, og då kan det vere aktuelt å gje Statens naturoppsyn oppdrag om felling for å forhindre skadar på beitedyr når beitesesongen startar, seier Myklebust.
Miljødirektoratet vil framover våren vurdere om det er ytterlegare behov for ekstraordinære uttak av jerv utover dei to nemnde oppdraga. Direktoratet vil basere vurderingane på SNO si overvaking av bestandssituasjon og skadedokumentasjon. Resultata frå lisensfellinga, skadepotensialet som jerven utgjer for beitedyr, og anbefalingar frå rovviltnemndene, vil også inngå i vurderingane.
Miljødirektoratet sine avgjerder om ekstraordinær felling av jerv, og resultat av oppdraga, vil bli gjort kjend på direktoratet sine nettsider under fana Ekstraordinære uttak.
Kontakter
Pressevakt
Tel:40 10 38 00presse@miljodir.noAndre språk
Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet
38 prosjekter skal gi bedre vannmiljø i Oslofjorden14.4.2025 10:14:10 CEST | Pressemelding
20 millioner kroner er tildelt prosjekter som vil bedre vannmiljøet for fisk og andre levende organismer i nedbørfeltet til Oslofjorden og i selve fjorden. Det er første gang det gis tilskudd over statsbudsjettet øremerket restaurering av vannmiljøet i disse områdene.
86 kommuner og fylker vil ha Klimasats-støtte9.4.2025 08:40:04 CEST | Pressemelding
Kommuner og fylkeskommuner i alle landsdeler har i 2025 søkt om 298 millioner kroner i støtte til lokale klimatiltak. Se her hva din kommune har søkt om.
86 kommunar og fylke vil ha Klimasats-støtte9.4.2025 08:40:04 CEST | Pressemelding
Kommunar og fylkeskommunar i alle landsdelar har i 2025 søkt om 298 millionar kroner i støtte til lokale klimatiltak. Sjå her kva kommunen din har søkt om.
15 prosent mindre oksygen i vestlandsfjorder på 30 år8.4.2025 07:04:10 CEST | Pressemelding
Oksygennivået i Sognefjorden og andre vestlandsfjorder er redusert med rundt 15 prosent på 30 år. Dette skyldes klimaendringer og økte utslipp.
15 prosent mindre oksygen i vestlandsfjordar på 30 år8.4.2025 07:04:10 CEST | Pressemelding
Oksygennivået i Sognefjorden og andre vestlandsfjordar er redusert med rundt 15 prosent på 30 år. Dette kjem av klimaendringar og auka utslepp.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom