Over 260 kyrkjebryllaup på valentinsdagen
14.2.2025 19:02:16 CET | Den norske kirke | Pressemelding
Det er ny rekord og ei firedobling frå valentinsdagen i fjor. – Fantastisk at så mange vil kome når kyrkja inviterer til feiring av kjærleiken, meiner leiar i Kyrkjerådet.

I 68 kyrkjer over heile landet har invitert til å seie ja til sin kjære på valentinsdagen.
Ei foreløpig oppteljing viser at minst 260 par har gifta seg i Den norske kyrkja på valentinsdagen. Dermed går dagen inn på lista over årets ti mest populære bryllaupsdagar.
– Det er fantastisk at så mange vil kome når kyrkja opnar dørene og inviterer til feiring av kjærleiken, seier leiar i Kyrkjerådet Harald Hegstad.
I 2024 vart 60 par vigde på denne dagen, og Hegstad trur denne måten å gifte seg på appellerer til dei som ynskjer å gjere det litt enklare.
– Drop-in-bryllaup er ein litt enklare måte å gifte seg på, men som har det aller viktigaste i fokus, nemleg løftet mellom to menneske og Guds velsigning over ekteskapet deira.
Fylt til randen av kjærleik
I Bergen inviterte for første gang Birkeland kirke til drop-in-bryllaup. Sokneprest Kjersti Gautestad Norheim er overvelda over responsen.
– For ein dag! 13 par den 14. februar, nokre hadde mange gjestar, andre kom åleine. Seremoniane har vore enkle, nære og høgtidelege. Kyrkja er fylt til randen av kjærleik. Vi er overvelda og glade!
I Rygge kirke i Moss vigde sokneprest Ingvild Oseberg tre par. Ho meiner drop-in-bryllaup kan gje ein liten dytt til folk som har vore saman i mange år.
– Eit av brudepara i dag har vore saman i mange tiår – eit langt liv. I dag fekk dei det vesle ekstra dyttet til å gjere noko dei har tenkt på lenge.
På Jæren inviterte prost Lars Sigurd Tjelle til drop-in-bryllup i Time kyrkje. Tre par møtte opp for å bli gift.
– Folk var veldig fornøgde. Nokre hadde med born som vi også tok med i forbøna. Det trur eg dei sette pris på.
Tjelle fortel om god stemning og at dette ikkje blir siste gongen han inviterer til drop-in:
– Dette har vore veldig koseleg! Det var ikkje Las Vegas-stemning i det heile tatt. Kanskje litt lite Vegas-stemning, eigentleg, ler prosten.
– Midt i blinken for oss
Anders Nielsen og Hilde Fiskvik var eitt av para som gifta seg i Rygge kirke. Dei har vore saman i åtte år.
– Vi skulle eigentleg gifta oss i 2020, men det dessverre ikkje noko av på grunn av koronapandemien. Då eg las i avisa at kyrkja hadde dette tilbodet, viste eg det til Anders – og vi vart einige om at dette var midt i blinken for oss, fortel Hilde.
Brudeparet hadde med seg borna og forlovarar i kyrkja, og etter seremonien i kyrkja skulle dei ut og ete på restaurant for å feire.
– Det er kjempefint at kyrkja har dette tilbodet. Det at det ikkje treng å vere så mykje styr, gjer terskelen lågare for å gifte seg. Samtidig var det veldig høgtideleg og fint, seier brudeparet.
Fleire mogelegheiter for drop-in-bryllaup
Det er alltid mogeleg å ta kontakt med kyrkjekontoret og be om ein enkel seremoni, på kvardag eller i helg.
I tillegg er det fleire kyrkjer som inviterer til drop-in-bryllaup i løpet av våren:
Løvøy, Nikolaikirken på Gran, Kolstad, Hunstad, Stoksund, Drøbak, Fredrikstad, Trysil, Korgen, Stadsbygd og Hemsedal.
Flest på austlandet
Den fylkesvise oversikta viser at det har vore flest vigslar på austlandet, men Birkeland kirke i Bergen er staden med flest, heile 13 par.
|
Fylke |
Antall par |
|
Agder |
5 |
|
Akershus |
52 |
|
Buskerud |
11 |
|
Finnmark |
2 |
|
Innlandet |
11 |
|
Møre og Romsdal |
17 |
|
Nordland |
21 |
|
Oslo |
44 |
|
Rogaland |
18 |
|
Trøndelag |
9 |
|
Vestland |
47 |
|
Østfold |
23 |
|
Total |
260 |
Nøkkelord
Kontakter
Emil EngesetKommunikasjonsdirektør
Tel:47906092ee457@kirken.noAnders Emil KaldholPressekontakt og rådgiver, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt
Tel:98801428ak547@kirken.noBilder

Om oss
65 prosent av befolkninga er medlem i Den norske kyrkja. Kyrkja er ein del av den evangelisk-lutherske kyrkjefamilien. Leiinga i kyrkja er samla i Kyrkjemøtet som består av medlemmane av dei elleve regionale bispedømeråda og biskopane.
Den norske kyrkja er delt inn i 1 174 kyrkjelydar som disponerer 1 635 kyrkjebygg. Meir enn 8000 menneske arbeider i kyrkja og over 75 000 er frivillige medarbeidarar. D
Den norske kyrkja si verksemd er finansiert over kommunebudsjetta og statsbudsjettet.

Følg pressemeldinger fra Den norske kirke
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Den norske kirke
Dette er den nye biskopen i Stavanger21.5.2026 19:00:00 CEST | Pressemelding
Kirkerådet har tilsatt Tor Magne Nesvik som ny biskop i Stavanger bispedømme. Han kommer fra stillingen som prost i Ytre-Stavanger og konstituert domprost i Stavanger. Den nye biskopen presenteres i Stavanger domkirke i morgen, 22. mai kl. 11.00.
Presseinvitasjon: Møt ny Stavanger-biskop18.5.2026 14:46:33 CEST | Pressemelding
På torsdag tilsetter Kirkerådet ny biskop i Stavanger bispedømme. Pressen inviteres til å møte den nye biskopen i Stavanger domkirke fredag 22. mai kl. 11.00.
Kirkeansatte opplever sterk motivasjon og at det er meningsfullt på jobb8.5.2026 07:40:00 CEST | Pressemelding
I en fersk undersøkelse blant ansatte i Den norske kirke uttrykker ansatte høy motivasjon og gode muligheter til å styre egen jobbhverdag. På topp er opplevelsen av å bidra til noe meningsfullt.
Et steg nærmere ny biskop i Stavanger bispedømme30.4.2026 13:30:00 CEST | Pressemelding
Biskopene og Stavanger bispedømmeråd har gitt sin uttalelse i prosessen med å tilsette ny biskop i Stavanger bispedømme. Ny biskop tilsettes 21. mai.
Tre kandidater til å bli biskop i Stavanger bispedømme21.4.2026 13:00:00 CEST | Pressemelding
Etter en rådgivende avstemning er Tor Magne Nesvik, Vidar Mæland Bakke og Karen Margrete Mestad de tre kandidatene som er aktuelle som ny biskop i Stavanger bispedømme. Ny biskop tilsettes av Kirkerådet 21. mai.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom