Skal forske på konfliktar i utmark i Europa
Det er ikkje berre her til lands at rovdyr er eit betent tema. Forskarar i 12 europeiske land skal no finne gode løysingar der møtet mellom viltforvaltning og husdyrhald har vorte til inngrodde konfliktar.

Det er blitt fleire og fleire rovdyr på det europeiske kontinentet. Det blir no estimert at det er meir enn 20 000 brunbjørnar og 23 000 ulvar. Nokon ser det som ein suksess for naturvernet, medan for andre – innan beitenæringa, blant jegerar og i andre grupper – er det ei kjelde til konfliktar og utfordringar.
Også hjortevilt og villsvin skaper konfliktar, i tillegg til mange andre endringar i bygdesamfunnet.
No vil forskarar frå 17 institusjonar i tolv land byggje bru mellom viltforvaltning, naturvern og beitebruk. I det treårige prosjektet «Coco: Cocreating coexistence», leida av Universitetet i Innlandet (INN) ved professor John Linnell, skal eit tverrfagleg team av forskarar, avgjerdstakarar og andre interessentar jobbe i lag for å finne betre forvaltningsmodellar og løysingar.
– Vi vil få fram stemmene til bønder som har dyra sine på utmarksbeite, jegerar og andre og høyre erfaringane deira. Vi skal undersøkje samspelet mellom beitebruk og viltforvaltning. Basert på dette, vil vi komme med politiske tilrådingar og praktiske verktøy for korleis rovdyr, beitedyr og menneske kan leve betre saman, seier Linnell.

Kunnskap for å redusere spenningar
Forskarane skal gjennomføre studium i 12 europeiske land, blant dei Noreg. Dei skal samanfatte dagens kunnskap og samle inn nye data, hovudsakleg med bruk av intervju.
Prosjektet har ei ambisiøs målsetjing om å intervjue fleire tusen utmarksbrukarar frå Spania i sør til Trøndelag i nord, og frå Frankrike i vest til Romania i aust.
I motsetning til tradisjonell rovdyrforsking, som normalt fokuserer på dyra, ønskjer forskingsteamet rundt professor Linnell å vektleggje menneskelege faktorar og perspektiv.
Vitskap skal møte lokalkunnskap og tradisjonell praksis, med vekt på beitebruk.
– Vi trur at inkluderande forskingsprosessar, auka kunnskap og gjensidig innsikt kan brukast til å redusere spenningar og finne ein akseptabel balanse som gagnar både menneske og natur, seier Inn-professoren.
Multifunksjonelle landskap
Han seier det ikkje er eit anten-eller i rovdyrdebatten. Rovdyra er her for å bli. Det handlar om å finne løysingar der vi kan lære oss å leve med minst mogleg konflikt, der jakt, økonomiske midlar og konfliktførebyggjande tiltak alle er del av verktøykassa.
– Visjonen vår er at vi ønskjer å endre ein fastlåst konflikt til ei framtid der husdyrhaldet blir verdsett og kan eksistere saman med vilt og rovvilt i utmark i det vi kallar multifunksjonelle landskap.
Fleire fagmiljø innan landbruk og økologi ved Universitetet i Innlandet er involverte. Den andre norske partnaren i prosjektet er Norsk institutt for naturforsking (NINA). Coco-prosjektet er finansiert av EU, har eit budsjett på 50 millionar kroner og blir avslutta i desember 2027.
Prosjektet omfattar Frankrike, Tyskland, Hellas, Italia, Latvia, Noreg, Polen, Romania, Slovakia, Slovenia, Spania og Sverige. I kvart av desse landa skal det samlast innsikt frå beitebruk, jegerar og grunneigarar gjennom intervju og inspeksjonar.
Nøkkelord
Kontakter
John LinnellProfessorInstitutt for skog- og utmarksfag, Universitetet i Innlandet
Tel:900 12 533john.linnell@inn.noErlend MoeKommunikasjonsrådgivarUniversitetet i Innlandet
Tel:(+47) 61 28 80 28Tel:(+47) 926 67 817erlend.moe@inn.noBilder



Lenker
Andre språk
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Innlandet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Innlandet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Innlandet
Totalforsvaret viktig for at Europa skal klare å beskytte seg selv4.4.2025 09:07:15 CEST | Pressemelding
Europeiske land må prioritere totalforsvaret sitt i fremtiden og utvikle det sammen. Det er en av hovedkonklusjonene i ei ny norsk bok som ble presentert for NATO-sjef Mark Rutte denne uka.
Urfolksperspektiver er en nødvendig del av inkluderende utdanning31.3.2025 10:55:52 CEST | Pressemelding
Samiske barn og elever har ikke lik tilgang og lik kvalitet på den spesialpedagogiske støtten de har behov for, viser forskning.
Skal lede universitetets største fakultet6.3.2025 12:35:26 CET | Pressemelding
Ingvild Jøranli får tilbud om stillingen som dekan ved Handelshøgskolen Innlandet – Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap.
Blir Norges første kvinnelige professor i filmfotografi21.2.2025 14:39:57 CET | Pressemelding
Tonje Louise Finne har hatt foto på mange kjente tv-serier og dokumentarer. Nå blir hun landets første professor i filmfotografi.
Hvorfor flytte til fjells?21.2.2025 12:50:06 CET | Pressemelding
Et nytt forskningsprosjekt initiert av Fjellnettverket undersøker motivene bak tilflytting til norske fjellkommuner.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom