Statens vegvesen etablerer døgnkvileplass mellom Førde og Sandane
14.2.2025 07:49:12 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
Statens vegvesen skal etablera døgnkvileplass på E39 mellom Førde og Sandane.

Konkurransen omfattar etablering, drift og vedlikehald av ny døgnkvileplass for tungtransport langs den åtte mil lange strekninga nord i Vestland.
Frist for prekvalifisering er 18. mars klokka 12:00. Frist for å levera tilbod er 7. mai klokka 12.00.
Tilbodskonferansen finn stad 26. februar klokka 12.00 på Teams. Her finn du lenke til utlysinga.
Det er aktuelt å inngå kontrakt med ein privat aktør/leverandør. Statens vegvesen legg opp til ei ordning med betaling for årleg leige.
Dette er krava til døgnkvileplassen
– Det er behov for mellom 10 og 20 oppstillingsplassar på strekninga. Vi krev at anlegget må ha servicebygg med toalett og dusj, seier prosjektleiar Oddvin Hov i Statens vegvesen.
Køyreavstand frå E39 til døgnkvileplassen skal vera maksimalt éin kilometer.
Det vil bli etablert ladeinfrastruktur for tungbil.
Kvifor døgnkvileplass?
Målet med denne anskaffinga er å gje eit betre tilbod til tungtransportsjåførar som skal gjennomføra normal døgnkvile, redusert vekekvile (maks 45 timar) eller ta pausar (45 minutt) innanfor regelverket om køyre- og kviletid.
Køyre- og kviletidsreglane pålegg sjåførane som køyrer tunge bilar å ta pausar og kvila tilstrekkeleg lenge til å få ein normal søvnperiode.
Utkvilte sjåførar er trygge sjåførar. Trygge sjåførar er oppmerksame sjåførar som bidreg til betre trafikktryggleik for oss alle, i tråd med nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken.
Statens vegvesen ynskjer å vera ein ansvarleg vegeigar for alle trafikantar.
Å leggja til rette for at tungtransportsjåførar kan ta si lovpålagde døgnkvile, er ein del av dette samfunnsoppdraget.
Når skal døgnkvileplassen opna?
Statens vegvesen ønskjer å signera kontrakt før sommaren 2025, og opna døgnkvileplassen innan 1.mars 2026.
Avtaleperioden gjeld i utgangspunktet 10 år, men opsjon for leigetakar å forlenga avtalen 1 + 1 år til totalt 12 år.
Statens vegvesen har døgnkvileplassar over heile landet. Oversikta finn du her.
Nøkkelord
Kontakter
Oddvin HovProsjektleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95253141oddvin.hov@vegvesen.noLars Olve HesjedalKommunikasjonsrådgjevarStatens vegvesen Drift og vedlikehald
Tel:95245839lars.olve.hesjedal@vegvesen.noOm Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Flere trafikkomlegginger når Vestre Strandgate stenges i høstferien23.9.2026 14:50:59 CEST | Pressemelding
Det blir flere trafikkendringer i perioden 25. september til 5. oktober i forbindelse med arbeidene med midlertidig rundkjøring.
Skogrydding langs E39 i Brusdal23.9.2026 11:02:33 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uka skogrydding langs E39 i Brusdal på strekningen mellom fylkesveg 5948 og Fremmerholden. Målet er bedre trafikksikkerhet og enklere vinterdrift.
No er dato for oppstart i Lærdalstunnelen klar23.9.2026 10:48:50 CEST | Pressemelding
16. november startar oppgraderinga av Lærdalstunnelen på E16. Trafikantane må førebu seg på 12-timars stengingar og tilpasse reisevanane sine.
Vurderer strakstiltak mot sykkelulykker23.9.2026 06:45:00 CEST | Pressemelding
Ti syklister har mistet livet i år. Nå varsler Statens vegvesen hastegrep for å bedre sikkerheten og inviterer til nasjonal sykkeldugnad.
Ny gang-og sykkelvei på E39 ved Vekslet i Ørsta22.9.2026 13:55:56 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen starter denne uken arbeidet med ny gang- og sykkelvei og busslomme langs E39 ved Vekslet friluftsområde i Ørsta. Den eksisterende bussholdeplassen blir stengt i anleggsperioden, som etter planen varer til 30. november 2026.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom