Populært å gifta seg på valentinsdagen
14.2.2025 06:00:00 CET | Skatteetaten | Pressemelding
Talet på bryllaup på valentinsdagen har auka dei siste åra. Digitaliseringa av tenestene til Skatteetaten gjer at mange no faktisk kan få formalitetane på plass allereie same dagen.

Tal frå Folkeregisteret i Skatteetaten viser at det er stadig fleire som giftar seg på valentinsdagen. Medan det i 2023 var til saman 66 registrerte giftarmål, var det heile 119 valentinspar som gifta seg i 2024. Av dei som gifta seg i Noreg, var det 57 kyrkjelege og 54 borgarlege bryllaup, i tillegg til at 8 par gifta seg i utlandet.
– Me ser ein tydeleg auke i talet på dei som giftar seg på valentinsdagen, og me går ut frå at tilboda om drop in-bryllaup spelar inn. Då er det fint å kunna fortelja at kring halvparten av alle komande brurepar får prøvingsattesten på plass med det same dei har søkt, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.
Dei siste åra har Skatteetaten digitalisert og forenkla fleire av tenestene sine. Prøvingsattesten er eitt av skjemaa som ein no kan få på plass heilt digitalt og utan at ein saksbehandlar treng å gå gjennom saka. Ein slik attest er heilt naudsynt for å kunna gifta seg, same om det er kyrkjeleg eller borgarleg bryllaup, og same kva dato det er.
– Jobben me heile tida gjer med digitalisering og forbetring, gjer at det no òg er lettare for par som skal gifta seg. Nær halvparten av søknadene me får inn digitalt, vert behandla automatisk, og desse får svar med ein gong. Det er altså no mogleg å bestemma seg for giftarmål når ein vaknar på valentinsdagen, og vera ferdig gifte på ettermiddagen – om det er ledig hjå ein av dei som tilbyr drop in-bryllaup.
Dette vil ofte gjelda der båe er norske statsborgarar og ikkje har vore gifte tidlegare, då kan behandlinga gå heilt automatisk. I tilfelle der det trengst meir dokumentasjon, vil det ta lengre tid å behandle søknaden. Det kan til dømes vera me treng skifteerklæring om du nyleg er skild, dokumentasjon på sivilstand frå utlandet eller fødselsattest frå utlandet. I slike tilfelle vil det vanlegvis ta inntil fire-fem veker før brureparet får prøvingsattesten.
Tydeleg auke i talet på valentinsbryllaup
I år har både Den norske kyrkja og Human-Etisk Forbund fleire stader invitert til drop in-bryllaup, og dei ventar endå fleire bryllaup på nett denne dagen. Talet på søknader om prøvingsattest i januar har òg auka dei siste åra, med nær 25 prosent fleire søknader i januar 2025 jamført med same månaden i 2023. Elles er vintermånadene ikkje den tida nordmenn sikrar seg papira før bryllaup. Færrast søknader ser ein i desember, og flest i april og mai.
Skattedirektøren har òg nokre fleire tips til nygifte som vil ha papira i orden:
– Ved sida av prøvingsattesten er det eit par andre ting det òg er lurt å hugsa på når ein giftar seg. Dersom du skal på bryllaupsreise, er det lurt å tenkja over kva som står i passet og på billetten dersom du har skifta namn.
Å gifta seg fører òg med seg fleire skattemessige endringar og konsekvensar for ein skattytar. Det vil til dømes kunna ha noko å seia for fordelinga av frådrag, formue og inntekter, og dermed kva du skal betala i skatt.
– Det er lurt å tenkja over dette når ein får skattekortet, og ikkje minst når ein skal gå gjennom skattemeldinga etter å ha gifta seg – ny sivilstand har òg noko å seia for skatten din. Det er fint å få alt rett, med ny sivilstand òg, avsluttar Nina Schanke Funnemark.
Her er rettleiaren til Skattetaten for dei som skal gifta seg:
Nøkkelord
Kontakter
Christer GiljePressesjef
Tel:945 01 000presse@skatteetaten.noBilder

Følg pressemeldinger fra Skatteetaten
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Skatteetaten
Advarer mot ny svindelmetode: KI-misbruk og fiktive vedlegg i skattemeldingen10.8.2026 08:00:00 CEST | Pressemelding
Skatteetaten har avdekket omfattende svindelforsøk med fiktive fradrag. Nå advarer etaten mot en ny utvikling, der kunstig intelligens brukes til å lage troverdig, men falsk dokumentasjon i skattesaker.
Flytter du for å studere? Dette bør du vite om folkeregistrert adresse23.7.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Mange studenter flytter til en ny by når studiene starter. Som student kan du i mange tilfeller velge om du vil være folkeregistrert i studiebyen eller på hjemstedet. Valget kan ha betydning for rettighetene dine.
Skatteetaten kontrollerer flere steder gjennom sommeren14.7.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Skatteetatens skattepatrulje tar ikke sommerferie og vil gjennomføre kontroller flere steder i landet gjennom sommermånedene for å forhindre og forebygge skattekriminalitet. Prioriterte bransjer er byggeplasser, transport, serveringssteder og andre personallistepliktige bransjer.
Sommerjobb og frikort? Dette må du vite8.7.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Om du forventer å tjene over 100 000 kroner i år, bør du bestille et skattekort allerede nå. Da unngår du å bli trukket 50 prosent i skatt når lønnsutbetalingen kommer.
Fem millioner har fått skatteoppgjøret - noen må vente til høsten25.6.2026 10:10:50 CEST | Pressemelding
Over 9 av 10 lønnsmottakere, pensjonister og enkeltpersonforetak har nå fått skatteoppgjøret. Neste mulighet for å få skatteoppgjøret er i august.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom