Statens vegvesen

600 meter breitt gjerde sikrar skredutsett område ved Gudvangen

Del

Statens vegvesen er i gang med å sikra det skredutsette området Kjerrskredene ved E16 Gudvangen i Vestland.

E16 Gudvangen
Det innringa området viser kvar det 600 meter breie fanggjerdet vert sett opp.

Statens vegvesen er i gang med å sikra det skredutsette området Kjerrskredene ved Gudvangen.

Eit nesten 600 meter breitt og seks meter høgt fanggjerde vert no sett opp. Arbeidet skal etter planen vera ferdig innan slutten av mai.

Mesta er entreprenør for prosjektet som har ein kontraktssum på 17,4 millionar pluss moms.

Kjerrskredene ligg like sørvest for Gudvangen inst i Nærøyfjorden og ytst i Nærøydalen i Aurland  kommune.

Store delar av Nærøydalen, mellom anna Kjerrskredene, ligg innanfor Nærøyfjorden landskapsvernområde. Statens vegvesen har på plass dei nødvendige dispensasjonane for å jobba i området som har høg skredfaktor.

Trafikkreguleringa undervegs i arbeidet er i utgangspunktet lysregulering og kortare venting.

Fanggjerdet som vert sett opp her, er breiare enn det som i haust vart sett opp ved Legene mellom Flåm og Aurlandsvangen. Dette gjerdet var 70 meter breitt.

Nøkkelord

Kontakter

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye