Fartøyvernet får 76,5 millionar i 2025
Verna og freda fartøy over heile landet vil snart motta tilskot.

Kvart år deler Riksantikvaren ut tilskot til fartøyvern.
No er tildelinga for 2025 klar, med ei føreslått løyving på 76,5 millionar kronar over statsbudsjettet. 10 millionar av desse vart lova som tilsagn i 2024, og er allereie fordelt.
Riksantikvaren har no delt ut 66,5 millionar i friske midlar som tilskot. 7,5 millionar av desse er tilsagn som kan brukast i 2026.
– Noregs maritime historie er ein del av vår nasjonale kulturarv. Det er difor gledeleg å sjå at så mange ønskjer å ta vare på dei verna og freda fartøya. Dei gjer ein viktig jobb. Gjennom tilskotsordninga ønskjer vi å leggje til rette for at vi i fellesskap kan bevare fartøya og at dei kan brukast til opplæring, turisme eller andre gode føremål, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
Støtta skal gå til eigarar og dei som forvaltar freda eller verna fartøy, og organisasjonar, foreiningar og prosjekt som opererer innanfor tilskotsordninga sitt føremål.
Tidlegare denne månaden besøkte riksantikvar Hanna Geiran det freda fartøyet MS Granvin i Bergen. Lokalrutebåten var blant mottakarane av tilskot i 2024.
– Dei frivillige gjer ein kjempeinnsats for å ta vare på vår maritime kulturarv. Fartøyvernet representerer verdiskaping, lokal interesse og begeistring, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Det var veldig inspirerande å treffe nokre av dei som jobbar for og med Granvin, og høyre deira erfaringar og synspunkt, seier ho.
Geiran er glad for at fartøyet - som vart freda i 2011 – framleis er i aktiv bruk.
– Eitt av Riksantikvaren sine mantra er «bruk er det beste vern». Det gjeld òg på vatnet. MS Granvin er sett i stand gjennom ein kombinasjon av frivillig innsats og tilskot. Fartøyet er i dag i god stand og har mange spanande og varierte oppdrag framover, seier ho.
Fartøyvernet har tradisjonelt hatt det største gapet mellom ramma for tilskotsordninga og søknadssummane.
Frå i fjor er det ei auke på 157,5 millionar kronar i søknadssummen, fordelt på 165 søknadar. Det betyr at fartøyvernet i år har søkt om nesten 408 millionar kroner åleine.
Tilskotet frå post 74 skal ifølgje forskrifta prioriterast slik:
- prosjekt som er sett i gang, eller tek opp slipp eller dokk, som følgje av tilskot frå kulturmiljøforvaltinga
- fartøy som har pålegg som må gjennomførast for å halde på sertifikatet sitt
- fartøy som er freda
- fartøy og prosjekt med stor frivillig innsats
Fakta:
Tilskot til fartøyvern er ein av sju ordningar i same tilskotsspost.
Heile tilskotsposten er i 2025 på 76,5 millionar kroner.
Les meir om tilskotsordninga for fartøyvernet her.
Tabell:
Søker |
Søknadssum |
Samla tildeling (tilskot, tilsagn og SAVOS-midlar) |
Agder |
10 944 859 |
2 540 000 |
Akershus |
15 149 015 |
5 825 000 |
Buskerud |
5 596 200 |
1 200 000 |
Finnmark |
2 687 870 |
845 000 |
Innlandet |
7 992 420 |
2 443 540 |
Møre og Romsdal |
16 281 731 |
3 685 000 |
Nordland |
34 551 560 |
3 260 000 |
Oslo |
20 745 244 |
4 480 000 |
Rogaland |
55 018 247 |
12 947 000 |
Sametinget |
2 941 776 |
630 000 |
Telemark |
69 211 965 |
7 950 000 |
Troms |
12 280 132 |
1 620 000 |
Trøndelag |
28 231 226 |
3 976 000 |
Vestfold |
5 423 705 |
525 000 |
Vestland |
104 536 340 |
15 356 251 |
Østfold |
16 086 943 |
4 090 000 |
Sum |
kr 407 679 233 |
kr 71 372 791 |
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder








Om oss
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmesteren på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Victoria terrasse blir fredet21.3.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Det kjente bygningskomplekset har en unik plass i norsk historie. Nå fredes bygningene av Riksantikvaren.
Lyser ut 12 millioner for kyst og landbruk6.3.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren lyser ut tilskudd til verdiskaping i kulturmiljø. I 2025 vil søknader for kysten og landbruket bli prioritert.
– Vi må hindre tap av kulturarv26.2.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Riksantikvaren ønskjer auka beredskap og gjennomføring av risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) for kulturminne, kulturmiljø og landskap. No er ein ny nasjonal rettleiar på feltet klar.
Tar vare på fortidens praktbygg med 14,5 millioner24.2.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Ruinene fra middelalderen er arven fra praktanlegg: Klostre, borger og kirker. Nå fordeler Riksantikvaren tilskudd for å ta vare på ruiner i 2025.
Støtter norsk industriarv med over 60 millioner kroner18.2.2025 07:00:00 CET | Pressemelding
Over hele landet finner vi spor etter industri som har vært med på å bygge det Norge vi kjenner i dag. Nå kommer årets tilskudd.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom