Høgare vågekvalkvote i 2025
Fiskeri- og havministeren har fastsett ein kvote på 1406 vågekval i 2025, ein auke på 249 frå året før.

– Norsk hvalfangst er berekraftig, strengt regulert, og vågekvalbestanden er i svært god forfatning. Noreg bruker effektive og dyrevelferdsvennlege fangstmetodar, og kvalens store fiskekonsum påverkar økosystemet. Kvalfangst bidrar derfor til balanse i havet. For å nå FNs berekraftsmål må vi òg ete meir sjømat, og kvalfangst gir sunn og kortreist mat, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Berekraftig fangst
Det finst meir enn 100 000 vågekval i Nord-Atlanteren. Kvoten for 2025 er på 1406 vågehval, ein auke frå fjorårets kvote på 1157 dyr. Auken kjem av ubrukt kvote frå tidlegare år, som er overført til 2025.
I 2024 deltok 11 fartøy, og fangsten var på 415 dyr. Dette er ein auke i talet på fartøy, men ein nedgang i fangst samanlikna med året før.
Kvoten er fastsett med utgangspunkt i utrekningsmodellar frå vitskapskomiteen i Den internasjonale hvalfangstkommisjonen (IWC). Desse modellane sikrar ei berekraftig forvaltning av vågekvalbestanden.
Kontakter
Pressevakt NFD
902 51 303 (ikkje SMS)
Om oss
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no
Du kan følgje NFD på LinkedIn og Flickr, og regjeringa på X/Twitter og Facebook

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Presseinvitasjon: Fiskeri- og havministeren til Brasil14.10.2025 13:39:22 CEST | Pressemelding
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss besøkjer São Paulo og Rio de Janeiro i Brasil 20.–24. oktober.
Regjeringen satser på lukket oppdrett10.10.2025 08:38:31 CEST | Pressemelding
Regjeringen har vedtatt en ny ordning som skal gi insentiver til at oppdrettere skal ta i bruk lukkede produksjonsenheter.
Stabil snøkrabbekvote i 202610.10.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsatt totalkvoten for snøkrabbe i 2026 til 12 336 tonn. Det er i tråd med anbefalingen fra Havforskningsinstituttet, og er 389 tonn lavere enn i 2025.
Næringsministeren i Washington D.C. for tollsamtaler7.10.2025 13:00:03 CEST | Pressemelding
Næringsminister Cecilie Myrseth møtte Jamieson Greer, USAs handelsrepresentant, i Washington D.C.
Nye regler for torskeoppdrett: Krav om evaluering av kjønnsmodning og beredskapsplan mot gyting i merd2.10.2025 07:01:00 CEST | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsatt endringer i akvakulturdriftsforskriften for oppdrett av torsk.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom