1,6 millionar deltok i feiringa av Landslovjubileet 2024
10.2.2025 13:45:00 CET | Nasjonalbiblioteket | Pressemelding
750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov vart ein stor suksess. Grundig forsking og engasjerande formidling over heile landet har vore med på å etablere eit nytt referansepunkt i den norske historieforståinga. Jubileet har nådd ut til 1,6 millionar menneske og vore eit samarbeid mellom små og store aktørar i den norske kultursektoren.

Magnus Lagabøtes landslov frå 1274 var den første riksdekkjande lova i Noreg, og ho påverka livet til heilt vanlege menneske i Noreg i over 400 år.
– Landslova er eit av dei aller viktigaste dokumenta i norsk historie og ein heilt sentral del av den felles kulturarven vår. Vi er glade for å kunne konkludere med at jubileet har vore ei markering som er Landslova verdig, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.
Nasjonalbiblioteket har stått i spissen for markeringa av 750-årsjubileet til Landslova som nasjonal koordinator, utnemnd av Kulturdepartementet.
Eit jubileum for heile landet
31. januar i fjor møttest utsendingar frå små og store kulturinstitusjonar over heile landet på Slottet i Oslo, der kronprins Haakon erklærte jubileet for offisielt opna. Sidan spreidde feiringa seg over heile landet.
– Alt i alt har Landslovsjubileet nådd ut til 1,6 millionar menneske i heile landet – langt fleire enn vi torde håpe på før jubileet tok til. Landslovsjubileet har blitt eit verkeleg riksdekkjande jubileum, til minne om den første riksdekkjande lova vår, seier Aslak Sira Myhre.
Heile 400 ulike arrangement, i form av forelesingar, samtalar, konsertar, teaterframsyningar og mykje meir, har på ulike vis tematisert og løfta fram lovboka.
I tillegg har historia om Landslova blitt fortald i utstillingar i Bergen, Trondheim, Tønsberg, Hamar, Alta, Narvik, Lofoten og Oslo, der både Stortinget, Kulturhistorisk museum og Nasjonalbiblioteket hatt eigne utstillingar. I Bergen står utstillinga framleis. Plakatutstillinga til Nasjonalbiblioteket har vore vist i nesten 300 folkebibliotek over heile landet.
Ei brukarundersøking viser at kjennskapen til Landslova blant nordmenn auka med 30 prosent i jubileumsåret.
I samarbeid med Stortinget og Nasjonalbiblioteket valde NRK å sende ei 12 timar lang maratonsending om Landslova, der heile lova vart lesen høgt og drøfta, kapittel for kapittel.
Forsking på Landslova og norske kjelder
Denne publikumssuksessen kviler på eit omfattande forskingsarbeid der alle dei ulike manuskripta av landslova er transkriberte, omsette og kommenterte. Det er publisert ei rekkje tekstar og vitskaplege artiklar som ei følgje av dette.
– Forskinga var naudsynt for at Lagabøtes landslov skulle forteljast til publikum på ein skikkeleg måte. Formidlinga så mange har fått med seg, byggjer på eit forskingsprosjekt som byrja for meir enn ti år sidan, fortel Sira Myhre.
Nasjonalbiblioteket vil halde fram med å forske på, gjere tilgjengeleg og vise fram dei skriftlege kjeldene frå den norske mellomalderen, også etter jubileumsåret. Ein viktig del av prosjektet er samarbeidet med Vatikanet, der ein tek sikte på å digitalisere, transkribere og omsetje alle dokumenta med tilknyting til norsk historie som finst i arkiva der.
Banebrytande formidling
– For Nasjonalbiblioteket har jubileet vore ein suksess både som forskings- og formidlingsinstitusjon, seier Sira Myhre. – Forskinga vår gjer kjeldene frå og kunnskapen om norsk mellomalder tilgjengeleg for fagfolk i framtida, medan formidlinga har gjort ein gløymd del av den felles historia vår synleg for allmenta.
– Det mest banebrytande er likevel at formidlinga har nådd ut til så mange, seier nasjonalbibliotekaren vidare. – Institusjonar i heile landet, nasjonale og lokale, har til saman klart å skape ei interesse for norsk mellomalder som knapt nokon kunne sjå for seg for eit år sidan.
Nasjonalbiblioteket si formidling av Landslovjubileet
- Utgjevingane av ei praktutgåve av Landslova og ei meir tilgjengeleg folkeutgåve har vore dundrande suksessar og er selde i nær 3000 eksemplar til saman.
- Den prisvinnande utstillinga Med lova i hand: Magnus Lagabøtes landslov, 1274–2024, som viste fram nokre av dei flottaste og viktigaste dokumenta frå norsk mellomalder, er med eit publikum på 35 000 den mest besøkte utstillinga nokosinne på Nasjonalbiblioteket.
- Til saman 15 000 norske skuleelevar, frå alle fylke i landet og nær halvparten av alle vidaregåande skular, har lært om den første riksdekkjande lova i Noreg gjennom Nasjonalbiblioteket si formidling.
- Nær 15 000 menneske har, fysisk eller digitalt, delteke på eit arrangement knytt til Landslova på Nasjonalbiblioteket.
- Nasjonalbiblioteket sine podkastar «Gamle greier» og «Dømt: Skjebnar frå mellomalderen» har nådd ut til meir enn 400 000 lyttarar med forteljingar om Landslova.
Nøkkelord
Kontakter
Nina BræinPresseansvarligNasjonalbiblioteket
Tel:951 50 912presse@nb.noBilder

Lenker
Følg pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nasjonalbiblioteket på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nasjonalbiblioteket
Med pennen på strupen – satiretegningens dilemmaer i ny utstilling på Nasjonalbiblioteket fra 19. mars4.3.2026 11:45:00 CET | Pressemelding
Med skarpe streker og bitende kommentarer har norske avistegnere utfordret autoriteter, provosert publikum og satt dagsorden i godt over hundre år. Utstillingen Med pennen på strupen, som åpner 19. mars på Nasjonalbiblioteket, tar for seg satiretegningens rolle i offentligheten og løfter fram sjangerens historiske veivalg og grunnleggende dilemmaer – i spennet mellom maktkritikk og tilpasning, ytringsfrihet og personlige omkostninger.
Ukjent filmhistorie i ny utgivelse fra Nasjonalbiblioteket19.2.2026 10:33:57 CET | Pressemelding
Nasjonalbibliotekets nye filmutgivelse Autentiske blikk – Norske aktualitetsfilmer 1905–1930 gir et unikt innblikk i Norge slik det så ut i filmhistoriens aller første tiår. Utgivelsen lanseres med filmvisning og samtale på Nasjonalbiblioteket torsdag 26. februar 2026.
Nasjonalbibliotekets filmfunn valgt ut som nasjonal filmarv i USA30.1.2026 09:55:00 CET | Pressemelding
Den amerikanske stumfilmen The Tramp and the Dog (1896) ble denne uken tatt opp i National Film Registry, for å bevares som en del av USAs filmarv. Filmen, som er regissert av filmpioneren William Selig, var regnet som tapt til den i 2021 ble gjenfunnet i Nasjonalbibliotekets samling.
Vårprogram med Fosseforedraget, samisk litteratur, spillhistorie og ny utstilling om satiretegninger på Nasjonalbiblioteket27.1.2026 10:55:00 CET | Pressemelding
Utstillingen Med pennen på strupen, som åpner på Nasjonalbiblioteket i mars, danner utgangspunkt for et bredt program om satiretegninger, pressehistorie og ytringsfrihet, og i april vies en hel uke til Fosseforedraget og Fosseprisen 2026. I løpet av våren kan publikum fordype seg i både samisk litteratur og norsk spillhistorie, og møte gjester som Marilynne Robinson, Christian Bloom, Siri Dokken, Brynjulf Jung Tjønn, Madeleine Schultz, Kathrine Nedrejord og Toril Moi på Solli plass.
Nasjonalbiblioteket inngår historisk avtale med landets aviser om innhold til kunstig intelligens19.12.2025 12:50:49 CET | Pressemelding
Kopinor og Nasjonalbiblioteket har i dag signert en historisk avtale om bruk av innhold fra landets aviser i trening av norsk kunstig intelligens. Staten betaler 45 millioner kroner årlig for avtalen, som gjør det mulig å utvikle språkmodeller av høy kvalitet til fri bruk i samfunnet. Norge er først i verden med å få på plass en slik avtale.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom