Statens vegvesen

Milliardavtale kunngjort for Noregs største tunnelprosjekt

Del

I tråd med Statsbudsjettet har Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) kunngjort ei stor rådgjevingsavtale med verdi på inntil 2,2 mrd. inkl. mva.

Illustrasjonen viser felles felles løysing  for rømming i veg- og jernbanetunnelane i prosjektet.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle har utvikla felles løysing for rømming i veg- og jernbanetunnelane i prosjektet. Fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Kontraktssignering og byggestart for sjølve prosjektet med nye tunnelar for veg og bane, tverrslag og fjellhallar føreset vedtak i Stortinget om kostnadsramme og delvis bompengefinansiering. Regjeringa har signalisert at dei vil leggje fram proposisjon for handsaming i Stortinget til våren.  

Eit viktig steg 

– Vi skal byggje landet og knyte Noreg saman på ein effektiv måte, som rustar oss for framtida. Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er det største norske samferdselsprosjektet i nyare tid. Vi gjer det vi kan for at prosjektet skal kome i gang så raskt som mogleg. Difor lyser Statens vegvesen og Bane NOR no ut denne rådgjevingsavtala. Dette er eit nytt, viktig steg for å få på plass ny veg og jernbane mellom aust og vest i landet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.  

Omfang av rammeavtala 

Avtala er utforma som ei avropsbasert rammeavtale med varigheit på inntil 8 år, og er open for både nasjonale og internasjonale tilbydarar, med frist for å melde interesse 21. mars. Prosjektet reknar med å ha rådgjevar på plass årskiftet 2025/2026. Rammeavtala dekkjer prosjektering, rådgjeving og bistand til oppfølging av veg og jernbane i byggetida, og inkluderer mellom anna 

  • Prosjektering av hovudentreprisar  
  • Utarbeiding av design-basis og modellgrunnlag for heile prosjektet
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag for total-, utførings- og samspelsentreprisar
  • Prosjektering av utføringsentreprisar, inkludert byggeplan, konkurransegrunnlag og oppfølging i byggetid
  • Prosjektering av signalsystem for jernbane, inkludert oppdatering av detaljplan og oppfølging i byggeplanfasen
  • Delta i samspelsentreprise K-08: Elektro og Tele for veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle
  • Utarbeiding av overordna planar for anleggsgjennomføring og detaljerte beskrivingar, samt ansvar for søknadsprosessar og offentlege godkjenningar
  • Bistand og/eller fagleg rådgiving ved intern prosjektering 

Den største i sitt slag 

Denne rådgjevingsavtala er den største som nokon gong har vore lyst ut i Noreg. Statens vegvesen og Bane NOR har stor tru på at bransjen er klare for utfordringa som gjev dei moglegheita til å verte ein del av gigantprosjektet. Det er ikkje akkurat kvardagskost at to av landets største, og mest erfarne byggherreorganisasjonar, jaktar rådgjevar i same avtale. 

– Det er rett og slett unikt! Vi søkjer ein rådgjevar som kan levere høg kvalitet gjennom modellbasert prosjektering, implementere ny teknologi, og bidra til berekraftige løysingar. Som landets største tunnelprosjekt har vi eit stort potensial til å påverke og drive bransjen framover, og det ansvaret skal vi ta, seier utbyggingsdirektør i Statens vegvesen Kjell Inge Davik. 

Store forventningar til rådgjevarbransjen 

Statens vegvesen og Bane NOR har store forventningar til marknaden og har full tillit til at rådgjevarbransjen er rusta til å levere tilbod til det som ikkje berre er ein eksepsjonelt stor kontrakt målt i kroner og øre, men og i varigheit og omfang.

– Vi forventar at rådgjevarane tek i bruk ny teknologi og bidreg til å utfordre og forbetre  bransjen innan klima, miljø og berekraft. Med ein god rådgjevar på laget skal vi utvikle dei beste løysingane for prosjektet, og forhåpentlegvis sette ny standard for framtidas tunnelbygging, seier utbyggingsdirektør i Bane NOR Bettina Sandvin.    

Fakta om prosjektet 

Strekninga mellom Arna og Stanghelle mellom Voss og Bergen er ein viktig del av hovudkorridoren for transport mellom Bergen og Oslo, både på veg og på jernbane. I dag er veg- og jernbanestrekninga prega av låg standard, tunnelar med stort behov for vedlikehald og oppgraderingar, og skredutsette område. Det gir ein lite effektiv og føreseieleg reiseveg for trafikantar og næringsliv og store kostandar for samfunnet. I tillegg er det mange trafikkulukker. Hovudproblemet er særleg dei mange alvorlege møteulukkene. 

Prosjektet er eit fellesskap mellom Bane NOR og Statens vegvesen der veg og bane vert bygd ut samtidig, frå Arna i Bergen, til Stanghelle i Vaksdal kommune. På grunn av den vestlandske topografien med bratte fjell og djupe fjordar, skal traseen i all hovudsak verte lagt i tunnel. 

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle vil gi auka trafikktryggleik, føreseieleg transport, auka kapasitet for gods på bane og redusert reisetid.  

Slik blir ny veg og bane: 

  • Totalt 80 kilometer med tunnelar skal byggast i det som er landets største tunnelprosjekt gjennom tidene.
  • Ny E16 vert bygt som firefelts veg frå Arna til Trengereid, og vidare mot Stanghelle som tofelts veg.
  • Jernbana vert bygd som dobbeltspora tunnel mellom Arna stasjon til ny stasjon på Vaksdal, og vidare til ny stasjon på Stanghelle.
  • Byggetida er forventa å vere om lag 12 til 14 år.
  • Ein viktig del av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er anleggstunnelene og fjellhallene som, via sjakter, skal føre massane frå tunnelane til deponia i på 300 meters djup i Sørfjorden. Desse sjaktene vil bli plassert strategisk for å sikre effektiv transport av overskotsmassar frå tunnelbygginga. Sjaktene vil bidra til å redusere transportbehovet på overflata, noko som vil redusere miljøpåverknaden og trafikkbelastninga i området. Deponia i Sørfjorden er nøye utgreia og godkjent av Statsforvaltaren for å sikre at massane blir handtert på ein trygg måte og mest mogleg skånsam måte for omgjevnadene.  

Kontakter

Bilder

Illustrasjonen viser felles felles løysing  for rømming i veg- og jernbanetunnelane i prosjektet.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle har utvikla felles løysing for rømming i veg- og jernbanetunnelane i prosjektet.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Last ned bilde
Kart som viser traseen for veg og bane på i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.
Kart som viser traseen for veg og bane på i Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Last ned bilde
Illustrasjon av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Illustrasjon av Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Last ned bilde

Lenker

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye