Kvedarkvintetten presenterer første singel frå nytt album
7.2.2025 09:10:00 CET | Sounds Like Gold | Pressemelding
I dag gir vokalgruppa Kvedarkvintetten ut singelen Kvelarspringar frå sitt kommande album, Tagal.

Tagal er å tie stille, vera taus eller ordlaus, og verket utfordrar rammene for vokalmusikk ved at tekstelementa er så godt som fråværande. Verket er komponert av Jorun Marie Rypdal Kvernberg og vart urframført under Førdefestivalen i 2021. Om lag fire år etter kjem plata ut på Grappa musikkforlag med Martin Langlie som produsent.
Kvelarspringar er ein omfattande komposisjon, der Kvernberg har teke utgangspunkt i den tradisjonelle norske tretaktsdansen springar. Danserytma vert skapt gjennom eit puslespel av songmotiv som saman utgjer ein suggererande springar. Kvelarspringar tek lyttaren med frå desse fragmenterte, asymmetriske rytmepartia opp i heftig og samstemt tralling, over til eit flytande landskap med drømmande vokal. Alt dette resulterer i ein komposisjon som verkeleg lever opp til namnet sitt.
Jorun Marie Rypdal Kvernberg fortel:
“Kvelarspringaren er sterkt inspirert av tradisjonsmusikken ein finn på hardingfela. Sett ein ein finger over to strengar samstundes kallar ein det på hardingfelespråket for eit kvelartak. Dette begrepet synest eg er både brutalt, frekt og humoristisk på same tid, og dette har vore utgangspunktet for å lage ein springar som både lener seg mot tradisjonen samstundes som den freidig røsker i sjanger-rammene.“
I 2020 vart vi kontakta av Jorun Marie Rypdal Kvernberg med spørsmål om vi var interesserte i eit verk komponert til oss som kvintett, noko som sjølvsagt var veldig stas.” – fortel Kvedarkvintetten og utdjuper vidare:
“Fram til dette samarbeidet har materialet vårt hatt sitt utspring i songtradisjonen i Hallingdal, med nesten utelukkande tradisjonelt stoff, som vi har arrangert i vår eigen stil. Det å skulle tileigne seg materiale spesialkomponert til Kvedarkvintetten var både utfordrande og gav oss ny inspirasjon. Jorun Marie gav oss verket i noteform og lydopptak. Vi las og lytta, og forma det til vårt uttrykk med tralleord og rytmikk, frasering og stil. Då vi skulle spele inn Tagal, ynskte vi å vidareutvikle verket ved å gjere det meir til vårt eige og tilføre nye element. Martin Langlie kom inn i prosjektet med originale idear og brei erfaring, og samarbeidet med han var inspirerande og utviklande for oss som gruppe.“

Kvedarkvintetten er:
Silje Risdal Liahagen (vokal)
Tonje Risdal Liahagen (vokal)
Sina Myhr (vokal)
Margit Myhr (vokal)
Helga Myhr (vokal)
Nøkkelord
Kontakter
Jade Marie HasselgårdLabel Manager / A&R / Promotion
Heilo / Odin / Hubro / Simax
Bilder




Lenker
Om Grappa Musikkforlag
Grappa Musikkforlag A/S ble etablert i 1983 og er et av Norges største uavhengige plateselskap. I år 2023 har Grappa 40 års jubileum.
Grappa Musikkforlag har gitt ut over fire tusen album spredt på ulike labler. Foruten Grappa som favner viser og pop, så utgis klassisk musikk på Simax Classics, folkemusikk og verdensmusikk på Heilo, blues og country på Blue Mood og jazz på Hubro.
Grappa samarbeider med Egmont Kids Media Nordic AS om utgivelse av barnemusikk gjennom Barneselskapet. Grappa samarbeider med Norsk Jazzforum om innspilling og utgivelse av norsk jazz på Odin. Grappa har også et tett samarbeide med Rune Grammofon og Drabant Music.

Andre språk
Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold
Konradsen slipper "Live at MUNCH" før de legger ut på Norges- og Europaturne25.9.2026 09:14:17 CEST | Pressemelding
I april markerte Konradsen utgivelsen av sitt kritikerroste tredjealbum "Hunt, Gather" med en utsolgt konsert på MUNCH i Oslo. I dag slipper duoen "Live at MUNCH", som består av tre opptak fra denne spesielle kvelden, samt live-videoer filmet av den prisvinnende regissøren og filmfotografen Martin Bremnes. Lytt her.
Moddi & Kajsa Balto gir nytt liv til samisk kulturskatt25.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
'Gulndasaš' er ute nå!
Yngvil har lagd låtene hun selv kunne trengt - EP-en "PS: ikke si det til noen" er ute nå25.9.2026 09:00:00 CEST | Pressemelding
Det har skjedd mye siden visepop-artisten Yngvil skrev låtene som endte opp på debutalbumet. Hun har blitt eldre, livet har rukket å filleriste henne litt og låtskrivingen har blitt spissere og mindre naiv. På EP-en "PS: ikke si det til noen" skriver hun om sider ved nære relasjoner hun selv har savnet låter om. Lytt til "PS: ikke si det til noen" her.
RUBI hyller pappaen sin med rørende ballade - ute 25. september25.9.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Da RUBI alias Ruben Skorstad var liten, kunne pappa fikse alt. Han kunne jage bort monstrene under senga og skremme bort spøkelsene i skapet. Som voksen har Ruben derimot begynt å se mennesket bak helten og innsett at også han lever livet for aller første gang. Nå slipper RUBI «Pappas vise», en hyllest til nettopp barndomshelten sin. «Pappas vise» slippes 25. september. Lytt her.
Anna Lille - 'My Man' - ute nå!11.9.2026 10:05:24 CEST | Pressemelding
"Har du nokon gong vore saman med nokon som vennene dine hata? Då kjem du til å ELSKE denne låta!"
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom