Prion ved sporadisk skrantesjuke hos elg og hjort finst spreidd i dyrekroppen
Ein ny studie utvidar forståinga av kvar i dyrekroppen prion kan finnast hos hjort og elg med sporadisk skrantesjuke (CWD). Ved hjelp av smitteforsøk og materiale frå norske hjortedyr med denne varianten av sjukdommen, har forskarane òg vist at CWD-smitten kan overførast eksperimentelt frå muskelvev til mus.

Tidlegare har ein ikkje funne prion utanfor sentralnervesystemet hos norsk hjort og elg med sporadisk skrantesjuke. Ein ny artikkel frå Veterinærinstituttet og italienske samarbeidspartnarar viser at ein ved smitteforsøk og ein svært kjenslevare metode (PMCA - protein misfolding cyclic amplification) kan finne prion òg andre stader enn i hjernevev og ryggmerg hos desse artane. Dette er i tråd med korleis andre prionsjukdommar opptrer, som klassisk skrapesjuke hos småfe og klassisk CWD hos nordamerikanske hjortedyr, men også sporadiske prionsjukdommar, som Nor98/atypisk skrapesjuke hos småfe og storfe (atypisk BSE/ kugalskap)hos storfe. Av prionsjukdom hos dyr er det berre BSE frå storfe som har smitta til menneske.
Undersøkte vev frå muskel, nervar og lymfeknutar
I studien "Prions in Muscles of Cervids with Chronic wasting disease, Norway", har forskarane undersøkt både muskulatur, nervevev og lymfeknutar frå norske reinsdyr, hjort og elg. Ved smittsam skrantesjuke, som er funnen hos norsk villrein, var det forventa at prion opptredde spreidd. Hos elg og hjort diagnostisert med sporadisk CWD på bakgrunn av prion i hjerneprøvar, har ein tidlegare ikkje påvist prion utanfor sentralnervesystemet. Studien endrar på dette som viser at ein finn små mengder prion i muskulatur, nerve- og lymfevev.
Prion kan overførast
Prøvar frå elg viste seg òg å framkalle sjukdom hos klatremus etter at smittestoff blei sett direkte inn i hjernen på musa. Dette demonstrere at sjukdommen kan overførast, sjølv om vi reknar med at han ved sporadisk type ikkje smittar mellom levande individ. Slike gnagarforsøk blir kalla bioassays, og er måten ein skjel ulike prionstammar frå kvarandre.
Forskarane påpeikar at studien ikkje har undersøkt smitterisikoen til menneske og derfor ikkje endrar tidlegare vurderingar om at skrantesjuke er ein dyresjukdom. Den einaste publiserte artikkelen (Wadsworth et al. 2022) som har undersøkt norsk smittestoff ved humant bioassay, rapporterte inga overføring frå elg og reinsdyr til musemodellen (genmodifiserte mus som uttrykkjer menneskeleg prionprotein, PrP).
‒Funna våre, med påvising i mellom anna muskel, kan seie noko om mogleg eksponering ved konsum, men gir ikkje kunnskap om risiko for folkehelsa seier førsteforfattar bak artikkelen, Tram Thu Vuong som er forskar ved Veterinærinstituttet. ‒For slik kunnskap trengst vidare undersøkingar om desse nye CWD-stammane som er avdekte i Norden, legg ho til.
–Funn som dette understrekar betydninga av å ta fram kunnskap når ein oppdagar nye smittestoff og sjukdommar. Vidare er dette eit signal til viltforvaltninga om at ein bør ta prøvar av fallvilt, og at også kadaver av dyr med påvist sporadisk skrantesjuke bør fjernast frå naturen og destruerast, seier Jørn Våge, forskar og CWD-koordinator ved Veterinærinstituttet.
Studien "Prions in Muscles of Cervids with Chronic wasting disease, Norway" er finansiert av Veterinærinstituttet, Landbruksdirektoratet, Noregs forskingsråd og det italienske helsedepartemenetet.
Skrantesjuke (CWD)
Skrantesjuke (CWD) er ein såkalla prionsjukdom eller overførbar spongiform encefalopati hos hjortedyr. I denne sjukdomsgruppa finst òg skrapesjuke hos sau og geit, bovin spongiform encefalopati (kugalskap) (BSE) hos storfe, og Creutzfeldt-Jakobs sjukdom hos menneske.
Prionsjukdom blir kjenneteikna av feilfolda prionprotein som hopar seg opp, med ei gradvis øydelegging av hjernen som leiar til død.
Nøkkelord
Kontakter
Jørn VågeVeterinærinstituttet, CWD-koordinator
Tel:93413615jorn.vage@vetinst.noBilder
Lenker
Om oss
Veterinærinstituttet er et biomedisinsk forskningsinstitutt og Norges ledende fagmiljø innen biosikkerhet for fisk og landdyr. Helt siden opprettelsen i 1891 har vi arbeidet for å avverge helsetrusler og se helse for fisk, dyr, mennesker og miljø i sammenheng - Én helse.
Kjerneaktivitetene omfatter forskning, diagnostikk, overvåking, risikovurdering, rådgiving og formidling. Veterinærinstituttet er nasjonalt og internasjonalt referanselaboratorium.
Veterinærinstituttet er et forvaltningsorgan med særskilt fullmakt under Landbruks- og matdepartementet. Hovedkontoret ligger i Ås, øvrige kontorer i Tromsø, Harstad, Brønnøysund, Trondheim, Bergen og Sandnes.
Følg pressemeldinger fra Veterinærinstituttet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Veterinærinstituttet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Veterinærinstituttet
Slik skal pukkellaksen stoppes i Tanaelva18.6.2025 11:16:43 CEST | Pressemelding
I sommer ventes ny storinvasjon av fremmedarten pukkellaks som truer den atlantiske villaksen. For å redusere faren må fremmedarten stoppes i de store elvene som Tanaelva.
Har påvist giftstoffet fra laksedrepende alger26.5.2025 09:50:42 CEST | Pressemelding
Veterinærinstituttet har påvist giftstoffet fra algene som har tatt livet av laks på en rekke oppdrettsanlegg i Nordland og Troms de siste ukene. Analyser av vannprøver viser at dette algetoksinet er det samme som drepte millioner av laks i 2019.
Forskningsprosjekt viser tidligere fugleinfluensasmitte hos en norsk sau21.5.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
En sau som beitet blant døde og syke krykkjer under det store fugleinfluensautbruddet i Finnmark i 2023 har fått påvist antistoffer mot viruset. Dette tyder på at sau kan smittes under høyt smittepress.
Rabies påvist hos fjellrev på Svalbard9.5.2025 20:00:00 CEST | Pressemelding
Veterinærinstituttet har påvist rabies hos en fjellrev på Svalbard. Rabies er en svært alvorlig virussykdom som også kan smitte mennesker.
Norsk dyrehelse fortsatt i verdenstoppen - men presset øker24.4.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Dyrene i Norge er noen av verdens friskeste og vi har få alvorlige dyresykdommer. Men med nye sykdommer som truer er dyrehelsen vår under stadig større press.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom